CURRICULUM VITAE
Geir Sverre Braut, født 1955
Geir Sverre Braut er utnemnd som assisterande direktør i Statens helsetilsyn frå 1. april 2002. Braut var fylkeslege i Rogaland sidan 1994, avbrote av eit engasjement i Sosial- og helsedepartementet (1999). Han fungerte som fylkeslege i Telemark (2001) og var deretter konstituert som ass. helsedirektør i et halvt år (2001-02). Han har tidlegare vore assisterande fylkeslege i Rogaland (1985-94).
Braut er cand. med. frå Universitetet i Oslo (1980) og godkjent spesialist i samfunnsmedisin (1997). Han har folkehelseutdanning frå Nordiska hälsovårdshögskolan (NHV) i Göteborg (1991). Han har hatt deltidsstilling som lektor (helseadministrasjon) ved NHV og er førstelektor II ved Høgskolen Stord Haugesund (helse- og tryggleiksfag).
Han har dessutan følgjande verv:
- Norsk akkreditering - medlem av representantskapet og klagenemnda.
- Norsk forum for helserett - leiar av styret.
- Lærdals fond for akuttmedisin - medlem av fondsstyret.
- Norsk katastrofemedisinsk forening - medlem av styret.
- Høgskolen i Oslo, avd. for helsefag - medlem av avdelingsstyret.
Faglege skrifter frå dei seinare åra er publiserte i menyen Artikler og kronikker.