Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Hordaland

 

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte tilsyn med Medisinsk klinikk, Stord sjukehus 31. januar og 1. februar 2007. Tilsynet blei utført som systemrevisjon.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta:

Dette tilsynet var avgrensa til følgjande område:

  • Organisering
  • Opplæring av assistentlegar og turnuslegar
  • Medisinskfagleg kompetanse
  • Medisinskfaglege rutinar

Ved dette tilsynet er det ikkje avdekt svikt ved opplæringa, kompetansen og dei medisinskfaglege rutinane tilsynet omfatta. Det blei påpeikt eitt avvik:

Avvik
Medisinsk klinikk, Helse Fonna er organisert slik at det ikkje er klårt for leiarane og andre tilsette i klinikken korleis ansvar, mynde og oppgåver er fordelt.

Dato:  31.5.2007

Magnar Kleppe
revisjonsleiar
Anne-Lisbeth Vabø
revisor

 

 

Samandrag1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Medisinsk klinikk, Stord sjukehus, Helse Fonna HF 1. januar og 1. februar 2007 . Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Hordaland i dette året .

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Helse Fonna HF er eit desentralisert helseføretak med sjukehus i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. (Haugesund sjukehus, Stord sjukehus, Odda sjukehus og Valen sjukehus).

Helse Fonna HF, Medisinsk klinikk er organisert med einingar på Stord og i Haugesund.

Stord sjukehus er delt inn i fire driftseiningar; medisin 2, medisin 4, felles intensivavdeling og medisinsk poliklinikk. Medisinsk avdeling har til saman 45 senger fordelt på dei to sengepostane, ein sengepost med hovudvekt på kardiologi og slag (medisin 4), ein sengepost med hovudvekt på gastroentrologi og endokrinologi (medisin 2). Intensivavdelinga omfatter coronar hjerteovervaking og 5 plassar for hemodialyse.

Avdelinga server ei befolkning på om lag 46000 innbyggjarar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 20. oktober 2006.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeven i kapittel 7 (Dokumentunderlag).

Opningsmøte blei halde 31. januar 2007.

Intervju: 13 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gjeven i kapittel 7 (Dokumentunderlag).

Sluttmøte blei halde 1. februar 2007.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta følgjande område av Helse Fonna HF, Medisinsk klinikk, si planlegging og gjennomføring av tiltak for å sikre pasientane forsvarleg medisinskfagleg behandling. Tema for tilsynet var:

  • Organisering
  • Opplæring
  • Kompetanse
  • Faglege rutinar

5. Funn

Det ble funne eit avvik:

Avvik:
Medisinsk klinikk, Helse Fonna er organisert slik at det ikkje er klårt for leiarane og andre tilsette i klinikken korleis ansvar, mynde og oppgåver er fordelt.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ulike oppfatningar om kva for ansvar mynde og oppgåver som ligg til fleire stillingar med leiarfunksjonar (seksjonsleiar, MRK, driftssjef/einingsleiar) og til system/fagansvarleg overlege.
  • ”Oppgavebeskrivelse for medisinsk system/fagansvarlig overlege” viser at denne har fått delegert det medisinske system-/fagansvaret frå seksjonsleiar. Av ”Stillingsbeskrivelse for seksjonsleder” går det ikkje frem at denne har det medisinske system-/fagansvaret.
  • Sentrale stillingar med leiarfunksjonar (MRK) er ikkje teikna inn i organisasjonskartet.
  • Mange medarbeidarar er usikre på kven som er deira faglege og administrative overordna
  • Ingen ved Stord sjukehus med leiarfunksjon har fått oppgåva med å sikre samordning og samarbeid mellom einingane på sjukehuset.

Kommentar:
Det organisasjonskartet som ligg føre for Medisinsk klinikk er komplisert og vanskeleg å forstå. Dei tilsette meiner at det ikkje gjer eit korrekt bilete av organiseringa.

