Hopp til hovedinnhold

Statens helsetilsyn behandla 271 saker i 2007 – 19 fleire enn i 2006. Ei sak kan resultere i fleire reaksjonar. I 2007 gav Statens helsetilsyn 183 reaksjonar, mot 184 året før. I 2007 blei 95 saker avgjort utan reaksjon, medan det i 2006 var 76 saker som blei avgjort utan reaksjon. Statens helsetilsyn har såleis behandla fleire saker, men talet på reaksjoner er om lag likt året før. Det var 70 helsepersonell som mista autorisasjonen i 2007, mot 71 i 2006.

Grunnlaget for at det blir oppretta tilsynssak er ofte klager frå pasientar og pårørande. I saker som resulterer i tap av autorisasjon kjem informasjonen ofte frå arbeidsgjevar eller  påtalemyndigheita. Også informasjon frå media, pasientombod, erstatningssaker og ulike meldingar kan danne grunnlag for tilsynssaker. Når Helsetilsynet i fylket menier at det kan vere grunnlag for å reagere mot helsepersonell, blir saka sendt til Statens helsetilsyn som har myndigheit til å gi formelle reaksjonar. Det kan vere å gje åtvaring eller ta autorisasjonen frå helsepersonellet.

Det har vore ei jamn auke i talet på reaksjonar gitt av Statens helsetilsyn dei siste åra, men i 2007 er talet på reaksjoner om lag det same som året før.

Det var 70 som mista autorisasjonen som helsepersonell i 2007, mot 71 året før. Bakgrunnen for at autorisasjonen blir kalla tilbake er også i år misbruk av rusmiddel i de fleste tilfella. At helsepersonell har innleia seksuelle relasjoner til pasientar, har også ført til tilbakekall av autorisasjon i fleire saker.

Det var 155 tilsynssaker som blei avslutta med reaksjon mot enkeltpersonell i 2007. Litt over halvparten (81) av individtilsynssakene som endte med reaksjon gjaldt legar. 54 legar fekk åtvaring og 22 mista autorisasjonen. Fem legar mista retten til å rekvirere legemiddel i gruppe A og B. Av desse fekk tre tilbakekalt sin rekvireringsrett i Noreg på bakgrunn av melding om tap av rekvireringsretten i eit anna nordisk land. 

På grunn av rusmiddelmisbruk var det 28 helsepersonell som mista autorisasjonen. Sjukepleiarar utgjer den største gruppa - 17 av dei 28 var sjukepleiarar. Atferda var årsaka til at 17 helsepersonell mista sin autorisasjon, i hovudsak gjaldt dette straffbare handlingar, som ble vurdert til å ikkje vere i semje med verksemd som helsepersonell. Sju helsepersonell mista autorisasjonen på grunn av seksuell utnytting av pasient, seks fordi dei ikkje hadde innretta seg etter tidlegare åtvaring, og sju fordi dei på førehand hadde mista annan nordisk autorisasjon som låg til grunn for den norske. Resten av autorisasjonstapa skuldast ulike alvorleige brot på helsepersonellova.

Til saman ni helsepersonell fekk autorisasjonen suspendert medan saka var til behandling. Dette gjaldt fem leger, to sjukepleiarar, ein hjelpepleiar og ein psykolog. 

Statens helsetilsyn oversendte 49 klager på vedtak til Statens helsepersonellnemnd i 2007. Av desse var det 42 klager på vedtak om administrativ reaksjon, medan dei øvrige sju klagene gjaldt avslag på søknad om ny autorisasjon eller rekvireringsrett. Av dei 49 sakene som blei oversendt i 2007 er 39 avgjort. Nemnda stadfesta Statens helsetilsyn sitt vedtak i 30 av desse sakene, og omgjorde sju vedtak. Ein klagar trakk klagen sin før den vart behandla i nemnda, og ein klage blei avvist. Nemnda avgjorde i tillegg ni saker som blei oversendt i 2006, av desse tre vedtak som blei omgjort og seks som blei stadfesta.

Statens helsetilsyn har motteke melding frå sju helsepersonell om at de gir avkall på autorisasjonen/lisensen. Fire legar har gitt avkall på rekvireringsretten for legemiddel i gruppe A og B. I fleirtallet av desse tilfella var tilsynssak allereide oppretta mot det aktuelle helsepersonellet.
I 2007 mottok Statens helsetilsyn 50 søknader om ny autorisasjon frå helsepersonell som tidlegere har mista autorisasjonen. Statens helsetilsyn gav 18 søkarar ny autorisasjon. Av desse fikk ni ein begrenset autorisasjon til å utøve verksemd under bestemte vilkår.

