Helsetilsynet

Helsetilsynet i Aust-Agder

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Kommunen sin organisering av tenesten. Blant anna korleis kommunen sikrer eit forsvarleg tilbod om fysioterapi til heile befolkninga.
  • Internkontroll, og da særleg kravet om å sette mål for tenesta og kravet om å planlegge ut i frå dei helseutfordringane som er i kommunen.
  • Føringar i pasientjournal, teieplikt og fagleg forsvarleg verksemd.

Avvik:

Tenesten er ikkje grunna i ein systematisk plan, og det er ikkje gjort evaluering av tenesta.

Avviket er grunna på følgjande funn:

  • Kommunen har ikkje systematisk oversikt over helseutfordringane i kommunen og planlegg dermed ikkje tenesta ut i frå dette.
  • Det er ikkje utarbeid felles mål eller plan for tenesta.
  • Det er ikkje krav om rapportering frå fysioterapeuten. Kommunen har dermed ikkje noko materiale som ligg til grunn, eller dokumentasjon for å kunne evaluera tenesta og gjere prioriteringar mellom ulike grupper av innbyggjarane som eldre, born, rørslehemma etc.
  • Fysioterapitilbodet i kommunen kan ikkje sjåast på heimesidane til kommunen.

Dato: 29.05.09

Anne Kari Thomassen
revisjonsleder
Lasse S. Andersen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Bygland kommune i perioden 19.12.09 – 29.05.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Aust-Agder dette året

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bygland, med sine 1155,9 kvadratkilometer, er ein stor kommune med spredt busetting, sjølv om mange bur i dei tre grendene sør, midt og nord i bygda. Det er 1125 innbyggjarar i kommunen.

Bygland har høg levekårsindeks samanlikna med dei andre kommunane i Aust-Agder og i KOSTRA si kommunegruppe. Det er overskot på menn i kommunen, og det er og fleire kvinner med høg utdanning samanlikna med menn. Kommunen slit med å halde oppe busettinga.

Kommunen sine helsetenester har på fleire områder vore prega av vakanser og vikarar dei siste åra. Det er ein privatpraktiserande fysioterapeut i kommunen med 75 % driftsavtale. Samanliknar vi med andre kommunar i fylket og KOSTRA si kommunegruppe er dette lågt. 0,87 pr 1000 innbyggjarar er snittet i fylket og 1,0 pr 1000 innbyggjarar i kommunegruppe 6. Fysioterapeuten har vore i kommunen i 19 år og representerar dermed ein kontinuitet i helsetenestene. Kommunen har avtale om å kjøpe tenester av henne til dei kommunale oppgåvene.

Instituttet ligg i Bygland sentrum, nær kommunesenteret, butikk og sjukeheimen. Ho har nett flytta dit, og førebels er det ikkje mogleg for dei som bruker rullestol å kome inn. Fysioterapeuten har også oppdrag frå Setesdal bedriftshelseteneste.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 19. desember 2008. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 11. mars 2009.

Intervjuer
4 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved instituttet til Aslaug Simonstad Sitje.

Sluttmøte blei halde 11. mars 2009 .

4. Kva tilsynet omfatta

  • Kommunen sin organisering av tenesten. Blant anna korleis kommunen sikrer eit forsvarleg tilbod om fysioterapi til heile befolkninga.
  • Internkontroll, og da særleg kravet om å sette mål for tenesta og kravet om å planlegge ut i frå dei helseutfordringane som er i kommunen.
  • Føringar i pasientjournal,
  • Teieplikt og
  • Fagleg forsvarleg verksemd

5. Funn

Avvik: 1

Tenesten er ikkje grunna i ein systematisk plan, og det er ikkje gjort evaluering av tenesta.  

Avviket er grunna på følgjande funn:

  • Kommunen har ikkje systematisk oversikt over helseutfordringane i kommunen og planlegg dermed ikkje tenesta ut i frå dette.
  • Det er ikkje utarbeid felles mål eller plan for tenestene i kommunen.
  • Det er ikkje krav om rapportering frå fysioterapeuten. Kommunen har dermed ikkje noko materiale som ligg til grunn, eller dokumentasjon for å kunne evaluera tenesta og gjere prioriteringar mellom ulike grupper av innbyggjarane som eldre, born, rørslehemma etc.
  • Fysioterapitilbodet i kommunen kan ikkje sjåast på heimesidane til kommunen.

