Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Buskerud

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta. 

Samandrag

1. Innleiing

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

3. Gjennomføring

4. Kva tilsynet omfatta

5. Funn

6. Kommunens styringssystem

7. Regelverk

8. Dokumentunderlag

9. Deltakarar ved tilsynet

 

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Buskerud gjennomførte i perioden 01.04.2011 – 13.10.2011 tilsyn med kommunale helsetenester og barnevern- og sosiale tenester i Hemsedal kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei kommunale tenestene samarbeidar når det trengst for å gje utsette barn rette tiltak og tenester til rett tid.

Ved tilsynet i Hemsedal kommune vart det ikkje gjort funn som avdekka avvik. Det vart gjeve ein merknad om dokumentasjon i psykisk helseteneste.

Dato: 03.11.2011

Ole H. Bals
revisjonsleier
Kristine Langkaas
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 01.04.2011 – 13.10.2011 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Buskerud. Tilsynet omfattar kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder, og tenester ved overgangen frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 til 23 års alder.

Dette tilsynet omfattar både barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenesteloven som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen samt helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Føreliggjande rapport er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil verte koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande føremål og oppgåver. Resultata frå det landsomfattande tilsynet som vart gjennomført i 2008 i samarbeid mellom Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn, og Fylkesmannen og Helsetilsynet i Buskerud si oppfølging i 2009 og 2010, tilseier at merksemd må rettast mot tenester til dei brukarane som treng samordna tenester. Dei barna som treng tenester frå barnevern, helsetenester og/eller sosialtenester er sårbare og barna kan få stoda si alvorleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte deira behov og rettar på heilskapleg vis.

Føremålet med ein systemrevisjon er å vurdere om verksemda, gjennom internkontrollen sin, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga vert følgd

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik tyder at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike forbetringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hemsedal kommune hadde 2 140 innbyggjarar per 01.01.2011. Kommunen er organisert i tre etatar. Nav har ansvar for økonomisk sosialhjelp og rapporterar direkte til rådmannen. Helsestasjon/Skulehelseteneste og Psykisk helse/rusomsorg er organisert i Helse- og omsorgsetaten. Ål er vertskommune for den interkommunale barneverntenesta som Hemsedal er med i.

Barneverntenesta har i tidsrommet 01.07.2010 til 30.06.2011 motteke 28 meldingar om barn frå Hemsedal kommune. Ingen av meldingane var frå Nav, ei var frå Psykisk helseteneste/rus og tre frå skulehelsetenesta.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt 01.04.2011. Oversikt over kva dokument verksemda har sendt inn i samband med tilsynet, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte vart halde 23.08.2011.

Opningsmøte vart halde 11.10.2011.

Intervjuar

7 personar frå kommunen og 1 frå barneverntenesta vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gått gjennom under revisjonen er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Det vart ikkje gjennomført synfaring ved dette tilsynet.

Sluttmøte vart halde 13.10.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta å undersøkje om kommunanes helse- sosial og barneverntenester, som har kontakt med utsette barn og unge i skulepliktig alder, sikrar at dei får nødvendig og rett hjelp til rett tid og på eit samordna vis. Tilsynet omfatta også å undersøkje om barnevern- og sosialtenestene samarbeidar om å leggje til rette overgangen mellom dei to tenestene ved 18 – 23 år. Dette vart gjort ved å undersøkje om det frå kommunens side vert lagt til rette for at tenestene gir nødvendig hjelp etter lovgivinga, og om kommunen sikrar dette ved å følgje opp og kontrollere om kommunens praksis er i samsvar med pliktane.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkjeleg kjennskap til oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei kan samarbeide om å fange opp og greie ut dei utsette barna når det trengst.

Vidare omfatta tilsynet å undersøkje om tenestene i tilstrekkjeleg grad nyttar og informerar kvarandre og samarbeider når det trengst. Som ein del av dette vart det undersøkt om det fantes rutinar for samarbeid, faste møtetidspunkt, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det vert gjennomført medisinske undersøkingar når det trengst, og om sosialtenesta vurderer om dei treng kontakt med barnevernet i saker der sosialtenestene yter stønad eller bistand til familiar. Likeeins vart det også undersøkt om helsetenesta vurderer om dei treng kontakt med barnevernet.

Det vart vidare undersøkt om tenestene tek hand om individuell planlegging når dei til dømes lagar tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgivinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene samarbeidar om å leggje til rette og gjennomføre individuelle planar og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det enkelte barn vert kontinuerleg evaluert. Det vart undersøkt nærare om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om ein møtast som avtala, om dei ressursar som er vedteke brukt faktisk vert satt inn, om det er klårt kven som har teke på seg ansvar for kva oppgåver, konsekvensar av omorganiseringar og oppgåveendringar og om ein har nådd dei mål som var utgangspunktet for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunen i god tid førebur, og gjennomfører om det trengst, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18 – 23 års alder saman med den aktuelle ungdommen.