Statens helsetilsyn behandla 41 saker mot verksemder. Av desse fekk 28 kritikk frå Statens helsetilsyn for utilstrekkeleg intern organisering og styring. Statens helsetilsyn fatta vedtak om tvangsmulkt i ei sak på grunn av at tidligere ilagt pålegg ikkje var oppfylt. I 13 saker fann vi ikkje grunn til å gi kritikk. Det er i dei fleste tilfelle Helsetilsynet i fylket som avsluttar saker som gjeld svikt ved organisering eller styring av helsetenestene. Tallet på slike saker er derfor relativt lavt i Statens helsetilsyn i høve til det totale talet på avslutta saker.

Statens helsetilsyn samarbeider med politiet i ein del saker, mellom anna ved å gi råd om det bør iverksetjast etterforskning i ei sak eller om det er eit straffbart brot på helselovgjevinga. Etter førespurnad frå politiet gav Statens helsetilsyn slike rådgjevande fråsegner i åtte saker. Statens helsetilsyn har også myndigheit til å krevje påtale, og dette blei gjort i ni saker. I to saker der politiet ba Statens helsetilsyn om å vurdere om saken burde påtalast, konkluderte Statens helsetilsyn med at det ikkje var grunnlag for å krevje påtale mot helsepersonellet eller verksemda. Statens helsetilsyn melde fire helsepersonell til politiet på bakgrunn av mistanke om lovbrot.

I 2007 mottok Statens helsetilsyn 215 nye saker til behandling, mot 259 i 2006. Median saksbehandlingstid i 2007 var 5,5 måneder, og medianen har gått noko ned frå 2006 (seks månader). Statens helsetilsyn har i 2007 fokusert på å avslutte dei eldste sakene. Per 31. desember 2007 var 99 tilsynssaker til behandling i Statens helsetilsyn, mot 150 året før. 

Tabell 1 - Reaksjonar fordelt på åra 2002 til 2007

Tabell 1 - Reaksjonar fordelt på åra 2002 til 2007
  Reaksjon Ingen reaksjon
2002 102 71
2003 125 55
2004 148 101
2005 168 87
2006 184 76
2007 183 95

Tabell 2 - Reaksjonar frå Statens helsetilsyn mot helsepersonell 2007 – tal for 2006 i parantes

Tabell 2 - Reaksjonar frå Statens helsetilsyn mot helsepersonell 2007 – tal for 2006 i parantes
  Åtvaring Tap
autorisasjon/
lisens
Tap
rekvireringsrett
Avgrensa
autorisasjon/
lisens
Lege 54 (51)  22 (21) 5 (2) 0 (5)
Tannlege 3 (4) 1 (3) 0 (0) 0 (0)
Psykolog 3 (2)  2 (4)   0 (0)
Sjukepleiar 6 (8)  28 (24)    3 (1)
Hjelpepleiar 1 (2) 13 (11)   0 (1)
Vernepleiar 1 (0)  1 (2)   0 (1)
Jordmor 1 (0)  0 (0)   0 (0)
Fysioterapeut 5 (1)  0 (0)   0 (0)
Andre grupper 2 (3)  3 (6)   0 (0)
Uautoriserte 1 (1)       
Totalt 77 (72) 70 (71) 5 (2) 3 (8)

Tabell 3 - Årsak til tilbakekall av autorisasjon fordelt på helsepersonellgruppe 2007 – tal for 2006 i parantes

Tabell 3 - Årsak til tilbakekall av autorisasjon fordelt på helsepersonellgruppe 2007 – tal for 2006 i parantes
  Sjuke-pleiar Hjelpe-pleiar Lege Andre Sum      
Rus 17 (19) 5 (3) 4 (7) 2 (5) 28 (34)
Sjukdom 0 (1) 0 (0) 1 (3) 0 (1) 1 (5)
Seksuell utnytting av
pasient
2 (0) 1 (3) 3 (0)  1 (2) 7 (5)
Atferd 4 (2) 7 (5) 4 (3) 2 (4) 17 (14)
Uforsvarligheit 0 (1) 0 (0) 2 (3) 1 (1) 3 (5)
Ikkje innretta seg
etter åtvaring
0 (0) 0 (0) 5 (2) 1 (1) 6 (3)
Mista i utlandet 5 (1) 0 (0) 2 (3) 0 (0) 7 (4)
Anna (0) (0) 1 (0) 0 (1) 1 (1)
Sum 28 (24) 13 (11) 22 (21) 7 (15) 70 (71)