Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen har undersøkt om Hol kommune v/Nav Hol sikrar forsvarleg sakshandsaming av søknader om økonomisk stønad. Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen gjennom sine styringsaktivitetar og internkontroll sikrar at søkjarane sin rett til økonomisk stønad vert ivareteken. Tilsynet tek utgangspunkt i reglane om økonomisk stønad i lov om sosiale tenester i Nav §§18 og 19, i sakshandsamingskrav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, forvaltningslova, og i krav til internkontroll.

Tilsynet avdekka ikkje forhold som gav grunn til å gje avvik, men det ble gjeve følgjande merknad:

Merknad:

Hol kommune v/ Nav Hol dokumenterer ikkje at det er innhenta samtykke frå stønadsmottakar til overføring av stønad (økonomisk sosialhjelp) direkte til kreditor.

Dato: 10. mai 2011

Anne Cathrine Dahl
revisjonsleiar

Gisle Skaaden
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Hol kommune i perioden frå 16. februar til 4.mai 2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året. Fylkesmannen har etter § 9 i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen rett og plikt til å føre tilsyn med dei sosiale tenestene i Nav.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik tyder at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hol kommune har eit folketal på om lag 4400. Dominerande næringsvegar i kommunen er landbruk, turisme og industri i form av verktøyproduksjon.

Nav Hol blei oppretta i 2008. Kontoret er organisert som ei eining i helse- og sosialetaten, og Nav-leiaren rapporterer til helse- og sosialsjefen når det gjeld dei kommunale tenestene i kontoret.

Kontoret er ikkje organisert i team. Nokre tilsette har likevel hovudansvaret for drifta av mottaket, medan andre hovudsakleg har ansvar for sakshandsaming og oppfølging av kontoret sine brukarar. Det er etablert eit felles telefonkontaktsenter i Buskerud som Nav Hol nyleg har kopla seg på.

På tidspunktet for tilsynet var det registrert 28 mottakarar av økonomisk sosialhjelp ved kontoret.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt kommunen 16. februar 2011.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde4. mai 2011.

Seks personar blei intervjua.

Det blei gjennomført synfaring ved Nav Hol 4.mai 2011.

Sluttmøte blei halde 4. mai 2011.

4. Kva tilsynet omfatta

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad blir handsama i samsvar med lov- og forksriftskrav
  • det skal særleg leggast vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det blir gjort individuelle vurderingar

5. Funn

Tilsynet ga ikkje grunnlag for å gje avvik.

Det blei gitt éin merknad:

Hol kommune dokumenterer ikkje at det er innhenta samtykke frå stønadsmottakar til overføring av stønad (økonomisk sosialhjelp) direkte til kreditor.

Merknaden blei gitt fordi vår vurdering er at det kan oppstå tvil og usemje om kor vidt det faktisk har blitt gitt samtykke til overføring av stønad direkte til kreditor, når dette ikkje er dokumentert ved bruk av skriftleg samtykkeerklæring. Samtykke er som utgangspunkt naudsynt av teiepliktreglane.

6. Regelverk

 

 

 

 

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:

Opplysningar om organiseringa av Nav Hol

Samarbeidsavtale mellom Nav Buskerud og Hol kommune

Driftsavtale for Nav Hol

Styringssignal frå Hol kommune

Opplysningar om samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar

Skildring av team og samarbeid internt ved Nav Hol

Hol kommune sin opplæringsplan for 2011 for helse- og sosialetaten

Oversyn over tilsette som tek imot førespurnader som gjeld økonomisk sosialhjelp

Oversyn over tilsette som gjer vedtak som gjeld økonomisk sosialhjelp

Oversyn over tenesteinnhald

Rutinehandbok

Søknadsskjema

Kopi av sjekkliste frå vernerunde i 2010

Hol kommune si årsmelding frå 2009

Prosedyrar for evaluering av tenestetilbodet

Skrivne prosedyrar for å melde avvik

Oversyn som viser Hol kommune sitt arbeid med internkontroll i Nav Hol

Liste over personar som pr. 1. mars 2011 mottek økonomisk sosialhjelp frå Nav Hol

Alle vedtak om økonomisk sosialhjelp i perioden frå desember 2010 til februar 2011

E-post frå Hol kommune om diverse spørsmål

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

Klientmappene til 16 personar som Fylkesmannen hadde bedt spesifikt om

Klientmappene i dei ti siste sakene der det hadde blitt gitt stønad til livsopphald og utgifter til husvære.

Protokoll frå interne fullmaktsmøte

Resultat frå brukarundersøking av dei kommunale tenestene i 2010

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • 16.02.2011 – Varsel om tilsyn
  • 24.03.2011 – Dokumentgrunnlag frå Hol kommune motteke
  • 15.04.2011 – Dagsorden utsendt

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev eit oversyn over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Jarl Olav Helling

Helse- og sosialsjef

X

 

X

Herman Trillhus

Nav-leiar

X

X

X

Linda Sveinunggard

Vegleiar

X

X

X

Gro Augunset

Vegleiar

X

X

X

Berit Sandaker

Vegleiar

X

X

X

Lisa Skjærvik

Vegleiar

X

X

X

Solveig Haugerud

Vegleiar

X

 

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Kristin Briseid (revisor)

Gisle Skaaden (revisor)

Magnhild Budal Pettersen (revisor)

Anne Cathrine Dahl (revisjonsleiar)