Hopp til hovedinnhold

IllustrasjonstegningBarn har rett til ein god levestandard
Ifølgje artikkel 27 i barnekonvensjonen har barn rett på ein levestandard som er tilstrekkeleg for den fysiske, psykiske, andelege, moralske og sosiale utviklinga deira. Føremålsparagrafen i sosialtenestelova slår fast at lova skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Barneperspektivet i Nav handlar om at ein skal ta særleg omsyn til barn sine behov i alle vurderingar som gjeld tenestemottakarar som har barn. 

Likevel viser gjennomgangen barn som over tid lever under særleg dårlege kår. Mange av familiane får stønader frå Nav, men det er ofte barnevernstenesta som tek ansvaret for å følgje opp dei velferdsutfordringane foreldra har. Ingen av sakene viser at Nav og barnevernet har samarbeidd for å gi familiane eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Fattigdom og dårlege butilhøve pregar kvardagen til barna
Mange av foreldra er utan arbeid og inntekt, dei har dårleg økonomi og tek imot offentlege stønader. Butilhøva er ofte svært dårlege. Det er døme på barn som bur utrygt, med dører som ikkje kan låsast eller vindauge som er øydelagde. Somme bur i hytter eller campingvogner. Andre familiar er utan fast bustad og flyttar rundt hos slekt og venner. Einskilde foreldre har så dårleg buevne at det fører til helseskadelege butilhøve. Nokre familiar lever under eit konstant trugsmål om å bli kasta ut, fordi husleiga ikkje blir betalt. 

Gjennomgangen viser at årsakene som ligg bak dårlege levekår, ofte er komplekse og samansette. Mange av foreldra har dårleg psykisk helse eller rusproblem. Mange har sjølve vore utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt – eller er domfelte for slike forhold. Foreldra har ofte eit stort behov for hjelp til å løyse eigne utfordringar. 

Problema til foreldra skyggjer for behova til barnet 
Behova til barnet skal vere det sentrale i ei barnevernssak, men mange barnevernstenester tek på seg Nav sitt ansvar for å hjelpe dei vaksne i familien. Heilt konkret kan dette dreie seg om at barnevernstenesta legg til side ei alvorleg uro for at barnet blir utsett for vald i heimen, og i staden brukar tida på å redde familien frå å bli kasta ut frå bustaden sin. Følgjene blir at barnet sine behov ikkje blir det sentrale i barnevernssaka.

Det går sjeldan fram av barnevernssaka kvifor foreldra ikkje får hjelp frå Nav til å løyse desse problema. Vi veit ikkje om det kjem av at foreldra har fått avslag på hjelp, eller fordi barnevernet ikkje tenkjer at Nav kan vere ein viktig ressurs.

Meir samarbeid mellom barnevernet og Nav om utsette familiar
Barnevernet har ikkje verkemidla til å løyse den samansette problematikken i familiane åleine. Det er nødvendig med tverrfagleg innsats slik at vaksentenestene handterer problema til dei vaksne. Noko av det viktigaste Nav kan gjere for å styrke barneperspektivet, er å syte for at oppfølginga av utsette barnefamiliar er del av eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod. Det kan medverke til at barnevernstenesta i større grad kan rette kompetansen og innsatsen sin mot barna sine behov.pynteprikk

Referansar

1 Det å reise vasker øynene. Gjennomgang av 106 barnevernsaker. Rapport fra Helsetilsynet. Oslo: Statens helsetilsyn, 2019.