Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Helsetilsynet i Aust-Agder gjennomførte tilsyn på Bykle alders- og sjukeheim 10. og 11.04 i år. Denne rapporten gjer greie for merknaden som blei påpeikt innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet er avgrensa til helsehjelp som ytes til pasientar under opphald i sjukeheim. Dette gjeld uavhengig av om pasienten er i eit langtidsopphald eller korttidsopphald. Helsehjelp som ytes under avlastningsopphald er også omfatta.

Tilsynet skulle undersøkje om verksemda følgjer krava i lovverket på følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at motstand mot helsehjelpen hos pasientar vert identifisert, og at pasienten si samtykkekompetanse vert vurdert.
  • Om kommunen sikrar at tillitsskapande tiltak er forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført.
  • Om kommunen sikrar at det gjerast helsefaglige vurderingar av om den aktuelle helsehjelpen kan gjennomførast med tvang.

Bykle kommune har utarbeidd ein omfattande internkontroll, som langt på veg vert følgt.

Tilsynet avdekka likevel at kommunen bør søgje for betre opplæring.

Merknad:

  • Kommunen bør sørgje for opplæring for alle aktuelle tilsette på sjukeheimen i lova om Pasientrettigheiter, Kap 4A.

Dato: 08.09.11

Lasse Svenstrup Andersen
revisjonsleder
Heidi Marie Vige
revisor

 

 

Hanna H. Nilsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeid etter systemrevisjon ved Bykle kommune i perioden 11.03.11 – 08.09.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Aust-Agder i 2011, og dette er ein del av eit landsomfattande tilsyn som vert gjennomført i enkelte kommunar i heile landet.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta spørsmål om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske styrande dokument og journalar, ved intervju og andre undersøkingar som til dømes besøk på sjukeheimets avdelingar..

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bykleheimen har både aldersheimplassar og sjukeheimsplassar, i alt 24 plassar. Det var 21 personer som hadde plass på institusjonen då tilsynet vart gjennomført, av desse var 8 på sjukeheimsavdelinga.

Tenesteleiar har det administrative og økonomiske ansvaret, og skal rapportere til rådmannen.

Kommunen har gjort eit stort arbeid med internkontrollen sin som er godt dokumentert skriftleg. Det er og satt i verk eit dokumentasjonsprosjekt som sikra dokumentasjon i journalane.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 11.03.11. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte med synfaring blei gjennomført 10.04.11.

Opningsmøte og intervju blei halde 11.04.11. 6 personer vart intervjua, for oversikt over deltakarar vises til tabellen nedanfor.

Sluttmøte blei halde 12.04.11

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Bykle kommune, Bykleheimen si sjukeheimsavdeling, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motsett seg somatisk helsehjelp, og om denne hjelpa vert gjeven i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert, og at samtykkekompetansen til pasientar vert vurdert.
  • tillitsskapande tiltak vert utprøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.

Merknad:

Kommunen bør sørgje for opplæring for alle aktuelle tilsette på sjukeheimen i lova om Pasientrettigheiter, Kap 4A.»

  • Ikkje alle naudsynte opplysningar og hendingar vert notert i journalane.
  • I tvilstille skal ein alltid dokumentere hendingar. Det vert ikkje alltid gjort.
  • Nokre av dei tilsette er i tvil om kven som har ansvaret for å vurdere samtykkekompetanse hjå pasientane.
  • Nokre av dei tilsette er i tvil om kven som skal ha ansvar for å utarbeide vedtak.
  • Det manglar systematiske opplæringstiltak.

Tilsynet har elles merka seg:Det arbeidast godt i det daglege med fokus på pasientanes rett til sjølv å bestemme over sine liv, både i dei store spørsmåla og dei mindre og kvardagslege val i livet.

 

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Kvalitetshandbok og Internkontroll
  • Delegasjonsreglement
  • Organisasjonskart
  • Oversikt over dei som har plass ved Bykleheimen
  • Utdrag av avviksrapport frå journal
  • Turnus/vaktplan Pleie- og hjelpetenesta

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Journalar for 10 pasientar

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Aust-Agder:

  • Varsel om tilsyn 11.03.11.
  • E-post frå Bykle kommune, 30.03.11: styrande dokument, rutinar mv.
  • Brev med vedlegg frå Bykle kommune, 30.03.11.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Tallak Hoslemo

Rådmann

X

 

X

Vidar Johnsen

Tenesteleiar

X

X

X

Maren Østvold

Lege

 

X

X

Linda Reiulfsen

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Aud Standal Skagestad

Sjukepleiar

X

X

X

Anita Haugen

Hjelpepleiar

X

X

X

Randi Trydal

Hjelpepleiar

X

X

X

Anette Trydal

Sjukepleiar

   

X

Hin Rognmo

Hjelpepleiar

   

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Lasse Svenstrup Andersen, revisjonsleiar
Heidi Marie Vige, revisor
Hanna H. Nilsen, revisor