Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen har undersøkt om Ål kommune v/Nav Ål sikrar forsvarleg sakshandsaming av søknader om økonomisk stønad. Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen gjennom sine styringsaktivitetar og internkontroll sikrar at søkjarane sin rett til økonomisk stønad vert ivareteken. Tilsynet tek utgangspunkt i reglane om økonomisk stønad i lov om sosiale tenester i Nav §§18 og 19, i sakshandsamingskrav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, forvaltningslova, og i krav til internkontroll.

Tilsynet avdekka ikkje forhold som gav grunn til å gje avvik, men det ble gjeve følgjande to merknader:

Merknad 1:

Vedtak om innvilging av økonomisk stønad bør i større grad grunngjevast, slik at mottakaren lettere kan forstå kvifor hjelp er innvilga på et bestemt nivå.

Merknad 2:

Nav bør innarbeide ein praksis som i større grad sikrar at barnas særskilte behov blir kartlagt ved handsaming av søknader om økonomisk stønad.

Dato: 5. mai 2011

Anne Cathrine Dahl
revisjonsleiar

Magnhild Budal Pettersen
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Ål kommune i perioden 04.05.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester §9.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre utndersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Ål kommune har eit folketal på ca 4 700 . Dei dominerande næringsvegane i kommunen er landbruk, industi og hytteturisme.

Den administrative toppleiinga består av rådmann og åtte avdelingar i tillegg til ein eigen støttefunksjon der personal, økonomi, edb, sekretariat og reinhald inngår.

Nav Ål er organisert inn under helse- og sosialsektoren. Nav leiaren rapporterer til kommunalsjef helse- og sosial, som igjen rapporterer til rådmannen når det gjeld dei kommunale tenestene ved Nav kontoret. Den delen av ansvarsområdet som gjeld dei statlege tenestene blir rapportert direkte til NAV Buskerud. Det er ein 50% stilling som er definert til leiing på statleg og kommunal side.

Eininga er organisert i eit mottaksteam og eit oppfølingsteam. Vidare er det ein statleg stilling ved Nav Ål som inngår i ressurseininga ved Nav kontora i Hallingdal.

Mottaksteamet er bemanna med to sillingsheimlar fordelt på tre personar. I oppfølgingsteamet er det sett av tre stillingsheimlar. Hovudoppgåva til oppfølgingsteamet er oppfølging av brukarar som har trong for langtidstenester i Nav systemet.

Det er etablert eit felles telefonkontaktsenter i Buskerud som Nav Ål nyleg har kopla seg på.

Nav Ål handterer følgjande kommunale tenester:

  • Økonomisk sosialhjelp
  • Råd og rettleiing etter sotjl Nav
  • Kvalifiseringsprogrammet
  • Støttekontakt/avlastning
  • Husbankens ordningar med tilskott til utbetring og etablering i bustad for vanskelegstilte
  • Legatsøknader

Stilling for ruskonsulent og kapittel 6 i sosialtenestelova er lagt til avdeling psykisk helse.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt kommunen 16.02.2011.

Formøte blei ikkje halde.

Åpningsmøte blei halde 03.05.2011.

Intervju

6 personar blei intervjua

Det vart gjennomført synfaring ved Nav Ål 3.mai 2011.

Sluttmøte blei halde 03.05.11.

 

4. Kva tilsynet omfatta

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i samsvar med lov- og forskriftskrav
  • det skal særleg leggast vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det vært føreteke individuelle vurderingar

 

5. Funn

2 Merknader:

Merknad 1:

Vedtak om innvilging av økonomisk stønad bør i større grad grunngjevast, slik at mottakaren lettare kan forstå kvifor hjelp er innvilga på eit bestemt nivå.

Merknad 2:

Nav bør innarbeide ein praksis som i større grad sikrar at barnas særskilte behov blir kartlagt ved handsaming av søknader om økonomisk stønad.

 

6. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 4, 5, 17, 18, 19, 20, 21 og 28.
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.02.67.

 

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:

  • Organisering av sosiale tenester i Nav Ål
  • Delegasjonsfullmakt frå Ål kommune
  • Driftsavtale
  • Ål kommune helse- og sosialplan 201-2013
  • Dokument vedr. samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeidsavtaler med Oppfølgingstjenesten
  • Kompetanseplan
  • Sikkerhetsinstuks
  • Arbeidsprosessar, tenesteinnhald og oppgåvefordeling
  • Rutinehandbok
  • Søknadsskjema
  • Kriterier for å tildele støttekontakt
  • Årsrapportar frå sosialtenesta og frå Ål kommune i 2009 og 2010
  • Prosedyrer for evaluering av tenestetilbodet
  • System for avviksmelding – nytt system skal innførast
  • Sjekkliste vernerunde
  • Oversikt over organisering av arbeidet med internkontroll i Nav Ål
  • Liste over sosialhjelpsmottakarar pr 01.03.11
  • Kopi av alle vedtak der det er innvilga sosialhjelp i perioden des. 2010 til februar 2011
  • Kopi av alle vedtak i perioden des 2010 til febr 2011 der det er gjeve avslag på økonomisk sosialhjelp

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Klientmappene i dei 10 siste sakene der det er innvilga stønad etter §§ 18 og 19
  • Klientmappene i 17 spesifiserte saker
  • Klientmappene i de 10 siste sakene der det er gjeve avslag på søknad om stønad til livsopphald og buutgifter.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • 16.02.2011 – Varsel om tilsyn
  • 24.03.2011 - Dokumentgrunnlag frå Ål kommune motteke
  • 27.04.2011 – Dagsorden utsendt

 

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev eit oversyn over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Margit Solveig Thon

NAV leiar

X

X

X

Ann Mari Haga

Veileder mottak/oppfølging

X

X

X

Gerd Andersen

Veileder mottak

X

X

X

Magne Ilstad

Veileder oppfølging

X

X

X

Torhild Helling Bergaplass

Veileder oppfølging

X

X

X

Karsten Dideriksen

Helse- og sosialsjef

X

X

X

Ingerid Elverum

Veileder

   

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Kristin Briseid (revisor)
Gisle Skaaden (revisor)
Magnhild Budal Pettersen (revisor)
Anne Cathrine Dahl (revisjonsleiar)