Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Helsetilsynet i Aust-Agder gjennomførte tilsyn på alders- og sjukeheimen i Valle (Bygdeheimen) 11. og 12. april i år. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikt innafor dei områda som blei reviderte. Tilsynet er avgrensa til helsehjelp til pasientar under opphald i sjukeheim. Dette gjeld uavhengig av om pasienten er i eit langtidsopphald eller korttidsopphald. Helsehjelp under avlastningsopphald er og omfatta.

Tilsynet skulle undersøkje om verksemda følgjer krava i lovverket på følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at motstand mot helsehjelpa hos pasientar vert identifisert, og at pasienten si samtykkekompetanse vert vurdert.
  • Om kommunen sikrar at tillitsskapande tiltak er prøvd før tvungen helsehjelp vert gjennomført.
  • Om kommunen sikrar at det gjerast helsefaglige vurderingar av om den aktuelle helsehjelpen kan gjennomførast med tvang.

Avvik 1:

Kommunen sikrar ikkje alltid at motstand blir identifisert, eller at samtykkekompetanse blir vurdert.

Avvik 2:

Kommunen sikrar ikkje at den som er ansvarleg for helsehjelpa kjenner, og vurderer lovens vilkår.

Dato: 08.09.11

Lasse Svenstrup Andersen
Revisjonsleiar

Heidi Marie Vige
Revisor

Hanna H. Nilsen
Revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeid etter systemrevisjon i Valle kommune i perioden 11.03.11 – 08.09.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Aust-Agder i 2011, og dette er del av eit landsomfattande tilsyn som vert gjennomført i utvalde kommunar i heile landet.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innafor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske styrande dokument og journalar, ved intervju og andre undersøkjingar som til dømes vitjing på sjukeheimsavdelingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innafor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensial for betring.

2. Omtale av verksemda – spesielle forhold

Valle er ei bygd i Setesdal med om lag 1300 menneske.

Frå 16.02.11 er det gjort endringar i leiarstrukturen. Kommunen har ikkje tatt stilling til korleis leiinga skal organisast permanent. PLO-leiar fungerar som leiar ved alders- og sjukeheimen og rapporterar til rådmannen. Det er og ein assisterande PLO-leiar.

Det er totalt 33 plassar ved heimen, der 7 er tilrettelagde for personar med demens. Av desse er 4 korttidsplasser og 22 langtidsplasser. Valle kommune hadde ein topp for antall eldre over 80 år i 2009/2010. Dette flater ut dei neste 20 åra.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel ble utsend 11.03.1. Oversikt over dokument virksomheten har oversendt i samband med tilsynet er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Åpningsmøte ble gjennomført 12.04.11.

Intervjuar
6 personer ble intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som ble gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Vi fekk ei omvisning ved Bygdeheimen i Valle kommune 12.04.11.

Sluttmøte ble gjennomført 13.04.11.

4. Kva tilsynet omfatt

Ved tilsynet undersøkte vi om Valle kommune, Bygdheimen si sjukeheimsavdeling har styring og fører kontroll med helsehjelp til pasientar som motsett seg somatisk helsehjelp, og om denne hjelpa blir gitt i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særleg om kommunen sikrar at

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert, og at samtykkekompetansen til pasientar vert vurdert.
  • tillitsskapande tiltak vert utprøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført.
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Avvik 1:

Kommunen sikrar ikkje alltid at motstand blir identifisert, eller at samtykkekompetanse blir vurdert.

  • Det er ingen skriftlege rutinar for Kapittel 4A.
  • Journalar viser at tvang blir nytta på sjukeheimen, uten at det blir fatta vedtak.
  • Alarmsystem er satt i verk uten at det blir fatta vedtak (Sengehest/alarmsnor).
  • Motstand dokumenterast ikkje alltid i journalen.
  • Samtykkekompetanse vurderast ikkje alltid der det er aktuelt. Der det gjerast, er det oftast i samband med vergemål.
  • Leiinga spør ikkje etter resultat eller måloppnåing for Kapittel 4A, og gjer ikkje evalueringer eller anna for å undersøkje dette.

Avvik 2:

Kommunen sikrar ikkje at den som er ansvarleg for helsehjelpa kjenner og vurderer lovens vilkår.

