Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Ulike fylke, ulike tannhelsetenestetilbod?

Rapport fra Helsetilsynet 8/2005
PDF

Tilbodet frå Den offentlege tannhelsetenesta til dei prioriterte gruppene, oversyn over bemanningssituasjonen og oppsummering av rapporteringa frå Helsetilsynet i fylka.

Denne rapporten er oppsummering av den tredje rapporten som Statens helsetilsyn gir ut om tannhelsetenesta i Noreg. Rapporten fokuserer hovudsakleg på omfanget av Den offentlege tannhelsetenesta til dei gruppene som tannhelsetenestelova krev at fylkeskommunen skal prioritere. Dei to tidlegare rapportane viste at det var betydelege forskjellar mellom fylka, og det gav grunn til uro for at dei prioriterte gruppene i fl eire fylke ikkje fekk det tilbodet dei har krav på. Offentleg statistikk om tannhelsetenesta viser at det framleis er store forskjellar mellom fylka:

  • Delen av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon som er under tilsyn av Den offentlege tannhelsetenesta, er 55 prosent i Aust-Agder og 99 prosent i Oppland.
  • Ein offentleg tannlege eller tannpleiar i Vest-Agder har i gjennomsnitt om lag 1400 pasientar under tilsyn. Ein offentleg tannlege eller tannpleiar i Finnmark har i gjennomsnitt om lag 550 pasientar under tilsyn.
  • Bemanningsnivået i tannhelsetenesta i Nord-Trøndelag, Oppland og Akershus er nesten likt. Delen av den vaksne befolkninga som er under tilsyn av Den offentlege tannhelsetenesta, er 14,6 prosent i Nord-Trøndelag, 6,5 prosent i Oppland og 0,3 prosent i Akershus.

Gir statistikken eit skeivt bilete av verkelegheita på grunn av feilkjelder eller ulike tolkingar av omgrepa?

Kan geografiske, administrative, økonomiske, helsemessige, sosiale eller kulturelle forhold forklare forskjellane?

Oppfyller fylkeskommunen i kvart fylke den plikta han har etter tannhelsetenestelova, overfor alle personar i dei prioriterte gruppene, eller er tilbodet ulikt – avhengig av kvar ein bur i landet?

Dette er spørsmål som Statens helsetilsyn ønskjer å greie ut om og drøfte i denne rapporten.