Hopp til hovedinnhold

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne. 

I forbindelse med utdeling av Karl Evang-prisen heldt Statens helsetilsyn i åra 2002–2013 opne seminar som skulle bidra til å skape debatt og engasjement rundt eit aktuelt tema i Karl Evang si ånd og med relevans for Statens helsetilsyn sitt arbeid.