Kor har det svikta? Kor alvorleg er det? Kven har ansvaret for å rette opp feila? No kan du få svaret i Tilsynsmelding 2014.

Helsetilsynet gjev i tilsynsmeldinga eit oversyn over saker som er sentrale for sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenester og for den offentlege debatten om tenestene.

Dette er ei årleg melding frå Statens helsetilsyn og ho speglar aktiviteten og verksemda vår i fjoråret.

Tilsynsmeldinga vert sendt ut i eit stort opplag til verksemder, administratorar, beslutningstakarar og andre med ansvar for barnevern-, sosial- og helsetenestene.

Der det ved tilsyn blir påvist avvik frå lovgjevninga, skal desse lovbrota rettast av dei som er ansvarlege for tenestene.

Tilsynsmelding 2014 (pdf)

Meny for tilsynsmelding. Inneheld også alle artiklane frå tilsynsmeldinga enkeltvis.

Gå til toppen