Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Ved åtte av ti verksemder som handterer humane celler og vev til assistert befruktning blei det påpeikt avvik etter tilsyn, syner oppsummeringsrapporten frå Statens helsetilsyn.

Fem verksemder hadde mangelfull merking av det humane materialet, og seks verksemder mangla samla sluttkontroll av embryo før tilbakeføring. Statens helsetilsyn tolkar krava i forskrifta på desse områda strengare enn det verksemdene har gjort. -Men medvit rundt kvalitet og sikkerheit hos leiarar og tilsette førte til at vi oppfatta risikoen for feil som liten, seier avdelingsdirektør Richard Knoff.

Ved fire verksemder blei det påpeikt manglar ved bruk og kontroll av kritisk utstyr, og ved éi verksemd blei det påpeikt at lokala ikkje tilfredsstilte krava i forskrifta. Feil og manglar ved utstyr og lokale aukar faren for at materialet kan bli skadd eller gå tapt.

Tilsyna vart gjennomførte i verksemder som Helsedirektoratet har godkjent for handtering av celler og vev berekna for assistert befruktning.

Oppsummering av tilsyn med verksemder som er godkjende for å handtere humane celler og vev til assistert befruktning Rapport fra Helsetilsynet 1/2013 (pdf)

Sammendrag av Rapport fra Helsetilsynet 1/2013 med lenke til engelsk og samisk sammendrag