Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

 

Helsetilsynet i Aust-Agder har gjennomført ein serie sjølmeldingstilsyn i fleire kommunar i fylket. Dette er ett av fleire tilsyn med tenester til eldre. Sjølmeldingstilsyn er ein ny metode for tilsyn med tenestene. Tilsynet vart gjennomført ved at tenesta vurderte eigne rutinar for legemiddelhandsaming etter tilsendt skjema frå Helsetilsynet i Aust-Agder. Dersom ikkje alle krav i lovverket vart oppfylt skulle verksemda legg fram planar slik at rutinar og prosedyrar vart i samsvar med lov og forskrift.

I Åmli vart Åmli Pleie- og Omsorgssenter, ÅPOS, gjenstand for tilsyn.
Gjennom spørreskjema vart det avdekka fylgjande avvik fra:

  • I retningslinene for legemiddelhandsaming var det ikkje ført opp kven som har legemiddelkompetanse og som er fagleg rådgjevar i slike spørsmål. Legemiddelhåndteringsforskriften § 4 andre ledd sett krav til at slik fagleg rådgjevar er oppnevnt eller tilsett. Dett skal gjerast kjent gjennom prosedyreverket.
  • Ikkje alle feil eller nesten feil i legemiddelhandsmaninga vart meldt som avvik.

Dette er avvik frå Legemiddelhåndteringsforskriften § 4 femte ledd og Internkontrollforkriften § 4, f og g.

Samtidig var det uklart for nokre om avvik var fulgt opp av leiar for verksemda. 

  • Personar utan formelle kvalifikasjoner har vert sett til å gjere i stand legemidler.
    I svaret frå kommuna påpekast det at retningslinene i kommuna er klåre, og at slik praksis er avvik også frå eigne prosedyrar.  Helsepersonellova § 5 gjer det klårt at tildeling av legemiddeloppgåver er personleg og kan ikkje overførast til andre.
  • Åmli kommune har ikkje hatt skriftleg rutine som beskriver gjennomgang av prosedyrane for legemiddelhandssaming minst ein gong pr. år. Dette kravet til gjennomgang var ikkje kjent for alle sjukepleiarane. For å sikre at slik gjennomgang skjer etter kravet i lovverket, Internkontrollforskrifta § 4, andre ledd g og Legemiddelhåndteringsforskriften § 4 femte ledd, b, må rutinane beskrivast i kommunas plan for legemiddelhandsaming.

I dei utfylte skjema frå ÅPOS kjem det fram planar for lukking av avvika. Dei inneber revisjon av heile planverket og innføring av nytt avviksystem, Qm+. Det kjem og fram at det vil bli arrangert kurs for dei tilsette når det gjeldt avvikshandsaming og også i legemiddelhandsaming der, mellom anna, avvika som er avdekka i dette tilsynet vil ligge til grunn.

Me ber om å få tilsendt dei nye planane og rutinane for legemiddelhandsaming og for avvikshadsaming. Når desse føreligg her vil avvika bli lukka og tilsynet avslutta.

Helsetilsynet i Aust-Agder ber om orsaking for den lange tida det har tatt før oppfølginga av tilsynet vart gjort. Me ser at mykje av det arbeidet som var planlagt i etterkant av tilsynet sikkert er ferdig.

27.11.2011


Med hilsen

Anne-Sofie D. Syvertsen
fylkeslege 

Hallvard Kile
revisor
 
   

Saksbehandler: 

Kopi:
Statens Helsetilsyn, pb. 8128 Dep, 0032 Oslo