Avvik frå følgjande lovkrav:

  • Lov om helsetjenesta i kommunen § 1-3a, jf. § 1-3 anna ledd punkt 3.
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetensta § 3. jf. § 4 a) og g)

Kommentar: 1
Kommunen har ikkje reiskap for styring av tenesta og dermed heller ikkje reiskap til å kunne evaluere tenesta og gjere optimale prioriteringar. Tenesta er ikkje gjort synleg i organisasjonen.

Andre viktige funn:

  • Fysioterapi lokala er godt utforma i forhold til drifta. Det er eige rom for å undersøkje og eller behandle pasientar slik at det er høve til å ta omsyn til teieplikta.
  • Fysioterapeuten har eit godt internkontrollsystem i sitt institutt.
  • Det er ikkje ventetid på behandling. Fysioterapeuten tar hand om alle som vender seg til ho, både frå heimetenesta og helsesyster.
  • Det er laga avtale om fast tid for behandling på sjukeheimen for å sikre at dei tilsette og for at dei som bur på heimen er budd på kva som skal skje.
  • Ved sjukdom hjå fysioterapeuten, ved høgtider og i ferier har ikkje kommunen fysioterapitilbod. Fysioterapeuten tar sjelden ut lange ferier.

Kommentar: 2
Kommunen har ikkje oversikt over om tenesteressursen er tilfredsstillande i forhold til behovet og det er dermed ikkje klårt om det er etterspurnaden etter tenesta (frå heiemtenestene og helsesyster) som styrer aktiviteten, eller om det er helseutfordringane i kommunen. Vi veit såleis ikkje om kommunen til dømes prioriterar menneskje med psykisk sjukdom.

Tilhøva for rørslehemma er ikkje gode nok da instituttet ligg i kjellaren i bedehuset og det ikkje er veg ned til inngangsdøra der. Det er plan for å lage veg dit så snart snøen er borte. Vi vil rå at tilgang til lokala blir ordna så fort som råd.

Då det berre er ein fysioterpeut i kommunen er det eit lite og sårbart fagmiljø. Då er det særs viktig å få stimulans utanfrå for å halde eit høgt faglege nivå også framover i tid.

Tilgang på tenesta er og sårbart ved sjukdom, høgtider og i ferier. Vi vil rå kommune til å lage ein avtale med ein grannekommune om overlapping i slike høve.

6. Regelverk


  • ”Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2. Se ovenfor.
  • Lov om helsetjenesten i kommunene, se særlig § 1-1 første ledd (Kommunens ansvar for helsetjenesten) og § 2-1 første ledd (Rett til helsehjelp). Det vises videre til § 1-3a (Tilrettelegging m.v (internkontroll)) og § 6-3 (Tilsyn og veiledning (forsvarlige tjenester)). Jfr. Lov om helsepersonelloven § 4 og 16, organisering.
  • Lov om helsepersonell mv kapittel 5 (Taushetsplikt og opplysningsrett) og kapittel 8 §§ 39 og 40 flg.(Plikt til å føre journal og krav til journalens innhold)
  • Lov om pasientrettighetsloven, kapittel 3 (Rett til medvirkning og informasjon) og kapittel 5 (Rett til innsyn i journal).
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten, se særlig § 4. Forskriften er hjemlet i kommunehelsetjenesteloven § 1-3a.
  • Forskrift om pasientjournal, se særlig §§ 4-8 og §§ 10 og 11. Forskriften er hjemlet Helsepersonelloven § 40 og Pasientrettighetsloven § 5-1.”

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Avtale mellom Bygland kommune og fysioterapeut Aslaug Simonstad Sitje
  • Helsepolitisk plan for Bygland kommune 2007-2012 – Ikkje vedteke

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Aust-Agder:

  • Varsel om tilsyn med fysioterapitenesta av 19.12.08
  • Program for tilsynet av 09.01.09.
  • Førebels rapport av 17.04.09

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Monica Galdal

Leiar av heimetenesta

X

X

x

Gerd Torhild Helle Aakhus

Leiar av Byglandsheimen

X

X

X

Aslaug Simonstad Sitje

Privatpraktiserande fysioterapeut

X

X

X

Wenche Tove Sjurseth

Tenesteleiar for helse- og sosial

X

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:

Heidi Vige, observatør
Lasse S. Andersen, revisor
Anne Kari Thomassen, revisjonsleiar