Helsetilsynet

Helsetilsynet i Aust-Agder

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Konklusjon:
Tilråing:
Bakgrunn for tilsynet:
Kva såg vi etter?
Våre funn
Kva konklusjonen byggjer på:

Konklusjon:

Kommunen har ikkje gjennom sitt styringssystem sikra ein fagleg forsvarleg drift av helsetenestene.

Tilråing:

Kommunen ynskjer seg to lækjarar, men kontoret er i dag innretta for ein og det er ingen vedtekne planar for korleis kontoret skal innreiast og utstyrast for to.

  • Helsetilsynet rår kommunen til å etablere klåre ansvarsforhold ved legekontoret, og få på plass rutiner og planar for vidare drift med 2 leger før tilsetting. Forventninger til samfunnsmedisinsk og tverrfagleg arbeid bør klargjerast og rutiner lagast.
  • Kommunen er velkommen til å kontakte oss for eventuelle avtaler om rettleiing, opplæring eller liknande i det arbeid som kommunen står overfor.

Vi ber om tilbakemelding innan 30.november om korleis kommunen vil rette forholda.

Bakgrunn for tilsynet:

Det vart i brev dagsett 23.juli 2009 varsla tilsyn med helsetenestene i Bygland kommune. Grunnen til at tilsynet vart gjennomført, er at kommunen i fleire år har hatt ein ustabil legedekning med inntak av vikarar som har vore der frå nokre veker til fleire månader. Det har vore nokre klagar og ytringar som kunne tyde på at dette ikkje har vore heilt enkelt for innbyggjarane, og det har vore klaga på at kommunen ikkje har gjeve god nok rettleiing for korleis folk skulle få løyst problemet sitt der det har vore annan vakanse i tenesten, til dømes ved helsestasjon. På tidspunkt for varsel av tilsyn hadde under 600 (> 50%) av innbyggjarane fastlege i ein anna kommune.

Kva såg vi etter?

Konsekvensene av den ustabile legedekninga, for legekontoret og for samverkende tenester i kommunen, og kommunen sitt styringssystem for identiflsering av risiko for svikt i denne situasjonen, har vore i fokus ved tilsynet. Vi har og sett på om og korleis kommunen sikrar naudsynt helsehjelp. Våre funn er vurdert opp mot krava i lovgjevinga.

Vi har ikkje sett på korleis den einskilde helsearbeidar har utførd sitt arbeid, men har heile vegen hatt fokus på korleis kommunen har lagt til rette for, og styrt, for å ivareta kravet til ein fagleg forsvarleg helseteneste, jf Kommunehelsetenestelova kap 6-3, tredje ledd:

"Hvis virksomhet innen helsetjenesten i kommunen drives på en måte som kan ha skadelige følger for pasienter eller andre, eller på annen måte er uheldig eller uforsvarlig, kan Statens helsetilsyn gi pålegg om å rette på forholdene."

Våre funn:

Vi har sett at kommunen har gjort fleire forsøk på å rekruttere legar til faste stillingar, og at dei som mellombels løysing har leigd inn vikarar.

Dei største avvika vart funnen på dei områdene der legen normalt vil væretungt inne i utforming av tenestene. Dette gjeld

  • rutiner på legekontoret
  • journal på sjukeheimen
  • tverrfagleg samverke

Dei øvrige tilsette i helsetenestene og på legekontoret har gjord som best dei kan for å bøte på dei behova dei ser, men alle saknar den faglege rettleiing som legen ville kunne gje, og dennes medverknad i tverrfaglege møter. Alle gjev uttrykk for at det går ut over det heilskaplege tilbodet som kommunen skal yte, til barn og unge og til pasientar med særskilde behov. Det var ingen som tok det systematiske og overordnede driftsansvaret for legekontoret slik at dette til ein kvar tid fremstår oppdatert, tidsmessig og med rutiner i henhold til krava i helselovgjevinga.

Kva konklusjonen byggjer på: 

Legekontor:

Følgjande observasjoner vart gjort:

  • det var ingen som hadde systemansvar for legekontoret, og det er ikkje laga rutiner som skal sikre forsvarleg drift når lege (som normalt vil ha dette) ikkje tek dette på grunn av manglande kontinuitet
  • legesekretærane fylgjde kvar sine rutiner og kjørte kvar sine prosedyrar og apparater ved kontroll av INR (for kontroll av Marevan-dosering)
  • medisinskåp har ikkje vore underlagt farmasøytisk tilsyn og kontroll til tross for at det inneheld medikamenter langt utover det som må forventes å vere til bruk i legens praksis medisinskåp var ikkje fastmontert
  • det er ikkje fastsett rutiner for ettersyn, kassering og oppdatering av medisinsk utstyr
  • det var ikkje oppnemd journalansvarleg person, og det var ingen omforente rutinar for journalføring når pasientar eller andre ba om utskrift og innsyn med vidare
  • legesekretærane har tilgång til alle journalopplysningane. Dette blei ansett som naudsynt av di prøvesvar med vidare kunne kome i lang tid etter at ein lege hadde slutta og det er viktig at det vart fanga opp
  • kontoret hadde akuttkoffert og utryknings/sykebesøkskoffert, men ansvar for vedlikehold var ikkje fastsett
  • behov som blei oppdaga vart meld "oppover", men det var uklårt kor meldingane gjekk og kven som hadde ansvar for å fylgje opp vkontoret har ikkje hjartestartar, og det framsto ikkje som oppdatera på utstyrsfronten
  • utekontoret på Byglandsfjord var enklere utrusta, men det var ikkje laga rutiner for hvilke tilstander som kunne og burde tilses kor

