Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 4. juli 2013 Vedlagt utkast til nasjonal fagplan for opplæring som petroleumslege. Vi har gått gjennom utkastet og har ingen vesentlege merknader til planen og den skisserte godkjenningsordninga.

I og med at det er ein føresetnad at kurset skal avsluttast med eksamen der eksamensordning med kriteria etc skal vera godkjent av direktoratet, bør Helsedirektoratet vurdera om det til grunn for eksamen bør vera utarbeidd nokre sett med typespørsmål som kan vera rettleiande for kursarrangørane slik at det alt frå starten ikkje blir for store sprik i nivået som blir lagt til grunn ved evalueringa av dei legane som søkjer godkjenning. Det er ikkje uvanleg at overordna myndigheit har utarbeidd slike standardar når ei offentleg godkjenning byggjer på kurs og eksamen haldne av private utøvarar, jf. til dømes båtførarprøve og maritime radiooperatørsertifikat (SOC/GOC).

Heidi Merete Rudi
fungerande direktør

Geir Sverre Braut
Assisterande direktør

 

Kopi til:
Fylkesmannen i Rogaland
Sjøfartsdirektoratet

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut