Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Aust-Agder syner til brev dagsett 15.09.10 med varsel om tilsyn med Bykle kommunes sakshandsaming knytta til avlastning for eldre. Vi syner og til vårt brev av 20.10.10 hvor vi ba om å få tilsendt saker fra kommunen som gjeld avlastningstiltak for eldre.

På bakgrunn av vår forespørsel mottok vi den 01.11.10 dokumentasjon på dykkar sakshandsaming knytta til avlastning for eldre i perioden 01.01.08 — 26.10.10. Av dokumentasjonen går fram at det i denne perioden har vore ein sak der det har vore søkt om avlastning for ein eldre person.

Tilsynets formål og tema

Tilsynet er eit felles tilsyn etter sosialtenestelova § 2-6 og helsetilsynslova § 2, og utføres på vegne av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Aust-Agder. Formålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen ivaretek behovet for avlasting for omsorgsytarar som har omsorg for eldre. Dette er uavhengig av om ein gjer naudsynt avlasting etter sosialtenestelova eller som ein del av grunnlaget for tildeling av korttidsplass etter kommunehelsetenestelova.

Avgjerd om tildeling av avlastning etter sosialtenestelova er eit enkeltvedtak. Reglene i forvaltningslovas kapittel IV til VI om handsaming av enkeltvedtak gjelder, med visse unntak, når det treffes avgjerd om tildeling av avlastning etter sosialtenestelovas § 4-3 og § 4-2 bokstav b, jfr. § 8-1. I tillegg gjeld dei generelle sakshandsamingsreglane i kapittell II og III, samt det ulovfesta kravet om at forvaltninga skal treffe avgjerd på grunnlag av forsvarleg sakshandsaming.

Tilsynet er eit stikkprøvetilsyn, og tema for tilsynet er tre områder av kommunens sakshandsaming:

Utgreiingsplikta

Av forvaltningslovas § 17 følgjer at saka skal vere så godt opplyst som mulig før kommunen tek ei avgjerd. Utgreiingsplikta skal bidra til at avgjerda treffast på riktig grunnlag, og motvirke at utilstrekkelege opplysningar vert lagt til grunn. Tilsynet skal undersøkje om det i saka som er oversendt er gjort ei forsvarleg utgreiing som er i samsvar med lovas krav. Kommunen må innhente dei opplysningane som er naudsynt for å avklare om det foreligger eit avlastningsbehov, og må sørge for at den som er part i saka får ivaretatt sin rett til å medvirke ved utforminga av tenestetilbudet.

Individuell vurdering

Avgjerd om avlastning skal skje på grunnlag av ei konkret og individuell vurdering av søkers situasjon. Dette kravet kan utleiast av sosialtenestelova § 4-3 jfr. § 4-2 bokstav b, forvaltningslova kapittel IV og V, jfr. sosialtenestelova § 8-1. Vurderinga skal bygge på opplysningane som er innhenta i forbindelse med utgreiinga.

Avgjerd grunngjeving innhald og informasjon om klageadgang

Avgjerda skal utformes i tråd med forvaltningslova §§ 23-28 med krav til form, grunngjeving og innhald.

Funn og konklusjon

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Aust-Agder har etter ein gjennomgang av dokumentasjonen følgjande tilbakemelding:

Utgreiinqsplikta

I den aktuelle saka går avlastningsbehovet fram av søknaden. Kommunen har og utarbeida eit eget utgreiingsskjema, og bistandsbehovet er kartlagt i IPLOS. Vi meiner det i oversendte sak er gjort ei forsvarleg utgreiing som er i samsvar med lovas krav.

Individuell vurdering

Av vedtaket går fram at søknaden om avlastningsopphald vart innvilga for ønska periode. Søkers situasjon framstår som individuelt vurdert, og byggjer på opplysningane som går fram av saksutgreiinga.Vi meiner etter gjennomgang av dokumentasjonen at kravet om konkret og individuell vurdering er ivaretatt.

Avgjerd grunngjeving innhald og informasjon om klageadgang

Vi har funnet grunn til å gi ein kommentar på dette området. Av forvaltningslova § 27 følgjer at den som er part i saka skal underrettast om avgjerda så snart som mulig. Vi ser at avgjerda i saka er adressert den eldre som har eit omsorgsbehov, og ikkje omsorgsyteren som har behov for avlastning og som satte fram søknaden. Avlastningsopphald er begrunna i at pårørande eller andre frivillige omsorgsgivere har behov for avlastning, og part i saka er her den som har behov for avlastningstenesta.

I den aktuelle saka vart søknad om avlastning innvilga for ønska periode, men i saker der søknad avslås eller delvis avslås er det spesielt viktig at den som er part i saka underettast om avgjerda for å sikre at klageadgangen vert ivaretatt.

Vi har på bakgrunn av gjennomgangen av oversendt dokumentasjon funnet at Bykle kommunes sakshandsaming tilfredsstiller lovas krav innenfor områdene omfatta av tilsynet. Vi ber kommunen merke seg kommentaren om underretning, og følge dette opp i videre sakshandsaming.

Tilsynet er med dette avslutta, og vi takker for godt samarbeid.

15.11.2010

Med helsing

Anne-Sofie Syvertsen
Fylkeslege

Ester Hassel
Ass. direktør