Hopp til hovedinnhold

Sjølv om mange unge med barnevernserfaring greier seg bra, viser forsking at på gruppenivå kjem dei dårlegare ut enn andre på viktige område som utdanning, inntekt og arbeidsdeltaking. Sjølv om dette jamnar seg noko ut etter kvart, dreg mange med seg utfordringar resten av livet. Ei undersøking (1) har vist at berre fire av ti personar med barnevernserfaring i aldersgruppa 30-42 år hadde fullført vidaregåande utdanning, medan i kontrollgruppa hadde meir enn åtte av ti gjort det same. Forskinga har òg vist at dei som tek imot ettervern, greier seg betre enn dei som ikkje gjer det.

Lovbrot i to av tre tilsyn
På oppdrag frå Statens helsetilsyn utførte fylkesmennene tilsyn med ettervern og samarbeid mellom barnevernet og Nav som tema. Det var eit tredelt tema for tilsynet:

  • om barnevernet førebudde, gjennomførte og avslutta ettervern på ein forsvarleg måte
  • om Nav sytte for forsvarlege kartleggingar og individuelt tilpassa tenester for unge som har hatt barnevernstiltak
  • om dei to tenestene samarbeidde og samhandla på ein forsvarleg måte

Brukarmedverknad blei undersøkt i alle del-tema. Fylkesmannen hadde samtalar med unge som hadde tenester/tiltak frå Nav og/eller barnevernteneste, for å få vite korleis dei fekk medverke i praksis.

Helsetilsynet hadde per 19.12.2019 teke imot 24 rapportar frå tilsyn utført av fylkesmennene. Denne artikkelen gir ei oppsummering på grunnlag av desse rapportane.

Fylkesmennene har påpeikt lovbrot i 16 av dei 24 tilsyna, det vil seie i 2/3 av tilsyna. Lovbrota gjeld forhold i barnevernet og/eller i Nav, og samarbeidet mellom desse tenestene. I åtte tilsyn er det ikkje funne lovbrot. Fylkesmennene følgjer opp verksemdene til lovbrota er retta opp.

Svikt i medverknaden frå dei unge og samarbeidet mellom tenestene
Begge tenestene er pålagde å syte for at ungdommane får ein reell medverknad. Ein skal hente inn, vurdere og leggje vekt på synspunkta til dei unge i alle avgjerder som gjeld han/henne.

Dei ungdommane fylkesmennene snakka med, var generelt nøgde med måten dei blei følgde opp på, men det var òg mange døme i rapportane på at dei unge opplevde at barneverntenesta og Nav ikkje var så tilgjengelege som dei kunne ønskje. Dei formidla at oppfølginga var avhengig av person, at det var vanskeleg å få tak i rettleiaren/kontaktpersonen, og at det tok lang tid før nokon ringte tilbake etter at dei hadde prøvd å få tak i vedkomande. Somme sakna meir informasjon om kva som skulle skje. Somme opplevde òg at Nav ikkje kjende godt nok til situasjonen og behova deira.

Det er krav om at sosiale tenester i Nav og barneverntenesta skal samarbeide, både i konkrete einskildsaker og generelt. Fleire av lovbrota handla om samarbeidet mellom tenestene. Lovbrota gjaldt både manglande samarbeid i einskildtilfelle og manglande styring og tilrettelegging av samarbeid meir generelt. I eitt av tilsyna konkluderte fylkesmannen med at: «Nav-kontoret og barneverntenesta [ikkje] samarbeider slik at ungdom med barnevernserfaring får heilskaplege og tilpassa tenester frå Nav-kontoret og barneverntenesta».

Barnevernet svikta på alle dei undersøkte delområda
I ti av rapportane blei det påpeikt lovbrot på barnevernsområdet. Samla sett fann fylkesmennene lovbrot på alle dei undersøkte delområda, dvs. korleis barneverntenesta førebur, vurderer behovet for, og følgjer opp og avsluttar ettervernet.

