Framstillinga her omfattar ikkje fylkesmennene som tilsynsmyndigheit for sosialtenesta frå 2003 og barneverntenesta frå 2010.
Organisasjonshistorie
Lenkeliste
Helsedirektørar
Statens helsetilsyn har røter tilbake til 1809, då Det norske sundhedskollegiet blei oppretta. Dei neste 140 åra gjekk den sentrale helseadministrasjonen gjennom fleire omorganiseringar, og var gjennom åra under ulike departement. Det var organisert dels innanfor, dels utanfor det aktuelle departement. Medicinaldirektørembedet blei oppretta i 1875 og Medicinaldirektoratet i 1891.
1945: Ei ny omstrukturering av den sentrale helseadministrasjonen fann stad i 1945, då Helsedirektoratet blei etablert. Karl Evang, som var utnemnd til helsedirektør i 1938, var arkitekten bak denne omstruktureringa. Helsedirektoratet representerte ei samanslåing av departementsavdelinga for medisinalsaker og det utanforståande Medicinaldirektoratet, og var organisert som eit direktorat innanfor Sosialdepartementet. Helsedirektøren kom då til å forene funksjonane til den tidlegare ekspedisjonssjefen og den tidlegare medisinaldirektøren.
1983: Ved kgl. res. av 23. november 1983 blei Helsedirektoratet skild ut frå Sosialdepartementet som eit frittståande fagdirektorat. Samstundes blei det oppretta ei helseavdeling i departementet. Helsedirektoratet blei omorganisert internt, fagkontora blei nedlagde og erstatta av fem avdelingar leia av avdelingsdirektørar.
1989: Intern omorganisering av Helsedirektoratet frå 1. januar 1989. Talet på avdelingar blei oppretthalde, men med gjennomgripande endringar. Det ble mellom anna oppretta ei avdeling for helserett og ei avdeling for førebyggjande arbeid.
1990: Sosialdepartementet begynte ein gjennomgang av heile den statlege helseforvaltning.
1992: Regjeringa gjorde i Ot. prp. nr. 43 (1991-92) framlegg om å leggje ned Helsedirektoratet og opprette tre kompetansesentre som skulle ta over oppgåvene til direktoratet og dei statlege helsefaglege institusjonane. Stortinget følgde ikkje forslaget, men vedtok at Helsedirektoratet skulle omorganiserast og endrast til Statens helsetilsyn. Stortinget la særleg vekt på tilsynsoppgåvene og arbeidet med rettstryggleiken i helsetenesta.
1994: Stortinget sitt vedtak frå 1992 blei gjennomført frå 1. januar 1994. Frå same dato blei forvaltningsansvaret for underliggjande institusjonar (unnateke fylkeslegane) overført til Sosial- og helsedepartementet. Ny avdelingsstruktur blei satt i verk frå april 1994.
2002: Frå 1. januar 2002 fikk Statens helsetilsyn mindre omfattande saksområde. Tilsynsprofilen blei styrka, medan statlege handlingsplanar og mange forvaltningsoppgåver m.m. blei overført til det nye Sosial- og helsedirektoratet.
Helsetilsynet blei frå same dato organisert med helsedirektøren og tre avdelingar: avdeling for tilsynssaker, avdeling for planlagt tilsyn og avdeling for fellestenester. Fylkeslegane var fortsatt underlagt Statens helsetilsyn.
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, som blei oppretta 1. januar 2001 som organ under Helsetilsynet, fekk frå 1. januar 2002 Sosial- og helsedirektoratet som overordna.
2003: Fylkeslegane blei frå 1. januar 2003 integrert i fylkesmannsembeta, men i tilsynssaker opptrer tilsynsmyndigheita som "Helsetilsynet i Finnmark" osv. og er direkte underlagt Statens helsetilsyn, dvs. at fylkesmannen ikkje kan instruere i desse sakene. "Helsetilsynet i fylket" i lovgjevinga tredde i kraft 1. september 2003.
Statens helsetilsyn fekk overordna ansvar for tilsyn med sosialtenesta frå 1. januar 2003, der tilsynet i fylka blir ført av Fylkesmannen.
Helsedirektørtittelen i lova blei endra til direktør for Statens helsetilsyn.
2009: Statens helsetilsyn blir tilsynsmyndighet etter helseforskningsloven, som trådte i kraft 1. juli 2009.
2010: Statens helsetilsyn blir overordna tilsynsmyndigheit for barnevern, og for tenester etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga, som trådte i kraft frå 1. januar 2010.
Etter avtale mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Forsvarsdepartementet fekk Statens helsetilsyn også ansvar for tilsyn med helsetenester til personell i Forsvaret sine utanlandsoperasjonar.
- Spesialisering og profesjonalisering. En beretning om den sivile norske helseforvaltnings utvikling fra 1809 – 2009. Del 1 1809-1983 – Den gamle helseforvaltning. Av Ole Berg.
(Rapport fra Helsetilsynet 8/2009)
Les mer og last ned rapporten
- Hans Petter Schjønsby: Sundhedscollegiet 1809-1815. Det første sentrale administrasjons- og tilsynsorgan for helsevesenet i Norge
(Rapport fra Helsetilsynet 1/2009)
Les mer og last ned rapporten
Ludvig Wilhelm Dahl (1826-1887)
Dahl var den første medisinaldirektøren i landet, frå embetet blei oppretta i 1875 til 1887. I heile karrieren arbeidde han mykje med tilhøva for sinnslidande. I hans tid låg embetet i departementet – eige direktorat kom først i 1891.
