Einskildsaker

Helsetilsynet i fylket behandlar einskildsaker med spørsmål om svikt i helsetenesta. Slike saker kan koma opp på grunnlag av klager frå pasientar, medieoppslag, førespurnader frå andre delar av helsetenesta o.a. Informasjon om saksbehandlinga er å finna under menyen Hendingsbasert tilsyn.

Omfang av aker


Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har i 2008 gjort 34 vurderingar av personell og 25 mot verksemder i helsetenesta. Desse vurderingane er fordelt på 53 saker. I 3 av vurderingane av personell sendte Helsetilsynet saka til Statens helsetilsyn med førespurdnad om å vurdere ein administrativ reaksjon (advarsel eller avgrensning ev. tap av autorisasjon).

Ut over dette har Helsetilsynet Sogn og Fjordane teke imot 0 klager på personell eller verksemder i helsetenesta som har blitt avslutta med "inga oppfølging etter lokal avklaring". Det betyr at klaga er sendt til den som er innklaga med førespurdnad om å invitere klagaren til eit møte med sikte på å få løyst saka minneleg, og at klagaren etter dette har vald å ikkje gå vidare med saka.

Lenkjeliste

Sist endra 22.6.2009