Helsetilsynet

I 2007 utførte Helsetilsynet i fylka og fylkesmennene eit landsomfattande tilsyn med helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar. Tilsynet  omfatta 68 kommunar (og bydelar) i heile landet. I 44 av desse blei det konstatert avvik, det vil seie brot på lov eller forskrift. I dei andre 24 kommunane blei det ikkje konstatert avvik, men i elleve av desse blei det gitt merknader, noko som vil seie at tilsynsorganet peikte på forbetringspotensial.

Kommunane har dei seinare åra fått eit gradvis større ansvar for å ta hand om menneske med alvorlege psykiske lidingar og for å yte dei tenestene som er nødvendige for at dei skal kunne leve og bu heime. Gruppa er samansett og ueinsarta og har mange ulike behov for hjelp. Til dei alvorlegast psykisk sjuke høyrer personar med lidingar som kan vere langvarige og ha ein varierande sjukdomsgang. Ein del tenestemottakarar har i tillegg store rusmiddelproblem. Mange har eit stort tenestebehov og treng omfattande støtte og oppfølging heile eller delar av døgnet og på fleire livsområde, for eksempel aktivitets- og dagtilbod, hjelp og støtte i bustaden og sysselsetjings- eller arbeidstilbod, i tillegg til behandling og oppfølging frå primær- og spesialisthelsetenesta.


Utgreiing og planlegging av tilbod


Dess meir samansette behova er, dess større er krava til utgreiing og planlegging. Utgreiinga skal gjennomførast i rimeleg tid, og ho skal dokumenterast slik at det er lett å spore kva det er teke avgjerd om. I utgreiing og planlegging er det avgjerande at all relevant informasjon blir innhenta, slik at det kan gjennomførast ei tilstrekkeleg kartlegging I eitt av fire tilsyn viste rapportane avvik, eller tilsyna hadde merknader til korleis tenestebehov var greidde ut. Tilsynet fann fleire eksempel på at søknader og
førespurnader ikkje var greidde ut raskt nok. I enkelte kommunar blei det peikt på at ansvar og oppgåver ikkje var klart nok forankra, og at dei tilsette var usikre på kven som hadde ansvar for å utgreie, kva som skulle utgreiast, og korleis. Det går att fleire stader at det ikkje var henta inn informasjon og dokumentasjon frå andre einingar og deltenester for å sikre at det var kasta nok lys over sakene.

Utilstrekkelege tilbod?


Rapportane frå dette tilsynet gir grunn til å spørje om det mange stader i for stor grad er tilgjengelege ressursar heller enn behova brukarane har, som styrer tilbodet, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.

Det er blant anna mange kommunar som ikkje tilbyr oppfølging ut over vanleg kontortid, og ein del kommunar har heller ikkje beredskap for å handtere akutte førespurnader om symptomforverring eller andre krisesituasjonar om kvelden, natta, i helgane og høgtidene på ein forsvarleg måte.

Samordna og stabil tenesteyting?


For at eit samansett tenestetilbod skal stå fram som heilskapleg, må dei ulike tenesteytarane samtale og samordne - og samarbeide når det trengs. Dess fleire ulike tilbod, organiserte i ulike einingar, regulerte av ulike lovverk og med fleire faggrupper involverte, dess større er krava til at det blir tilrettelagt praktisk for tilboda, og at nødvendig kommunikasjon, koordinering og samarbeid blir sikra. Utan målretta styring og klart definert og kjend fordeling av oppgåver, ansvar og mynde aukar risikoen for svikt.

I eitt av tre tilsyn er ordningane som kommunane har for å sikre forsvarleg samordning av tenestetilbodet, så mangelfulle at tilsynsorganet anten har konstatert regelverksbrot (avvik) eller peikt på behov for å forbetre ordningane (merknad).

Det er eksempel på at ulike deltenester har utilstrekkeleg kunnskap om tilbod og tiltak frå dei andre deltenestene, og at det er ulike syn på korleis oppgåver skal fordelast mellom dei ulike einingane.

I fleire kommunar har dei ulike deltenestene ulike system for å dokumentere brukaropplysningar brukaropplysningar, eller ulik praksis for kva som blir vurdert som vesentleg å dokumentere.. For å sikre at tilbodet er forsvarleg heile tida, er det nødvendig å sjå til at alle tenesteytarar som er involverte, har tilstrekkeleg kunnskap, innafor dei rammene som teieplikta set, og er i stand til å fange opp og handle når det er behov for å endre tilbod og tiltak.

Individuell plan


I nær halvparten av kommunane har tilsynsorganet funne forbetringsområde (merknader), og i mange kommunar klare brot på regelverkskrava (avvik) om individuell plan. Tilsynet viser at det svært mange stader er eit langt stykke å gå før retten til individuell plan er innfridd og tiltaket verkar etter intensjonen. Blant funna er at ikkje alle som har rett til individuell plan, har fått eit tilbod, eller at eksisterande planar er mangelfulle, ikkje oppdaterte eller ikkje følgde opp. Vidare er det påvist at leiinga ikkje legg til rette for og styrer arbeidet, og at ho ikkje peiker ut koordinator med tilstrekkeleg ansvar og mynde til å følgje opp arbeidet.

3.3.2008