Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Stad: ÅPOS

Dato og klokkeslett: 05.08.2011 kl. 11:05

Tilsynet blei gjennomført av: Egil Nordlie og Nora Løddesøl.

Tilsynet snakka med: Laila Nylund. 

Rapporten er utarbeid etter ikkje melde tilsyn i Åmli kommune den 5. august 2011. Brukarane sin rettstryggleik skal vere sikra uavhengig av avdeling og institusjon. Tilsynet inngår som ein del av den planlagde aktiviteten for Helsetilsynet i Aust-Agder og Fylkesmannen i Aust-Agder i inneverande år.

Helsetilsynet i fylket er gitt mynde til å føre tilsyn med helsetenesta etter Lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2 og Lov om helsetenester i kommunane § 6-3. Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med sosiale tenester etter Lov om sosiale tenester § 2-3.

Målet med tilsynet er å vurdere om kommunen tek vare på ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Tilsynet femner kontroll om:

  • Bebuarane sin rett til fritt å røre på seg er tatt vare på
  • det var fatta vedtak etter pasientrettigheitlova kap 4A der det var sett i verk tiltak for å snevre inn fridomsretten

Gjennomføring:

Eit ikkje meld tilsyn blir gjennomført ved gransking av verksemda sine styringsdokument, ved samtaler med dei tilsette vi møter og ved inspeksjon og kontroll av om utvalde dører var låste eller opne. Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekka under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innanfor dei områda tilsynet omfatta.

Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift.

Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav sett fast i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsmakta finn grunn til å peike behov for betring for å unngå svikt. 

Tilsynet omfattar følgjande aktivitetar:

  • generelt varsel frå Helsetilsynet og Fylkesmannen i Aust-Agder av 03.12.2010 til alle kommunane i Aust-Agder der det vert varsla ikkje melde tilsyn gjennom 2011
  • telefonoppringing til verksemda omtrent ein halv time før vi kom
  • gjennomgang av innhaldet til tilsynet med den ansvarlege til stades
  • dører (les generell rapport) i alle avdelingane i verksemda vart kontrollerte for å sjekke tilgjenge
  • gjennomgang av resultatet av tilsynet med den ansvarlige, samt dei som ønskte det
  • tilsynsrapport

Oppfølging av forhold som må rettast, vil bli gjennomført på den mest føremålstenlege måten.

Funn:

Avvik 1:

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Aust-Agder finn ikkje avvik ved dette tilsynet.

Merknad 1:

Det var montert kodelås på nokon av dørene i avdelingane. Sjølv om dei ikkje nyttast, kan dei likevel gje eit låst uttrykk. Det er opp til kommunen sjølv å sjå om dette skal gjerast noko med.

Oppfølging:

Slik Helsetilsynet og Fylkesmannen i Aust-Agder ser det, gjer ÅPOS eit ope og fritt tilbod til brukarane. Dei av personalet vi snakka med kjende lov og forskrift, samt at vår verksamd i andre kommunar har ført til endringar i eigne rutinar. Tilsynet er med dette avslutta frå vår side.

27.10.2011

Med helsing

Elizabeth M. Bakke
ass. fylkeslege  

Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift.

Revisjonsleiar: Egil Nordlie

Vedlegg: Generelle forhold omkring, og observasjonar etter tilsyn med låste dører på 15 sjukeheimar i Aust-Agder våren 2010.