Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

1. Innleiing

2. Omtale av verksemda

3. Gjennomføring

4. Kva tilsynet omfatta

5. Funn

6. Vurdering av styringssystemet

7. Regelverk

8. Dokumentunderlag

9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Tilsynet med Vaksdal kommune 7. og 8. september er del av fylkesmannens tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i 2017. Denne rapporten gjer greie for funn på områda det blei ført tilsyn med.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for og følgjer med på at personar med utviklingshemming, 18 år og eldre som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift. Tilsynet er avslutta.

Torill Vebenstad
revisjonsleiar

Anne Grete Robøle
revisor

 

Dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

1. Innleiing

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 12-3.

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Vaksdal kommune.

Formålet med tilsynet er å vurdere om kommunen ved si styring og leiing sikrar at krav i lovgjevinga blir etterlevde. Ved tilsynet undersøkte vi

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om funn ved tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Organiseringa i eining Helse og omsorg i Vaksdal kommune er endra frå medio juni 2017. Ny leiing på alle nivå og ny møtestruktur i eininga er ikkje heilt på plass.

Rådmannen styrer tenestene i line til einingsleiar for helse og omsorg og vidare til avdelingsleiar for Helsehus som har ansvar for heimebaserte tenester og tenestene i Elvevegen. I stab hjå einingsleiar ligg Forvaltningskontoret som fattar vedtak på tenester. Bueining for funksjonshemma, Elvevegen gir tenester til vaksne personar med utviklingshemming som bur i bufellesskapet og til dei som bur i eigne bustader andre stader i kommunen. Bueininga er organisert med fast personale og eigen gruppeleiar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 8. mai 2017.

Formøte blei gjennomført 15. juni 2017.
Svar på kartlegging om legemiddelhandtering blei motteke 10. juli 2017.

Opningsmøte blei halde 7. september
Intervju: 8 personar blei intervjua.
Samtalar med brukarar blei gjennomført 7. september.
Stikkprøver: Journalar og brukarpermar, referat frå møter med meir, sjå kapittel 8. Sluttmøte blei halde 8. september.

Oversikt over deltakarar ved tilsynet, dokument som vi fekk tilsendt på førehand og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Vi har undersøkt om kommunen ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, følgjer med på og om nødvendig gjennomfører endringar slik at personar med utviklingshemming får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Tilsynet omfatta:

  1. Gjennomføring av personleg assistanse, avgrensa til:
    o Tilsyn og hjelp til å vareta eigenomsorg
    o Hjelp til aktivisering
    o Opplæring i daglege gjeremål, personleg stell og eigenomsorg
  2. Helsetenester i heimen og tilgjenge til medisinsk undersøking og behandling, avgrensa til:
    o Legemiddelhandtering, istandgjering og utdeling
    o Oppfølging etter legebesøk og oppfølging for å vurdere nødvendig helsehjelp hos lege
    o Helsehjelp ved akutte tilstandar
    o Kommunens medverknad til at brukar kjem i kontakt med og blir følgd til fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta
    o Hjelp ved legebesøk til å formidle opplysningar som legen treng for å gi helsehjelp
    o Formidling av informasjon frå legebesøk tilbake til dei som gir helsetenester i heimen til brukaren.

I tilknyting til kvart tema undersøkte vi også korleis kommunen har lagt til rette for og varetek brukarens rett til informasjon og medverknad. Vi undersøkte og om kommunen etterspør politiattest ved tilbod om stilling.

Tilsynet omfatta ikkje tenester som blir gitt med bruk av tvang og makt, praktisk bistand hushald, brukarstyrt personleg assistanse, helsehjelp ved legevakt og tannhelsetenester. Om fastlege og spesialisthelsetenesta gir forsvarleg helsehjelp og om fastlegen gjennomfører regelmessig helsekontroll av brukarane, var heller ikkje del av tilsynet.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt brot på krav i lov og forskrift.

6. Vurdering av styringssystemet

Den som har det overordna ansvaret for verksemda skal sørgje for at det blir sett i verk og ført systematisk styring i tråd med forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten. Styringssystemet skal vere eit effektivt verktøy som skal passe best mogeleg til den einskilde verksemda. Krava i forskrifta §§ 6-9 er minimumskrav.

