Frist for å sende inn forslag til kandidatar er 23. august 2013.

Prisen er på kr. 50 000.

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold.

Karl Evang-prisen for 2013 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje

  • folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne
  • rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
  • opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.

Prisen blir delt ut i samband med Staten helsetilsyn sitt årlege Karl Evang-seminar torsdag 17.oktober. 

Komiteen som vél prisvinnar består av:
professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad
professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim
høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo
seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Skriftleg søknad med grunngjeving kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjonar til: 

evangprisen@helsetilsynet.no

eller til:

Statens helsetilsyn
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo.

Gå til toppen