Helsetilsynsloven seier i § 1 fjerde ledd andre punktum:
”Statens helsetilsyn kan gi den enkelte fylkesmann oppgaver som omfatter et større geografisk område enn eget fylke.”
I tilsynet med helseføretak som dekkjer fleire fylker samarbeider fylkesmennene. Slik ønskjer tilsynsmyndigheitene å opptre samla ovanfor dei som tilsynet rettar seg mot.
For kvar helseregion er Fylkesmannen i eitt av fylka i regionen utpeika som kontaktfylkesmann med oppgåve bl.a. å samordne kontakten med det regionale helseføretaket (RHF). Kontaktfylkesmennene er:
Nord: Fylkesmannen i Troms
Midt-Norge: Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Vest: Fylkesmannen i Hordaland
Sør-Øst: Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Enkelte helseføretak dekkjer meir enn eitt fylke (fylkesovergripande helseføretak). Fylkesmannen i eitt fylke har fått ansvar for tilsyn med helseføretaket (eitt helseføretak – ein tilsynsmyndigheit). Fordelinga er slik:
Dei involverte fylkesmennene har begge eit ansvar for at tilsynet framstår samordna og harmonisert.