Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet for sosial- og helsetenestene
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda av kommunens sosial- og helsetenester som tilsynet omfatta.

Systemrevisjonen omfatta følgjande:  

  • Kommunen si styring og kontroll med at personar som har alvorleg psykisk sjukdom får individuelt tilrettelagde, samordna og forsvarlege tenester og at tenestemottakarane får medverke. Revisjonen omfatta alle fasar i tenesteytinga frå planlegging og tildeling til iverksetjing, gjennomføring og evaluering av tildelte sosial- og helsetenester.
  • Os kommune legg vekt på ivareta brukarmedverknad og gje tenester tilpassa individuelle behov. Behov for langvarige og koordinerte tenester blir melde til forvaltningsgruppe for individuell plan som ser til at det blir utpeikt koordinator for individuell plan. Det er innarbeidd praksis å nytte ansvarsgrupper eller samordningsmøte til å planleggje og evaluere tenester.
  • Tenestene er organiserte i forskjellige einingar. Koordinering av tenestene føreset samarbeid på einingsleiarnivå om utvikling og vedlikehald av rutinar. Samordna planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene til tenestemottakarar som treng langvarige og koordinerte tenester, føreset vidare at personell som skal gi tenester kjenner til og har ei felles forståing av rutinar og mål med tenestene til den enkelte.

Ved tilsynet blei det ikkje gjeve avvik frå krav i sosial- og helselovgjevinga.

Det blei gjeve ein merknad:
Det vil vere ei betring om det blir etablert forum for regelmessig rettleiing, informasjonsutveksling og samarbeid mellom personell i dei forskjellige einingane.

Dato: 29. mars 2007

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Torill Vebenstad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Os kommune i perioden 11. desember 2006 - 16. februar 2007. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet i 2007 med sosial- og helsetenester til personar som treng langvarige og koordinerte tenester. Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorleg psykisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk og psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemming. Tilsynet inngår i den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland inneverande år.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Os kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Tenestene i Os kommune er organisert i ein to-nivå modell. Det er oppretta bestillar- og forvaltarkontor. Når det gjeld sosial og helsetenester er det einingar for psykiatriske- og sosiale tenester, pleie- og omsorgstenesta, rehabiliteringstenester og tenester til personar med psykisk utviklingshemning.

Eining for psykiatriske- og sosiale tenester omfattar assistert bustad som er eit døgnbemanna butiltak for rusavhengige, eventuelt rusavhengige med samtidig psykisk sjukdom. Personellet gjev også tenester til personar som bur i eigne bustader. Psykiatritenesta yter tenester på dagtid, men i bufellesskap for personar med psykisk sjukdom er det personell på vakt til klokka 2130 tre kveldar i veka og dagsenteret har opent ein kveld i veka. Personellet på vakt svarar på vakttelefon som heimesjukepleien og legevakt kan ringe om det oppstår behov for informasjon eller anna hjelp desse kveldane.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 11. desember 2006.

Opningsmøte blei halde 15. februar 2007.

Intervju: 20 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 16. februar 2007.

Oversikt over dokument og opplysningar som Os kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp lang ei tidsline med tre fasar. Kommunens oppgåver innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre:

Oppstartsfasen

  • tilgjenge til tenester, handtering av nye søknader og/eller spørsmål om tenester, utgreiing av behov, planlegging og avgjerd om tenester

Iverksetjingsfasen

praktisk gjennomføring av avgjerder

Oppfølgingsfasen

  • oppfølging av tenestemottakarane, revurdering av behov og eventuell justering av tenester

I høve til kvar fase er det også undersøkt om at kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
  • Forsvarleg tenesteyting

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik.

Merknad 1:

Det vil vere ei betring om det blir etablert forum for regelmessig rettleiing, informasjonsutveksling og samarbeid mellom personell i dei forskjellige einingane.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Fleire tilsette uttalte at dei hadde behov for meir rettleiing i høve til å yte tenester til personar i målgruppa for tilsynet.
  • Det er faste møte for einingsleiarar og i forvaltningsgruppe for individuell plan, men utanom ansvarsgrupper eller samordningsgrupper er det ikkje faste tverrfaglege møte for tilsette i dei ulike einingane. Det kom fram at fleire har liten kjennskap til tilbod som andre einingar kan gje og at dette kan innverke på kva tenester og tiltak som blir sette i verk for personar i målgruppa.
  • I mangel av regelmessige møteplassar blir det og lite høve til å drøfte rutinar som skal vere felles og etablere felles forståing på tvers av dei forskjellige einingane.

Tilsynet har elles merka seg:
Os kommune legg vekt på ivareta brukarmedverknad og gje tenester tilpassa individuell behov. Behov for langvarige og koordinerte tenester blir melde til forvaltningsgruppe for individuell plan som ser til at det blir utpeikt koordinator for individuell plan. Det er innarbeidd praksis å nytte ansvarsgrupper eller samordningsmøte til å planleggje og evaluere tenester.

