Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Mangelfull kunnskap, summarisk saksbehandling og manglande involvering fører til unødvendig høg tvangsbruk. Fylkesmannens bruk av verkemiddel og aktivitet er utilstrekkelege i forhold til oppgåva.

I rapporten som ligg ved, er vurderingane av alle dei 14 involverte verksemdene samla. Seks av dei har brote ei eller fleire lovbestemmingar. 

Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Troms har samarbeidd om tilsynet. Dei aktuelle verksemdene må lage ein plan for å rette påpeikt svikt innan 1. november 2016.

Tilsynsrapport «Dei forsto meg ikkje», 19. september 2016, Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Troms.

Saka til Ida er kjent frå ein reportasje i Stavanger Aftenblad 30. januar 2016.