Kravet om at ansvar, oppgåver og mynde skal være klårt for alle er grunngjeve med at det skal være tilrettelagd for at helsepersonell kan drive fagleg forsvarleg. I tillegg skal det i pasientbehandlinga ikkje være tvil om kven som har ansvar for tiltak og oppgåver. Uklåre ansvarshøve medfører større risiko for misforståingar og annan svikt.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov 2. juli 1999 nr 61 om spesialisthelsetjenesten m.m.
  • Lov 2. juli 1999 nr 63 om pasientrettigheter
  • Lov 2. juli 1999 nr 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 20. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 21. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart for medisinsk klinikk, Helse Fonna HF
  • Organisasjonskart for Helse Fonna HF
  • Styringsdokument 2006, Helse Fonna HF
  • Stillingsbeskrivelse/instruks for enhetsleder medisinsk poliklinikk inkl. medisinsk skrivetjeneste, Stord.
  • Stillingsbeskrivelse/instruks for driftssjef, Stord
  • Stillingsbeskrivelse/instruks for MRK, indremedisin, Stord sjukehus, medisinsk klinikk.
  • Stillingsbeskrivelse/instruks for seksjonsleder
  • Oppnevning av medisinsk system/fagansvarlige overleger i medisinsk klinikk, Helse Fonna. (Frå klinikkdirektør 20. august 2005)
  • Kjære nyansatt. Velkommen til oss på medisin 4
  • Opplæring av sjukepleiarar ved med.pol. v/Stord sjukehus i bruk av medisinsk- teknisk utstyr og prosedyrer
  • Mål og tiltaksplan for Helse Fonna, medisinsk klinikk. Utarbeidet juni 2004.
  • Oppgavebeskrivelse for medisinsk system/fagansvarlige overlege
  • Sjekkliste for dialysesjukepl. April 2006
  • Årleg melding 2005 frå Helse Fonna HF
  • Liste over tilsette på medisinsk avdeling Stord sjukehus
  • Sjekkliste for nytilsette på FIA
  • Velkommen til LilleFonna- Medisinsk klinikk

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Organisering av medisinsk klinikk i Helse Fonna- kortversjon med justeringar (brev frå 1. august 2005 frå klinikkdirektør
  • Delegasjonsreglement for personaladministrasjon i medisinsk klinikk Helse Fonna frå januar 2007
  • Velkommen til arbeidsplassen (medisin post 2 , Stord sjukehus, Helse Fonna )

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn sendt den 20. oktober 2006
  • Motteke dokumentasjon 14. november 2006
  • E-post den 30. november 2006 frå Helsetilsynet i Hordaland til Helse Fonna HF om at tilsynet blei utsett til 2007
  • 21. desember 2006: melding om ny dato for tilsynet; 31. januar og 1. februar 2007
  • 18. januar 2007: oversending av program

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Endre Hodneland

Overlege

x

x

x

Hans Olav Fadnes

Overlege

x

x

x

Besnik S. Hoxha

Ass.lege

x

x

 

Magdy El-Salhy

Overlege

x

x

x

Laila Haugsdal

Ass.lege

x

x

x

Marit Langeland

Drifssjef /einingsleiar

x

x

 

Knut Skaug

Overlege

x

x

 

Sollaug Espedal

Einingsleiar

x

x

x

Andre Bregård

     

x

Javed Iqbal Mahmood

turnuslege

 

x

 

Ben Hausken

Seksjonsleiar/sjukepleiar

 

x

 

Inger M. Hauge

Seksjonsleiar

 

x

 

Johannes Kolnes

Adm.dir.

 

x 22/1

 

Kjellfrid Laugaland

Klinikkdirektør

 

x 22/1

 

Frå Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Helga Arianson, fylkeslege
Magnar Kleppe, seniorrådgjevar, lege, revisjonsleiar
Arne Erstad, rådgjevar, jurist
Anne-Lisbeth Vabø, ass.fylkeslege, revisor