Barnevernet skal i samarbeid med den unge byrje å planleggje ettervernet i god tid før han/ho fyller 18 år. Avslutning av ettervern eller avslag på søknad om ettervern er eit einskildvedtak som skal grunngjevast og som det er høve til å klage på. Unge som først har takka nei, kan ombestemme seg seinare og be om ettervern frå barnevernet inntil dei har fylt 23 år. Retten til ettervern gjeld uansett om ungdommen har budd i fosterheim eller institusjon, eller om han/ho har hatt hjelpetiltak heime.
Det er påpeikt lovbrot når det gjeld informasjon om ettervern til dei unge, særleg til dei som har hatt frivillige hjelpetiltak. Òg når det gjeld oppfølging, evaluering og avslutning av ettervernet, er det påpeikt lovbrot. Fleire av rapportane viser til at ungdom som har takka nei til ettervern, ikkje blir kontakta i ettertid eller gitt høve til å ombestemme seg.

I ein rapport skreiv fylkesmannen at bydelen hadde utarbeidd nye og reviderte rutinar for arbeidet med ettervern etter at tilsynet var varsla. Rutinane for samarbeidet mellom barneverntenesta og Nav blei reviderte samtidig. Under tilsynet blei det avdekt at dei nye rutinane var lite kjende og lite brukte i det daglege arbeidet. Det er positivt at verksemda tek tak og starter endringsarbeidet, men nye skriftlege rutinar er ikkje det same som endra praksis.  Rutinar og styring er ikkje noko som verksemda får på plass med skippertak eller noko som verksemda har i eit kvalitetssystem eller ein perm, men kva verksemda gjer i praksis over tid.

Nav sikrar ikkje god nok kartlegging og individuell vurdering
I elleve av tilsyna blei det påvist lovbrot på sosialområdet. Her òg finst det døme på lovbrot på alle delområda for tilsynet.

Nav skal gi tilpassa og tilstrekkeleg informasjon, kartleggje situasjonen og behovet for tenester og vareta medverknad frå den unge. Tenesta, jf. sosialtjenestelovens §17, «opplysning, råd og veiledning» skal ein gi ut ifrå konkrete behov, og Nav skal samarbeide med barneverntenesta om det er trong for det. Vidare skal ein handsame søknader om økonomisk stønad og fastsetje vilkår om aktivitet på grunnlag av ei konkret og individuell vurdering.

Det varierer kor omfattande lovbrota i kvart tilsyn er. Her er nokre døme på lovbrot i sosiale tenester i Nav. Fleire av Nav-kontora:

  • kartlegg ikkje dei unge sine behov slik at dei får forsvarlege sosiale tenester
  • legg ikkje til rette for at dei unge får medverke i kartlegginga av eigen situasjon og behov
  • gir ikkje dei unge opplysning, råd og rettleiing ut frå deira konkrete behov når det er aktuelt. Ettervern frå barnevernstenesta er ein del av det dei skal gi opplysning og rettleiing om
  • handsamer ikkje dei unge sine søknader om økonomisk stønad etter ein konkret og individuell vurdering. Dette gjeld også fastsetting av vilkår om aktivitet

IllustrasjonstegningTilsynet har sett på om unge som har / har hatt barnevernstiltak, får nødvendige og koordinerte tenester frå barnevernet og Nav. Dette er ei gruppe unge som kan ha særlege utfordringar i overgangen til eit sjølvstendig vaksenliv.

Tilsynet har avdekt ein alvorleg situasjon: i mange kommunar oppfyller ikkje barnevernet og/eller Nav lovkrava. Verken kvar for seg eller i samhandlinga mellom tenestene gjer dei det som krevst av dei slik at tenestene blir forsvarlege og koordinerte i tilstrekkeleg grad. Det inneber at sårbare unge blir enda meir sårbare fordi sikkerheitsnettet sviktar.Rød prikk illustrasjonselement

Referansar
(1.) Backe-Hansen E, Walhovd KB, Huang L. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner. En kunnskapsoppsummering. NOVA-rapport 5/14. Oslo: NOVA, 2014.

«En dag – så står du der helt aleine» Oppsummering av landsomfattende tilsyn 2019 med ettervern og samarbeid mellom barnevernet og Nav

Rapport fra Helsetilsynet 2/2020

Forsidebilde rapportserien