Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkeslegane har i 1999 og 2000 gjennomført tilsyn med etterlevinga av forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler, "arbeidsmiljølova" til skoleelevar og barnehagebarn. I alt gjorde fylkeslegane systemrevisjonar i 54 kommunar, fordelt på to til fire kommunar i kvart fylke. Over halvparten av kommunane mangla eit system for tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skolar.

- Der det miljøretta helsevernet i barnehagar og skolar ikkje blir tatt på alvor risikerer vi at barna vil bli skadelidande, seier konstituert helsedirektør Lars E. Hanssen. Etter Helsetilsynet si meining bør dei ansvarlege styresmaktene gjennomføre tiltak som kan styrkje miljø- og helsetilhøva i skolar og barnehagar. Sosial- og helsedepartementet bør vurdere å skjerpe forskriftskrava.

Helsedirektøren ber mellom anna departementet vurdere den retten både barn og foreldre har til å få informasjon om miljø- og helsetilhøva på skolen eller i barnehagen og retten dei har til å klage på godkjenning av skolar og barnehagar. Bakgrunnen for dette var at Helsetilsynet i samband med fylkeslegane sine tilsyn fann at rettstilstanden på dette området var uklar.

Stortinget vedtok 18. mai 2000 å be Regjeringa om å fremje eit forslag om å lovfeste arbeidsmiljøreglar for elevar og studentar. Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler mv. er den mest sentrale regelen for "arbeidsmiljøet" til barn. Det vil etter Helsetilsynet si meining vere mogleg å utvide virkeområdet for denne forskriften til å gjelde høgskolar og universitet. I denne samanhengen meiner helsedirektøren at det bør utgreiast sterkare rett til innverknad på eige "arbeidsmiljø" for barn og studentar.

Etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler mv. skulle alle skolar og barnehagar ha godkjenning av kommunen innan 31. desember 1998. Kommunen skal òg føre tilsyn med miljø- og helsetilhøva i skolane og barnehagane. Konklusjonen frå fellestilsynet er at kommunane som det var ført tilsyn med generelt var seint i gang med godkjenningsprosessen, at ikkje alle kommunane hadde sikra nødvendige faglege kvalifikasjonar ved behandling av søknader om godkjenning av skolar og barnehagar og at mange var komne kort i arbeidet med å føre eit systematisk tilsyn med miljøretta helsevern i skolar og barnehagar.

Det går fram av fellestilsynet at det er ein klar samanheng mellom det å ha manglande system for godkjenning og tilsyn og det å ikkje ha plassert ansvaret for godkjenning og tilsyn. Over halvparten av dei kontrollerte kommunane mangla eit system for tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Sosial- og helsedepartementet bør etter Helsetilsynet si meining vurdere å skjerpe krava til kommunane om å føre tilsyn med skolar og barnehagar.

Kommunane som det er ført tilsyn med vil bli følgd opp av fylkeslegane til avvika som har blitt påviste er lukka. Statens helsetilsyn har i nokre høve mynde til å gi påbod til kommunar som ikkje ser til at skolar og barnehagar etterlever krava i forskriften. Fylkeslegane vil dessutan, i samarbeid med andre regionale statlege tilsynsstyresmakter, følgje opp korleis kommunane organiserer ansvaret for oppfølging av miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Ut over dette vil Helsetilsynet nemne den satsinga som går føre seg på helsestasjons- og skolehelsetenesta. Skolehelsetenesta er m.a. tema for eit felles tilsyn som fylkeslegane er i ferd med å avslutte. Denne satsinga er viktig for den målgruppa som òg forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler mv. rettar seg mot.

For meir informasjon:
Konstituert helsedirektør Lars E. Hanssen eller Øystein Peder Solevåg.

Fylkeslegenes felles tilsyn 1999/2000 Miljørettet helsevern i barnehager og skoler Oppsummeringsrapport fra fylkeslegenes felles tilsyn.