Sjukeheimen:

Legen gjekk visitt 3,5 time på sjukeheimen kvar veke, og avdelingsleiar var nøgd med dette. Dei tilsette kunne ringe lege ved behov, og to ganger i veka kunne han kome innom på veg til eller frå utekontoret på Byglandsfjord. Dei årlege kontrollene vart gjennomførde, sjølv om dei låg noko på etterskot i år. Personalet hadde god oversikt over dette og over pasientens medisiner. Det var ikkje laga rutiner for vurdering av om pasientane kunne samtykje og/eller disponere eigen økonomi, vurderingane var ikkje gjord og vedtak i henhold til forskrift var ikkje fatta. Dette utgjer ein fare for rettssikkerheiten til pasientane.

Journalane var særs uoversiktelege. Legene noterte heller på eigne ark og la desse inn i journalen framfor å skrive på gamle /eksisterande journalark. Ein journal som framstår slik utgjer ein fare for forsvarlegheiten i helsehjelpen i ein akuttsituasjon, der ein raskt treng å finne fram til viktige opplysningar om tilstand, tidlegare eller aktuell behandling, til dømes ved legevaktsbesøk.

Forholdet til samarbeidsparter:

Samarbeidspartnarene innan psykisk helse, fysioterapi, helsesyster, Nav og pleie- og omsorg sakna alle legens medverknda i det tverrfaglege samarbeidet, og såg på dette som ein alvorleg mangel. Dei sakna og den faglege styrken som legen representerar og den rettleiing som denne kunne gje. Dei fann alle løysingar, til dømes gjennom å anbefale pasientar med kroniske lidingar å bytte til fastlege i grannekommunen då dei var godt nøgde med deira delteking i det tverrfaglege arbeidet. Dei fann og god hjelp i spesialisthelsetenesten (DPS Byglandsfjord) og det vart sagt at utan deira hjelp "hadde ikkje dette gått".

Sakar inna miljøretta helsevem (plansakar med vidare) blei ikkje lagt fram for kommunelegen for uttale. Dette har tidligere vore påpeika frå fylkesmannen i deira høyringar og planutsegn. Ein kommune med ambisjoner om etablering av hyttefelt og liknande bør ha som rutine å involvere kommunelegen for å unngå interessekonfliktar med helse ved utbyggjing (jf trafikkfare, støybelastning (og i anleggsperioden), drikkevasskjelder, høgspent mv).

Kommunen har ingen medarbeidar som lagar oversikt over helsetilstanden i kommunen, og har ikkje folkehelsekoordinator.

Kommunen sitt styringssystem:

Ingen av dei tilsette kunne vise til eitt kommunalt system for melding av avvik. Det var laga eit eiga system på sjukeheimen, psykiatritenesten hadde og laga eit, medan legekontor og helsesyster ikkje kjende til noko system. Det var og stadfesta at om nokon ringjer kommunen og klagar på noko, så blei ikkje dette handsama på systematisk vis. Helsetilsynet har motteke klagar og meldingax om mangelfullt tilbod ved helsestasjon i perioder utan helsesyster, men det kunne ikkje visast til nokon skriftlege rutinar for korleis innbyggjaranes tilbod skulle løysast om det blei vakanser eller fråver av andre grunnar i stillingar med få tilsette. Det ble opplyst at det vart arbeid med interkommunale løysinger / avtaler i Setesdalen. Vi har sett at fleire av tenestene har sine rutinepermer, men ikkje noko einheitleg kvalitetssystem.

I vår gjennomgang har vi tala med helsesyster, fysioterapeut, lege, tilsett ved legekontoret, einheitsleiarane på sjukeheimen, i open omsorg og for helse, og rådmannen.

Konklusjon:

Kommunen har ikkje gjennom sitt styringssystem sikra ein fagleg forsvarleg drift av helsetenestene.

Dette er avvik frå:

  • Kommunehelsetjenesteloven § 1-3a (tilretteleggjing for samarbeid) og § 1-4 (planlegging) i forhold til kommunen sine oppgåver, se § 1-3.
  • Kommunehelsetjenesteloven § 6-3 (forsvarleg drift/utstyr/organisering ved fastlækjarkontoret)
  • Helsepersonelloven §§ 39 og 40 (gjeld både sjukeheim og lækjarkontor), jf Forskrift om journal §§ 4 (journalsystem) og 6 første ledd (utpeiking av èin journalansvarleg), § 7 annet ledd (journal skal skrivast fortløpande) og § 8 (journalens innhold) mv.
  • Kommunehelsetjenesteloven § 1-3a, jf Forskrift om legemiddelhandtering § 4 (virksomhetsleiers ansvar), se §§ 6 og 8.

Krava i desse særlovene heng samen med kravet til systematisk styring og kontroll, det er derfor og avvik frå:

  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtjenesten § 4: Dei heimlar/lovar som er peika på kan alle knytast opp mot mangel på fungerande internkontrollsystem i kommunen (planleggjing, ansvarsforhold, risikovurdering, kontroll, avvikssystem, forbetringsarbeid mv.)

Frå helsetilsynet deltok fylkeslegen, jurist Lasse Svenstrup Andersen, assisterende fylkeslege Elizabeth Bakke og rådgiver Egil Nordlie.

Med helsing

Anne Sofie Syvertsen
Fylkeslege