Helsetilsynet

Rapporten set saman og analyserer data fylkesmennene har registrert om bruk av tvang og makt overfor utviklingshemma1. Lovreglar om tvang og makt tok til å gjelde i 1999, dei første åra som mellombels lovreglar. For å få kunnskap om korleis reglane blei praktiserte, fekk fylkesmennene av det som da heitte Sosial- og helsedepartementet, i oppgåve å registrere data om korleis tvang og makt blei brukt, og å rapportere desse årleg til departementet. Frå 2004 har Statens helsetilsyn teke over ansvaret for å samordne rapporteringa.

Rapporten er primært laga for å gje fylkesmennene og Statens helsetilsyn auka kunnskapar om korleis kommunane og fylkesmennene følgjer lovreglane, og for å få eit betre grunnlag for å utvikle registreringssystemet. Han skal summere opp dei data som i mange år har vore registrerte og rapporterte, for fylkesmennene, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. Innhaldet kan også vere interessant for den delen av spesialisthelsetenesta som yter fagleg hjelp til kommunane i saker om tvang og makt overfor utviklingshemma, for kompetanse- og forskingsinstitusjonar som arbeider med slike spørsmål, for interesseorganisasjonar og for tilsette i kommunane som har særskilde oppgåver knytte til å vurdere bruk av tvang og makt.

Nødvendig tvang? Ein gjennomgang av data hos fylkesmennene om bruk av tvang og makt overfor menneske med psykisk utviklingshemming for perioden 2000–2007. Rapport fra Helsetilsynet 7/2008. (pdf)

26.1.2009