  • Lovverket er ikkje tilgjengeleg for dei tilsette på Bygdeheimen.
  • Det er ingen skriftlege rutinar for Kapittel 4A.
  • Det har ikkje vore Kap 4A opplæring internt på Bygdeheimen.
  • Alle som yter helsehjelp på sjukeheimen kjenner ikkje til at dei skal vere merksamme på om pasientar kan ha manglande samtykkekompetanse. Dei tilsette gjer ikkje slike individuelle vurderingar.
  • Det er uklart for dei tilsette kven som har ansvar for å vurdere og ta avgjerd i spørsmål om samtykkekompetanse for pasientane.
  • Helsepersonell og leiare har ikke kunnskap om sakshandsamingskrav.
  • Leiinga følgjer ikkje opp at krava i lova vert fulgt, og foretar ikkje evalueringar knytta til Kapittel 4A. Ingen spør etter resultat for Kapittel 4A.

Tilsynet har merka seg følgjande:

Kommunen har gjennomført eit dokumentasjonsprosjekt. Det er positivt at vi fann mange gode journalnotat som gav opplysningar som er detaljerte og relevante i mange høve. Tillitsskapande tiltak og individuell oppfølging av pasientar/bebuarar er og bra i mange høve.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Vurdering av styringssystemet

Valle kommune har ikkje eit internkontrollsystem for å kontrollere at lovens krav vert følgde.

Kommunen har ingen skriftlege rutiner for Kap 4A, og heller ikkje ein samla internkontroll. Leiinga spør ikkje etter korleis regelverket i Pasientrettigheitslova kapittel 4A følgjes opp på alders- og sjukeheimen, og det er ikkje anna oppfølgjing av dette regelverket. Dei tilsette er ikkje i stand til å følgje lova, medan kommunen ikkje har lagt forholde til rette og gitt dei tilsette god nok kunnskap om Kapittel 4A.

Dokumentasjonsprosjekt er gjennomført, og kommunen kan byggje på dette i arbeidet med å få styring og kontroll med kapittel 4A. Kommunen har og eit avvikssystem, som i større grad må nyttast for å avdekke manglar ved internkontrollen og dei daglege rutinane.

8. Dokumentunderlag

Verksemnda si dokumentasjon knytta til den daglege drifta og andre dokument som ble oversend under førebuing til revisjonen:

  • Organisering og ansvar
  • Møtestruktur
  • Omtale av sjukeheimen
  • Antall eldre over 80 år
  • Styrande dokument
  • Omtale av manglande rutinar
  • Journalsystem
  • Kompetanseplan
  • Avvikslogg

Dokumentasjon som ble gjennomgått under revisjonsvitjinga:

  • Møtestruktur
  • Antall plassar
  • Informasjon om rutinar, kompetanse mv.
  • Avvikslogg
  • Informasjon om organisering 16.02.11 – 15.08.11.
  • Stillingsbeskrivelse
  • Retningsliner for tildeling
  • Kriterier for innskriving i Valle bygdeheim
  • Vaktplanar
  • MMS / kognitive testar
  • Prioritering av kompetansebehov
  • Avvik

Korrespondanse mellom verksemnda og Helsetilsynet i Aust-Agder:

  • Melding om tilsyn 11.03.11
  • Svar frå kommunen 24.03.11

9. Deltakere ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på åpningsmøte og sluttmøte, og over personar som ble intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Aina Celestine Oksholen

Sjukepleiar

X

X

 

Astrid Bjørgum

hjelpepleiar

X

X

 

Signe Nomeland

hjelpepleiar

 

X

 

Nina S. Johnsen

Ass. PLO-leiar

 

X

X

Kari Thorbjørnsen

PLO-leder

X

X

X

Kaja Kristine Tho

     

X

Liv Stormo

sjukepleiar

   

X

Reidun Åkre

     

X

John Martin Rysstad

     

X

Lisbeth Hurthi Homme

hjelpepleiar

X

 

X

Torild Sandnes

Fagansvarleg personal, stedfortreder for rådmannen

   

X

Liv Bjørgum Rynningen

sjukepleiar

   

X

May Britt Andersen

     

X

Arne Tronsen

rådmann

X

   

Halvard Mostøl

tilsynslege

X

X

 

Loretta Stokiene

sjukepleiar

X

   

Hildeborg Homme

hjelpepleiar

X

   

Anita Svendsen

assistent

X

   

Britt Lise Homme

hjelpepleiar/ass.systemadm.

X

   

Hilde Kiland

 

X

   

Gerd Astrid Åkre

hjelpepleiar

X

   

Frå Helsetilsynet i Aust-Agder deltok:

Lasse Svenstrup Andersen
Heidi Marie Vige
Hanna Hurv Nilsen