Bykle kommune - sjølmeldingstilsyn 2011 med legemiddelhandsaming - avslutning av tilsynet 2011
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Helsetilsynet i Aust-Agder har gjennomført ein serie sjølmeldingstilsyn i fleire kommuner i fylket.
Dette er eitt av fleire tilsyn med tenestene til eldre. Sjølmeldingstilsyn er ein ny metode for tilsyn.
Tilsynet vart gjennomført ved at verksemnda vurderte eigne rutinar for legemiddelhandsaming etter tilsendt skjema frå Helsetilsynet. Dersom ikke alle krav i lovverket var oppfylt, skulle verksemnda leggje fram planer slik at rutinar og prosedyrar vart i samsvar med lov og forskrift.
I Bykle kommune vart ei verksemnd kontrollert. Det var:
Bykle Helseheim v/Linda Reiulfsen
Vi har mottatt svar kontrollert av tenesteleiar Vidar Johnsen.
Det vart funne eit avvik frå lover og forskrifter ved verksemnda:
På spørsmål 6 svarar ansvarleg at det ikkje er vurdert risikotilhøve i legemiddelhandteringa.
Tenesteleiar skriv at verksemnda skal arbeide med dette og gjennomføre ei risikoanalyse innan utgongen av februar 2012.
Helsetilsynet finn at dette er ein realistisk plan for retting av avviket og vi avsluttar difor tilsynet.
Med helsing
Ester Hassel
ass.dir
Brevet er godkjend elektronisk og sendast utan underskrift