Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte.

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av tenestene støttekontakt og avlasting, jf sosialtenestelova § 4-2 bokstav b og c og forskrift om internkontroll.
  • Om kommunen sikrar at avlastarane og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innan det aktuelle området, jf sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c.

Fylkesmannen avdekka tre avvik:

  • Austrheim kommune sikrar ikkje at avlasting etter lov om sosiale tenester vert ytt til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.
  • Austrheim kommune sikrar ikkje at avlastarar for barn under 18 år har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter.
  • Austrheim kommune sikrar ikkje at personar som har eit vurdert behov for støttekontakt mottar slike tenester.

Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.

Dato: 05.07.07

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Ellen Halden Aarrestad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Austrheim kommune i perioden 03.04.07 – 13.06.07. Revisjonen er ein del av det landsomfattande tilsyn med avlastings- og støttekontakttenestene etter lov om sosiale tenester som Statens Helsetilsyn har fastsett skal gjennomførast for 2007 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6, jf kommunelova § 60 b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Austrheim kommune si organisering er basert på ein organisasjonsstruktur med to leiarnivå. Det første nivå omfattar rådmann som saman med stabs- og støtteeining, servicekontor og økonomikontor har ansvar for den administrative styringa og leiinga. Det andre leiarnivå omfattar avdelingsleiar med ansvar for sjølvstendige resultateiningar innan skule, barnehage, pleie- og omsorg, helsetenester, sosialtenester m.m.

Delegasjonsreglementet for kommunen gjev avdelingsleiarane fullmakter i høve tenestyting, økonomistyring og personaladministrasjon. Kvar av avdelingsleiarane rapporterar direkte til driftssjefen/rådmannen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 03.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 11.06.07.

Intervju blei gjennomført den 11.06.07. Telefon intervju vart gjennomført med Katrine Kvingedal den 12.06.07.
9 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde den 13.06.07.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakt- og avlastingstenester etter lov om sosiale tenester § 4-2, bokstav b og c. I dette tilsynet omfattar tildeling også iverksetjing av tenester. Vidare har ein retta merksemda mot om avlastarar og støttekontaktar vert sikra naudsynt kunnskap og ferdigheiter for å kunne yte eit forsvarleg tenestetilbod. Tilsynet er delt inn i 3 områder.

Område 1:
Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastingstenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav b, under dette:

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av alle søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • praksis der det ikkje blir kravd vederlag for avlastning
  • om iverksatte vedtak blir utført etter vedtak
  • alternative tiltak blir vurdert der vedtaket ikkje kan oppfyllast

Område 2:

Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontaktenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav c, under dette:

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av alle søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • om iverksatte vedtak vert utført etter vedtak
  • alternative tiltak vurderast når vedtak ikkje kan oppfyllast

Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor det aktuelle område.

  • vurdering av krav til kunnskapar og evne
  • nødvendig opplæring
  • jamleg evaluering av tenestetilbodet
  • jamleg oppfølging

5. Funn

Tilsynet omfatta følgjande områder:

Område 1:
Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastingstenester.

Avvik 1:
Austrheim kommune sikrar ikkje at avlasting etter lov om sosiale tenester vert ytt til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.

Avvik frå:

  • Lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav b, jf §§ 4-3, 11-2, føresegn til lov om sosiale tenester § 8-2 nr. 3, §§ 4-1 og 3-5, forvaltningsloven § 11 og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Kommunen sine sosiale tenester skal omfatte avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Det er ikkje høve til å ta betaling for avlastingstenester uavhengig av på kva måte tenesta vert ytt. Korttidsopphald på institusjon etter kommunehelsetenestelova vert tildelt etter den omsorgstrengande sitt behov medan avlastingstenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav b vert tildelt etter ei vurdering av omsorgsytar sitt behov for avlasting.

Kommunen har plikt til å informere aktivt om sine avlastingstenester og føremålet med tenestene. Kommunen har plikt til å gje opplysningar og til å rettleia om tenestene. Vidare skal kommunen sikre at søkaren får orientering om sine rettar.

Avviket bygger på følgjande:

  • Mynde til å fatte vedtak om avlasting etter lov om sosiale tenester er delegert til sosialleiar og leiar av avdelinga for pleie, omsorg og heimetenester. Det vart opplyst i intervju at avlasting ikkje har blitt tildelt til personar som yter omsorg til eldre heimebuande dei siste 3 åra.
  • Det går fram av reglement for Inntaksnemda i Austrheim kommune med verknad frå 14.12.05 at Inntaksnemda er delegert mynde til å tildela institusjonsplassar med heimel i lov om helsetenestene i kommunane og lov om sosiale tenester ved Nordliheimen, både langtidsplassar og kortidsplassar. Avlasting er ikkje omfatta av reglementet.
  • Kommunen har lagt fram søknad som viser at det er søkt om avlasting etter lov om sosiale tenester. Vedtaket som er fatta omfattar kortidsopphald etter kommunehelsetenestelova. Vedtaket er ikkje grunngjeve og det går ikkje fram kva som er føremålet med opphaldet. Framlagte vedtak om kortidsopphald på Nordliheimen for 2007, er ikkje grunngjeve.
  • Det kom fram under tilsynet at mottekne søknader om kortidsopphald og avlasting til personar som yter omsorg for eldre heimebuande vert vurdert til å gjelda kortidsopphald og dekt ved at Inntaksnemda tildeler kortidsplass på Nordliheimen etter kommunehelsetenestelova.
  • Av kommunen sitt søknadsskjema går det ikkje fram at ein kan søkja om avlastning etter lov om sosiale tenester.
  • Det er ikkje nokon informasjon på kommunen sine heimesider på internett om avlasting.
  • Der er opplyst under intervju at kommunen ikkje informerer om avlasting til heimebuande eldre som ein teneste kommunen kan tilby.
  • Manglande tildeling av avlasting til personar som yter omsorg for heimebuande eldre er formidla og drøfta på nivå over avdeling pleie- omsorgs og heimetenestane, utan at det har medført at kommunen har endra sin praksis.