Michael Holmboe (1852-1918)
Holmboe var fødd i Troms. Han tok medisinsk embetseksamen i 1876, var fylkeslege i Sør-Trøndelag 1891-93 og medisinaldirektør 1894-1918. Han gjennomførte fleire reformer, og medverka mellom anna til den nye tuberkuloselova.
Harald Mathias Gram (1875-1929
Gram var fødd i Drammen og utdanna lege. Han var dosent i bakteriologi ved Universitetet i Oslo 1915-19, medisinaldirektør 1919-26 og stadsfysikus i Oslo 1926-29.
Karl Wilhelm Wefring (1867-1938)
Wefring var medisinaldirektør 1927-30. Wefring var «Overlege for statens sinnssykevesen» (stilling i Medisinaldirektoratet) frå 1919 til 1927, og direktør ved Rikshospitalet 1930–1937. Han var også forsvarsminister fire gonger, ordførar, stortingsrepresentant og president for Den norske legeforening.
Nils Peter Laberg Heitman (1874-1938)
Heitman var fødd i Bergen. Han tok medisinsk embetseksamen i 1900, var overlege for tuberkulosevesenet frå 1914 og medisinaldirektør frå 1930 til 38.
Karl Evang (1902-81)
Evang var fødd i Oslo og lege. Han var helsedirektør frå 1938 til 1972 og gjesteprofessor i sosialmedisin ved Universitetet i Tromsø 1972-73. Evang var ein pionér innan helseopplysning. Han var hovudredaktør av Populært tidsskrift for seksuell opplysning i 1930-årene (tidsskriftet kom ut i bokform i 1947 og 1951). Dessutan skreiv han ei lang rekkje bøker om helsepolitiske spørsmål, og publiserte fleire vitskapelege arbeid. Han skreiv mellom anna mykje om offentleg helsevesen, fødselsregulering, yrkessjukdommar og narkotika, og var redaktør av verk som Huslegen (1953, rev. utg. 1962), Norsk medisinsk ordbok (7. utg. 1968) og Helse og samfunn (1974). Evang var blant initiativtakarane til Verdens helseorganisasjon (WHO). Han var president for organisasjonen si 2. hovudforsamling i 1949, og i ein periode var han formann for organisasjonen sitt styre. I 1951 var han formann for ein komité oppnemnd av FN for organisering av helsearbeidet i Israel. Han var blant dei første som så farane ved det gryande narkotikamisbruket i Noreg i byrjinga av 1960-åra, og gjekk sterkt inn for å motarbeide dette misbruket og for å organisere behandling av misbrukarane.
Torbjørn Mork (1928-1992)
Mork voks opp i Odda, og tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1954. Deretter arbeidde han ved Aust-Agder sentralsykehus og ved Haukeland sykehus, før han blei assistentlege ved Gades institutt i 1958. Mork tok etterutdanning i medisinsk statistikk og epidemiologi i London 1958-60. Han var avdelingslege ved Kreftregisteret fra 1958 og fra 1966 assisterende overlege. Mork hadde mange offentlege verv. Han var viseformann i styret for Verdens helseorganisasjon fra 1979 til 1982, og var medlem av narkotikakommisjonen til FN 1980-82. Han hadde ei høg stjerne i internasjonalt helsearbeid, og var ein viktig formidlar av medisinsk informasjon inn og ut av Noreg. Torbjørn Mork gjorde ein aktiv innsats for å betre svake grupper si stilling i samfunnet. Han arbeidde mellom anna for å auke pasientane sin rettstryggleik. Han var engasjert i etiske spørsmål, både innanfor forsking og i samband med prioritering av ressursar innanfor helsetenestene. Han var statssekretær i Sosialdepartementet fra 1971 til 72, og helsedirektør frå 1972 og fram til han døydde i 1992.
Anne Alvik (1937-)
Anne Alvik blei fødd 7. mai 1937 i Namsos. Ho tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo 1962. Etter turnustenesta var ho sjukehuslege i to år, og arbeidde etter det ei årrekkje i ulike legestillingar i primærhelsetenesta. Frå 1977 til 1982 var ho assisterande overlege i Helsedirektoratet, 1982-85 assisterande fylkeslege i Akershus. Ho har Master of Science i Community Medicine ved London School of Hygiene and Tropical Medicine 1980, leiaropplæring ("Solstrandkurset") ved Administrativt forskningsfond 1983-84. Alvik er spesialist i samfunnsmedisin 1985. Ho var medlem i kommunestyret i Ås og fylkestinget i Akershus for Det Nye Folkepartiet 1975-79, og gruppesekretær for partiet i Stortinget 1975-76. Vidare hadde ho sentrale tillitsverv i Den norske lægeforening 1981-85 og blei utnemnd til medisinalråd/assisterande helsedirektør i 1985. Alvik var helsedirektør 1992-2000 og har vore medlem i fleire offentlege råd og utval, m.a. Hovudkomitéen for norsk forsking, Grøholtutvalet om forskningsrådsstrukturen og områdestyret for Medisin og helse i Noregs forskingsråd. Ho har og vore leiar av aksjonskomitéen ved atomulykker 1986-92, samt delegat til Europarådets Public Health Committee 1988-92, delegat til Verdens helseorganisasjon (WHO) 1990-2000 og styremedlem i WHO 1997-2000.
Lars E. Hanssen,
helsedirektør frå 2000, er omtala med CV under Presse.