Bygland kommune - sjølmeldingstilsyn med legemiddelhandsaming 2011 - avslutning av tilsynet
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Vi syner til utfylt skjema som vi fekk tilsendt 25.11.2011. Vi har og fått kopi av 2 rapportar frå farmasitilsyn.
Helsetilsynet i Aust-Agder har gjennomført ein serie sjølmeldingstilsyn i fleire kommuner i fylket.
Dette er eitt av fleire tilsyn med tenestene til eldre. Sjølmeldingstilsyn er ein ny metode for tilsyn.
Tilsynet vart gjennomført ved at verksemnda vurderte eigne rutinar for legemiddelhandsaming etter tilsendt skjema frå Helsetilsynet. Dersom ikkje alle krav i lovverket var oppfylt, skulle verksemnda leggje fram planer slik at rutinar og prosedyrar vart i samsvar med lov og forskrift.
I Valle kommune vart ei verksemnd kontrollert. Det var:
Byglandsheimen v/ Gerd Torhild Helle Aakhus.
Vi har mottatt svar frå verksemnda. På eit av spørsmåla, nr. 11, svarar verksemnda at ein ikkje har regelbunden praksis for dokumentasjon av at pasienten har tatt legemiddelet. Avdelingsleiar skriv følgjande:
Me har skjema for gitt medisin, men ikkje for medisin gitt og tatt. Difor vil me forandre på skjemaet for gitt medisin til: medisin gitt og tatt (sjå vedlegg)
Gamalt og nytt skjema ligg vedlagt brevet. I det nye skjema er føyd til “og tatt”.
Helsetilsynet finn at ein her har retta opp avviket ved at skjemaet er endra. Vi forutsett at endringa er gjort vel kjend blant alle dei som handterar legemiddel i verksemnda.
Tilsynet avsluttast.
15.12.2011
Med helsing
Anne – Sofie D. Syvertsen
fylkeslege
Brevet er elektronisk godkjend og sendast utan underskrift
Sakshandsamar: Ester Hassel, tlf. 37 01 76 56 / 91 58 04 04