Område 2:

Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontaktar.

Avvik 2:
Austrheim kommune sikrar ikkje at personar som har eit vurdert behov for støttekontakt mottar slike tenester.

Avvik frå:

  • Lov om sosiale tenester §4-2 bokstav c, jf § 4-3, § 2-1, 1. ledd og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c skal sosiale tenester omfatte støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a-d. Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at tenestene etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Under tilsynet kom det fram at ein person som har vedtak på støttekontakt ikkje mottar tenesta. Under tilsynet kom det fram at det hadde gått om lag 9 månader frå støttekontakten hadde slutta før sosialtenesta fekk kunnskap om dette.
  • Kommunen har ikkje rutinar for å sikre at tenestene blir utført i samsvar med vedtak.
  • Det kom fram under intervju at kommunen har rutinar for å vurdera og fatte vedtak om støttekontakt, sjølv om kommunen ikkje har tilgjengeleg støttekontakt. Det er ikkje klårt kor lang tid det tar frå kommunen har fatta vedtak om støttekontakt til vedtaka vert effektuert.
  • Det kom fram under intervju at det er det ikkje ligg føre klare retningslinjer for når sosialtenesta skal rapportere til overordna nivå om manglande iverksetting av vedtak.

Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor det aktuelle område.

Avvik 3:
Austrheim kommune sikrar ikkje at avlastarar for barn under 18 år har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter.

Avvik frå:

  • Lov om sosiale tenester §§ 2-1 og 2-3 og føresegn om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Avlastarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Slik nødvendig opplæring kan vera grunnleggjande opplæring for avlastarane, under dette personar som yter tenester i private heimar, som ikkje har gjennomgått nokon opplæring, for å kunne utføre oppgåvene i samband med gjennomføring av avlastingstenestene.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det kom fram under tilsynet at avlastarane ikkje hadde fått opplæring før dei starta avlastaroppdraget.
  • Det kom fram under tilsynet at kommunen har ikkje evaluert tiltaket.
  • Under tilsynet kom det fram at kommunen har ikkje rettleia avlastarane.
  • Det kom fram under tilsynet at det ikkje ligg føre rutinar for oppfølging og rettleiing av avlastarane.

Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester (sosialtenestelova)
  • Føresegn av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial og helsetenesta
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Administrativ organisering for Austrheim kommune frå 2004.
  • Delegasjon av mynde til rådmannen med vidaredelegasjon, datert 21.09.04.
  • Delegasjon av mynde frå rådmannen til Inntaksnemda, sosialleiar, avdelingsleiar for pleie og omsorg.
  • Årsmelding for 2006.
  • Prosedyrar i arbeidet med støttekontakt/avlastingstenester i Austrheim kommune.
  • Prosedyrar ved rekruttering av støttekontaktar.
  • Oppfølging av støttekontaktar ved Helseavdelinga.
  • Funksjonsbeskrivelse for psykiatrisk sjukepleiar.
  • Arbeidsavtale for støttekontaktar.
  • Oversikt over kor mange personar som mottar støttekontakt og avlasting.
  • Oversikt over avlastarar og støttekontaktar.
  • Melding om truslar og vold retta mot tilsette i Austrheim kommune.
  • Avviksskjema for støttekontaktar.
  • 10 vedtak om støttekontakt.
  • 1 vedtak om avslag på støttekontakt.

Dokumentasjon mottatt under revisjonsbesøket:

  • Reglement Inntaksnemnda i Austrheim kommune gjeldande frå 14,12,05.
  • Rutine for saksbehandling av søknad om avlasting datert 20.10.00.
  • Sosialrapport for godkjenning av besøksheim/reserveforeldre/”ressurspersonar”.
  • Rutine for saksbehandling av søknad om støttekontakt/avlasting etter lov om sosiale tenester datert 16.10.00.
  • Søknad om å bli støttekontakt.
  • Verksemdsplan for sosial og barneverntenesta 2007 – 2009.
  • Vedtak om tildeling av støttekontakt/avlasting datert 09.01.07.
  • Oversikt over støttekontaktar og avlastera.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Gjennomgang av alle vedtak for tildeling av kortidsopphald for 2007.
  • Gjennomgang av 10 mapper – Avdeling sosial og barnevern.
  • Gjennomgang av 1 mappe – Avdeling helse.
  • Gjennomgang av 1 mappe – Avdeling pleie- omsorg- og heimetenester.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn sendt 03.04.07.
  • Brev frå Austrheim kommune med oversending av etterspurd dokumentasjon.
  • Plan for intervju ble sendt frå Fylkesmannen til kommunen på E- post den 01.06.07.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Olav Mongstad

Driftssjef

X

X

X

Eldbjørg Vikane

Sakshandsamar -Servicekontor

X

X

X

Målfrid Kvamme Ulvøy

Sakshandsamar – avdeling sosial og barnevern

X

X

X

Torunn Helland Karlsen

Leiar – avdeling Sosial og barnevern

X

X

X

Kristine M. Fanebust

Psykiatrisk sjukepleiar – avdeling Helse

X

X

X

Monika Kvamme

Leiar – avdeling pleie, omsorg og heimetenester

X

X

X

Kari Tresvik

Støttekontakt

 

X

 

Hilde Karin Kyrkjebø

Støttekontakt

 

X

 

Katrine Ask Kvingedal

Avlastar

 

Tlf. intervju 12.03.07

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Vibeke Herskedal, rådgjevar, leiar
Ellen Halden Aarrestad, førstekonsulent