Hopp til hovedinnhold

Viktig med kompetanse i å kjenne att psykotisk depresjon
Dei fleste varsel som Helsetilsynet tek imot frå psykisk helsevern gjeld sjølvmord eller sjølvmordsforsøk. Når vi har gått gjennom varsla, har vi fått innsikt i at dei som har kartlagt og vurdert pasientane, ofte ikkje har kjent att og forstått symptomspekteret hos pasientar med psykotisk depresjon. I somme saker fann vi at så godt som alle kjernesymptoma på psykotisk depresjon var skildra, utan at tilstanden blei tilstrekkeleg fanga opp og behandla i samsvar med dette. Helsetilsynet er klar over at det kan vere krevjande å kjenne att dei psykotiske symptoma, kanskje fordi symptoma ofte er annleis og meir subtile enn dei ein ser for eksempel ved schizofreni. Pasientane kan òg dekkje over at dei har tankar med psykotisk innhald. Grubling, angst og agitasjon er ofte dei mest grunnleggjande symptoma, i tillegg til dei vanlege teikna ved depresjon som idear om eiga skuld, skam og somatisk uro. Ofte ser vi at det har vore eit markant funksjonsfall hos ein person med god funksjon før symptomdebuten.

Sjølvmordsfaren blei vurdert som låg
Vi har gjennom varsel om sjølvmord og alvorlege sjølvmordsforsøk fått innsikt i at pasientar med alvorlege depressive symptom ofte svarte nektande på spørsmål om sjølvmordstankar og -planar kort tid før hendinga, og at behandlarane vurderte sjølvmordsfaren som «låg». I tillegg blei det kanskje ikkje påvist andre typiske risikofaktorar for sjølvmord, som tidlegare sjølvmordsforsøk, rusproblem eller relasjonsproblem. Helsetilsynet vil peike på at det viktigaste er at det blir gjort ei god klinisk vurdering, og at psykotisk depresjon er ein så alvorleg og tungtvegande risikofaktor at ein bør leggje stor vekt på denne i seg sjølv. Dersom det kjem fram opplysningar frå bekymra pårørande om at personen er «endra» med brått fall i psykososial fungering, bør ein leggje stor vekt på dette i den samla vurderinga.

«Intensivpasientane» i psykiatrien?
Graden av symptom og funksjonsfall bør avgjere kva for eit behandlingsnivå som er forsvarleg. Vi vil argumentere for at i den mest alvorlege fasen vil ein DPS-poliklinikk eller open døgnpost vanlegvis ikkje ha rammer til å undersøkje, behandle og verne pasienten på ein forsvarleg måte, først og fremst på grunn av auka sjølvmordsfare. Vi har erfart at mange pasientar i den aktuelle gruppa viser varierande grad av samtykkekompetanse etter kvart som sjukdomen utviklar seg, noko som kan utfordre vilkåra for frivillig psykisk helsevern. I fleire av varsla med psykotisk depresjon som enda med sjølvmord, har det heilt mangla ei vurdering av om farekriteriet i psykisk helsevernlova var oppfylt. Vi vil derfor minne om at dersom ein vurderer at pasienten er alvorleg psykisk sjuk og utgjer ein «nærliggjande og alvorleg fare for eige liv», kan ein leggje inn pasienten på tvungent psykisk helsevern sjølv om samtykkekompetansen ikkje er vurdert.

Lytt til pårørande
Pårørande er ei svært viktig kjelde til informasjon. Vi ser jamleg at helsepersonell ikkje i tilstrekkeleg grad har lytta eller lagt vekt på informasjon frå bekymra pårørande når dei har fortalt om alvorleg funksjonsfall og åtferdsendringar hos pasienten. I fleire saker har vi sett at pårørande har måtta handtera urimeleg store belastningar og mykje ansvar for å vareta alvorleg deprimerte pasientar med psykotiske symptom som blir behandla i heimen.

Verksemdene må leggje til rette for forsvarleg undersøking og behandling
Rask og rett diagnose og behandling kan berge livet til desse pasientane. Det er verksemdene som er ansvarlege for å sikre at helsepersonell får nødvendig kompetanse i førebygging av sjølvmord, og tilstrekkeleg opplæring i å undersøkje og behandle psykotisk depresjon. Verksemdene må forme ut tilstrekkelege rammevilkår, slik at pasientar med symptom på psykotisk depresjon blir fanga opp så raskt som mogleg og ikkje blir nedprioriterte frå eit riktig forsvarleg behandlingsnivå. Verksemdene må vidare syte for at alle sjølvmord eller alvorlege sjølvmordsforsøk blir gjennomgått systematisk i ettertid med tanke på læring og forbetringspunkt.rød prikk pynt

Referanser

  1. Nasjonale retningslinjer for diagnostisering og behandling av voksne med depresjon i primær- og spesialisthelsetjenesten. IS-1561. Oslo: Helsedirektoratet, 2012.
  2. Mork E, Mehlum L, Walby F. Selvmord ved depresjon med psykotiske symptomer og bipolar lidelse: forekomst, risikofaktorer og nevrobiologiske forhold. Suicidologi 2009; 14(2): 8 –11.
  3. Fredriksen KJ et al. Psychotic depression and suicidal behavior. Psychiatry 2017; 80(1): 17–29.
  4. Nasjonale retningslinjer for forebygging av selvmord i psykisk helsevern. IS-1511. Oslo: Sosial- og helsedirektoratet, 2008.
  5. Green D. Depresjon hos eldre. Foredrag. Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse, 2017. https://vimeo.com/198323734