Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn og fylkesmennene gjennomførte i 2009–2012 ei større satsing på tilsyn med tenester til eldre. Satsinga omfatta både kommunale tenester og spesialisthelsetenester, og ulike tilsynsmetodar vart brukt.

Denne rapporten gir ei samla oversikt over alle aktivitetane som har vore gjennomførte innanfor denne satsinga. Likevel blir dette berre nokre kikhol inn i eit mangfald av aktivitetar. Satsinga har utløyst eit stort engasjement frå fylkesmennene både i planlegginga og gjennomføringa.

Rapporten er bygd opp som ei samling med artiklar. Artiklane gjer greie for funn og erfaringar frå kontrollaktivitetar og skildrar dei arbeidsformene og tilnærmingsmåtane som tilsynsorganet har brukt i satsinga.

Statens helsetilsyn håper artiklane kan stimulere til samtalar og diskusjonar hos tenesteleverandørar om kva som skal til for å byggje solide tenestetilbod til skrøpelege eldre. Vi håper at rapporten også kan medverke til ein opplyst og nyansert debatt om tilsyn som bidrag til forbetringsarbeid i helse- og omsorgstenesta.

Oppsummering av satsinga på tilsyn med helse- og omsorgstenester til eldre 2009–2012 (pdf) Rapport fra Helsetilsynet 1/2014.

Oppsummering av satsinga på tilsyn med helse- og omsorgstenester til eldre 2009–2012
Sammendrag og enkeltartikler i pdf. Rapport fra Helsetilsynet 1/2014