Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i gjennomførte i perioden 19, 24 og 25 februar 2010 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Åmli kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid. Tilsynet er ein del av fylkesmannen sitt ordinære tilsyn, men gjerast over same lest som eit landsomfattende tilsyn i 2008.

Det blei ikkje funne avvik i Åmli kommune under tilsynet.

Det blei gitt ein merknad :

Kommunen bør sikre tverrfaglig arbeid i kommunen gjennom fastlagde skriftlege rutinar.

Dato: 26/3-10

Lasse Andersen
revisjonsleder
Hans Ganes
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 19 til 25 februar 2010 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Aust-Agder. Tilsynet er ein del av fylkesmannen sitt ordinære tilsyn med kommunane, men er lagt opp etter lest frå eit landsomfattande tilsyn i 2008.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Bame- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve

Åmli kommune er ein innlandskommune med 1855 innbyggjarar (2008). Kommunen ligg ca ein times køyring frå Arendal på grensa til Telemark. Kommuneadministrasjonen er liten og oversiktleg og er organisert som ein tonivåmodell med rådmann og 12 avdelingar.

Kommunen har eige Nav kontor. Barnevernstenesta er organisert saman med helsesyster, fysioterapeut og tenester til rus og psykiatri. Kommunen er inne i ein omfattande prosess med implementering av internkontrollsystem. Sjølv om både barnevern og sosialtenesta har hatt internkontrollsystemer, vil dette nye også omfatta dei. Det var i 2008 7,7 prosent av innbyggerne mellom 0-17 år som var i en undersøking i barnevern gjennomsnittet i fylket var på 2,8 prosent, og i landet 3 prosent.

Andel barn mellom 0-17 år med tiltak etter barnevernslova var i 2008 9,7 prosent, mens snittet i fylket og i landet var om lag det halve.

Åmli har soleis store utfordringar i høve til barnevern. Kommunen har og slitt med avfolking.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 17.12.2009. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte vart halde 5/2-2010 . Møtet var todelt. Til dels nytta til samtale med einigar som ikkje var ein del av tilsynet, hovudsakleg frå skule og PPT. Dels vart det nytta som ein måte å førebu dei som skulle intervjuast. Full oversikt over dei som var til stades er gjeve bak.

Opningsmøte vart halde 24.02.2010.

Intervju ble halde 19,24 og 25 februar.

12 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 25.02.10

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ei samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 —23 år. Dette vart gjort ved at det vart undersøkt om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gi naudsynt hjelp etter lovgivinga. Det vart og undersøkt om kommunen sikrar, ved å følgje opp og å kontrollere, at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetidspunkt, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det blir gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgivinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å legge til rette og å gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Det vart nærare undersøkt om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om man møtes som avtalt, om dei ressursar som er vedteke brukt faktisk blir brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om ein har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdommen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen/bydelen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta.

Det vart for eksempel undersøkt om kommunen overvaker at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerar som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar blir evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dei tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette, ved tilsettingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, for at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik.

Det blei gitt ein merknad:

Kommunen bør sikre det tverrfaglege arbeidet gjennom fastlagde, skriftlege rutiner.

Kommunen har ikkje fastlagde, skriftlege rutiner for samarbeid i enkeltsaker, men litar på at ein snakkar saman når det trengst. Dette er eit sårbart system.

Det skal finnast tiltaksplanar for alle barn i hjelpetiltak. Så var ikkje tilfelle på tilsynstidspunktet, men dette er under arbeid.

Bruk av individuell plan bør forankrast hos systemkoordinator som har ansvaret for individuelle planar i kommunen, og ansvaret bør stadfestast. Berre eit barn har individuell plan.

Kunnskap om barnevernstjenesten generelt og meldingsrutinar til barnevernstenesta spesielt kan bli betre i fleire tenester

Skjema til bruk for oppheving av teieplikt bør gjennomgåast og bruken av disse bør samordnast.

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om intemkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven — hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven — koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumengrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Oversikt over organisasjonen
  • Oversikt over fagleg og admimstrativt ansvarlege for helse, sosial og barnevernstenester
  • Oversikt over tilsette i dei ulike tenestane
  • Delegasjonsreglement
  • Årsmelding 2008
  • Samarbeidsavtale mellom Nav og familieavdelinga
  • Skriftlege rutinar for henvisning mellom dei tre tenesteområda
  • Dokumentasjon som gjeld koordinering av tenester
  • Opplysningar om tiltak som sikrar medverknad frå brukarar
  • Kommunen sine rutinar for samarbeid med fastlegane
  • Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
  • Journalar frå Nav, psykiatritenesta, helsesyster og barnevern
  • Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:
  • Varsel om tilsyn datert 17.12.09
  • Dokumentasjon med oversikt over tilsette sendt 25.01.10
  • Program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellane under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Kjetil Juva

Kommuneoverlege

 

X

 

Lise Børtinghus

Helsesyster

X

X

 

Signe Heia Halvorsen

Familieavdelinga, psykisk helse og rusproblematikk

X

X

 

Øydis Brun Nordås

Familieavdelinga, psykisk helse og rusproblematikk

X

X

 

Sabine Wiegand

Flykningekoordinator

X

X

 

Heidi Kristine Rueness

Nav-tilsett

 

X

X

Mona Lauvdal

Familieavdelinga, barnevern

 

X

 

Åshild Haugrønning Holm

Familieavdelinga, Fysioterapeut

 

X

X

Laila Nylund

Tenestekontoret, IP koordinator

 

X

 

Linda Tvede Flaten

Leiar Nav

 

X

X

Anne-Grete Askland

Leiar familiekontoret, leiar barneverntenesta

X

X

X

Bjarte Nordås

rådmann

 

X

 


Til stades å formøte 5/2-10

Navn

Stilling

Første del

Andre del

Anne-Grete Askland

Leiar familieavdelinga

 

X

Jon Haugen

PPT- Åmli

X

 

Hege Lauland

Rektor Åmli skule

X

 

Reidun Retterholt

Leder Dølemo oppvekstsenter

X

 

Signe Heia Halvorsen

Familieavdelinga psykiatritenester

 

X

Øydis B. Nordås

Familieavdelinga psykiatritenester

 

X

Lise S. Børtinghus

Helsesyster

 

X

Kristina M. Støvik

Sosialkurator Nav

 

X


Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Lasse Svenstrup Andersen som revisjonsleiar og Hans Ganes som revisor