Tilsynet undersøkte om og på kva vis kommunens leiing følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevern og sosialteneste.  Det vart til dømes undersøkt om kommunen følgjer med på at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei bruker kvarandre når det trengst, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei følgjer med på om tenestene fungerer som føresatt og at tiltaksplanar og individuelle planar evaluerast.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette, ved tilsettingar, kartlegging av tilsettes kompetanse, opplæringstiltak og liknande, for at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkjeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengs.

Tilsynet undersøkte om kommunen har dokumentasjonssystem som tek hand om trongen for informasjon om tenester og tiltak som grunnlag for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Ved tilsynet vart det ikkje gjort funn som ga grunnlag for å gje avvik. Det vart gjeve ein merknad.

Merknad:

Psykisk helseteneste har eit forbetringspotensial ved kartlegging og dokumentasjon av korleis utsette barns behov er ivareteke. Dette gjeld og ved dokumentasjon av kontakt med andre instansar i enkeltsaker.

Merknaden er gjeve då mangelfull dokumentasjon kan gje risiko for at barn av psykisk sjuke ikkje får naudsynt hjelp til rett tid.

6. Kommunens styringssystem

Det vart opplyst at eit nytt kvalitetssystem er under utarbeiding. Systemet skal gjelda heile Hallingdal, og inkludera både internkontroll og avvikshandsaming. Systemet er venta ferdig i løpet av 2011.

7. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen av 18. desember 2009 nr 131
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetjenesten)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over då revisjonen vart førebudd, den 30.05.2011 frå Hemsedal kommune og 01.06.2011 frå Hallingdal barnevernteneste.

Frå kommunen:

  • Oversendingsbrev med opplysningar om organisering, tverrfaglig samarbeid og internkontroll
  • Oversyn over kommunens organisering
  • Retningsliner for fleirfagleg team
  • Retningsliner for koordineringsgruppe for barn og unge
  • Retningsliner for konsultasjonsteam helse
  • Liste over tilsette på dei aktuelle tenestestadene
  • Liste over aktuelle saker frå sosialtenesten.

Frå Hallingdal barnevernteneste:

  • Delegasjonsreglement pr 01.01.2011
  • Notat om organisering
  • Oversyn over tilsette i Hallingdal barnevernteneste
  • Omtale av det tverrfaglige samarbeidet barneverntenesta har med kommunane
  • Liste over aktuelle saker frå barneverntenesta

Anna dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

Den 23. og 24.08.2011:

  • Oversyn over meldingar til barneverntenesta i tidsrommet 01.07.10 – 30.06.11
  • 15 saksmapper på barnevernsaker
  •   5 saksmapper på sosialsaker (økonomisk stønad / rus) frå NAV
  •   9 skulehelsetenestejournalar
  •   5 journalar frå psykisk helse

Til saman er 34 saksmapper/journalar gjennomgått.

Korrespondanse mellom verksemda og tilsynsorganet:

  • 01.04.2011 Varsel om tilsyn
  • 30.05.2011 Innsendt dokumentasjon frå kommunen
  • 01.06.2011 Innsendt dokumentasjon frå Hallingdal barnevernteneste
  • 23.06.2011 Brev med program for revisjonen
  • 22.07.2011 Brev med endra program for revisjonen
  • 03.08.2011 Brev med førespurnad om spesifikk dokumentasjon frå barneverntenesta
  • Diverse e-postar og telefonar om praktisk gjennomføring og endringar i programmet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev eit oversyn over deltakarane på formøte, opningsmøte og sluttmøte, og over kven som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Formøte

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gabriel Johannessen

Rådmann (før 1.9.11)

X

     

Sveinung Halbjørhus

Rådmann (etter 1.9.11)

 

X

X

X

Borghild Moen

Helse- og omsorgssjef

X

 

X

X

Heidi Grøtne

Psykiatrikoordinator

X

X

X

 

Janne Brøndbo

Nav-leiar

X

X

X

X

Mette Maseng

Konsulent Psykisk helse

 

X

X

X

Marry Viljugrein

Leiande helsesøster

X

 

X

X

Hege Mindegård

Rådgjevar Nav

X

X

X

X

Anne Bekkestad

Barnevernkonsulent

 

X

X

 

Frå tilsynsorganet deltok:

Revisjonsleiar: Seniorrådgjevar Ole H. Bals, Fylkesmannen i Buskerud

Revisor: Seniorrådgjevar Marit Eide, Fylkesmannen i Buskerud

Revisor: Rådgjevar Elin Skoglund, Fylkesmannen i Buskerud

Revisor: Rådgjevar Une Borg Kjølseth, Fylkesmannen i Buskerud

Revisor: Rådgjevar Kristine Langkaas, Helsetilsynet i Buskerud

Revisor: Rådgjevar Marit Engen, Helsetilsynet i Buskerud