Ved tilsynet var organisatoriske endringar i Helse og omsorg nyleg gjennomført. Ei av dei sentrale oppgåvene i ny organisasjon vil vere å evaluere tiltak/tenestetilbod til brukarane og følgje med på at tilsette har kompetanse som dekkjer behova.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr.792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2012 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

>8. Dokumentunderlag

Opplysningar mottekne frå Vaksdal kommune:

  • E-brev motteke 7. juli 2017 vedlagt
  • Organisasjonskart for Vaksdal kommune, gjeldande frå 10.07.2017
  • Organisasjonskart for helse og omsorg
  • Oversikt over tenestestader
  • Oversikt over leiarar og tilsette i tenester til personar med utviklingshemming
  • Stillingsomtalar
  • «Til deg som jobbar i Elvevegen!», datert 20.04.2014
  • Fokusområde for opplæringsansvarleg, datert 11.05.2011
  • Rutiner for helse og omsorgstenestene i Vaksdal kommune, datert 14.11.2012
  • Plan for ReHabiliteringsarbeidet i Vaksdal kommune 2012 – 2016
  • Prosedyre for avvikshandtering i bueining for funksjonshemma, datert 27.06.2017
  • Bemanningsplan/oversikt over antall personale og kva utdanning det ulike personale har på kvar vakt i bueining for funksjonshemma for 2017
  • Driftsturnus frå 06.03.2017, samt turnus for påske 2017
  • Retningslinjer for legemiddelhandsaming, juni 2016

Ikkje offentleg, jf offl § 13 jf fvl § 13:
Saksutgreiingar og vedtak om tildeling av tenester

Dokumentasjon som blei motteke under tilsynet:

  • Samandrag av einingsrapport frå Heimetenesta, 1. kvartal 2017
  • Rådmannen si internkontroll, heimetenestene 2016
  • Registrerte avvik i heimetenesta 1. kvartal 2017
  • Oversikt mål og måloppnåing/tenesteproduksjon i Heimetenesta 2017 – tertial

Stikkprøver

  • 6 pasientjournalar
  • 6 brukarpermar
  • Vaktplan/Arbeidsliste
  • Prosedyreperm
  • Kvitteringslister for istandgjort og utdelt medisin
  • Individuelle planar

Korrespondanse mellom Vaksdal kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 8. mai 2017 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev frå Vaksdal kommune 8. juni 2017 om kven som er kommunens kontaktperson og kven som deltek på formøte
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 26. juni 2017, kartlegging av legemiddelhandtering
  • E-brev frå Vaksdal kommune 7. juli 2017, dokumentasjon som vi har bedt om, samt svar på kartlegging av legemiddelhandtering
  • Brev frå Vaksdal kommune motteke 10. juli 2017, dokumentasjon som vi har bedt om
  • E-brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Hordaland 8. august 2017, oversending av program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Nann

Funksjon / stilling

Formøte

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anne Marit Medhus Lie

Saksbehandlar, Forvaltningskontor

   

X
på telefon

 

Odd Kristian Nilsen

Pleiemedarbeidar

 

X

X

 

Anne Lene Fossmark

Barne- og ungdomsarbeidar

 

X

X

 

Kristina Straume

Vernepleiar

 

X

X

 

Kjartan Dale

Ass. avdelingsleiar/ fagansvarleg

 

X

X

X

Maren Thorkildsen

Avdelingsleiar

X

X

X

X

Silje-Iren Netteland Olsen

Einingsleiar, helse og omsorg

X

X

X

 

Solrun Hauglum

Kommunalsjef, helse og omsorg

   

X

X

Sigrunn S. Vik

Leiar Helsehus, helse og omsorg

 

X

 

X

Åse Elin Myking

Konstituert rådmann

 

X

   

Frå Fylkesmannen deltok:
Ørjan Moldestad, seniorrådgjevar
Reidun Våge Danielsen, seniorrådgjevar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar

Gå til toppen