6. Vurdering av styringssystemet for sosial- og helsetenestene

Fleire einingar har ansvar for å tildele og yte tenester til personar med alvorleg psykisk sjukdom som treng langvarige og koordinerte tenester. Koordinering av tenestene føreset samarbeid på einingsleiarnivå om utvikling og vedlikehald av rutinar. Samordna planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene til tenestemottakarar som treng langvarige og koordinerte tenester, føreset vidare at personell som skal gi tenester kjenner til og har ei felles forståing av rutinar og mål med tenestene til den enkelte. Det er eit leiaransvar å følgje med på at iverksette rutinar fungerer som planlagt og at dei er tilstrekkelege til å oppfylle krav i sosial- og helselovgjevinga.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Os kommune
  • Årsmelding 2005 frå Psykiatriske og sosiale tenester
  • Orientering om samarbeidsavtaler/- og tverretatlege samarbeidsfora
  • Opplæringsplan 2006 – eining for Psykiatriske og sosiale tenester
  • Skjema – søknad om tenester frå psykiatritenesta
  • Brevmal – melding om vedtal
  • Registerkort IPLOS
  • Rutine for vedtak på tenester innan pleie og omsorg, rehab.avd og PU
  • Søknadsskjema pleie og omsorg
  • Brevmal – vedtak om heimesjukepleie
  • Brevmal – vedtak om heimehjelp
  • Skjema – søknad om avlasting
  • Skjema – søknad om støttekontakt
  • Rutine – tildeling av støttekontakt og avlasting
  • Framlegg til plan for psykisk helsearbeid 2007 – 2010

Dokumentasjon motteken i e-post 25. januar 2007

  • Oversikt over tilsette i forskjellige einingar
  • Dokumentasjon motteken i e-post 13. februar 2005
  • System for arbeidet med individuell plan i Os kommune

Dokumentasjon motteken i e-post 5. februar 2007

  • Kommunal saksgang for utarbeiding av individuell plan
  • Brosjyre ”Vegen til individuell plan i Os kommune”

Andre tiltak som del av førebuinga til tilsynet:

  • Samtalar med fastlegane Stein-Erik Blomberg og Vegard Hodneland

Dokumentasjon som blei lagt fram ved tilsynet:

  • Serviceerklæring for psykiatriske tenester 2003
  • Serviceerklæing for avlasting og støttekontakt 2003
  • Serviceerklæring for sosialtenesta 2003
  • Serviceerklæring for heimehjelp 2003
  • Serviceerklæring for heimesjukepleie 2003
  • Kompetanseplan for Kuhnletunet og Vestre Lurane Bufellesskap 2006
  • Retningsliner for primærkontaktar i bustader for utviklingshemma, Kuhnletunet og Vestre Lurane Bufellesskap

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Søknader om tenester, vedtak om tenester, referat frå samarbeidsmøte, ansvarsgruppemøte og/eller individuelle planer til 22 tenestemottakarar med psykisk sjukdom og langvarige og samansette behov for tenester.

Korrespondanse mellom kommunen og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 11. desember 2006
  • Brev av 11. januar 2007 med vedlegg frå Os kommune
  • E-post 19. januar 2007 frå Fylkesmannen i Hordaland etterspør tilleggsopplysningar
  • E-post 23 januar 2007 frå Os kommune
  • E-postar 25. januar frå Os kommune
  • E- postar 5. februar 2007 frå Os kommune om endring i program og orientering om individuell plan
  • E-post 6. februar 2007 frå Os kommune om møterom
  • E-post 12. februar 2007 frå Os kommune om praktisk tilrettelegging
  • E-post 13. februar 2007 vedlagt opplysningar om arbeid med Individuell plan

 

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Arnesen, Sam

Einingsleiar psykisk utv.h

X

X

X

Askeland, Kari

Fagarbeidar assistert bustad

X

X

X

Axelsen, Lisbeth

Fagleiar psykiatri

X

X

X

Fjæreide, Brit E.

Hjelpepleier Bustad Moberg

X

X

X

Helgesen, Bjørg

Omsorgsarbeidar

X

X

 

Herland, Anita

Sjukepleiar heimetenestene

X

X

X

Holsen, Birgit

Einingsleiar bestillar og forvaltarkontoret

X

X

X

Kårstad, Haldis

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

 

Langhelle, Aina

Spesialhjelpepleiar Stegen bufellesskap

X

X

X

Ljones, Guri

Vernepleiar bestillar og forvaltarkontoret

X

X

X

Matre, Yvonne

Einingsleiar psykisk utv.h

X

   

Pedersen, Martha L.

Fagleiar fysioterapitenesta

X

 

X

Rekve, Knut Terje

Rådmann

X

X

X

Sjøthun, May Tove

Vernepleiar Stegen bufellesskap

X

X

X

Solberg, Eva-Marie

Einingsleiar psykiatriske og sosiale tenester

X

X

X

Solberg, Jorunn

Kommunaldirektør

X

X

X

Storum, Hilde K.

Leiar assistert bustad

X

tlf.inter-vju 14. februar

X

Trane, Lars

Fagleg leiar sosialtenesta

X

X

 

Træland, Barbra

Koordinator individuell plan

 

tlf.inter-vju 13.februar

 

Tøsdal, Øyvind

Kommunaldirektør

X

X

X

Valle, Anne

Einingsleiar pleie og omsorg

 

X

 

Wågsæther, Kari

Sjukepleiar bestillar og forvaltarkontoret

X

X

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Fosse, Grethe, ass. fylkeslege
Landås, Jarle, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, underdirektør, leiar
Vebenstad, Torill, rådgjevar