Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Helsetilsynet i Hordaland
Helsetilsynet i Rogaland

Bergen, 22. januar 2008

Tilsynet med akuttmottaka ved dei fire største sjukehusa i Helse Vest har avdekt manglar i styringa (internkontrollen) av tenesteytinga ved tre av akuttmottaka. Manglane i styringssystemet fører til at pasienttryggleiken ved desse tre akuttmottaka er redusert, men ikkje så mykje at han var uforsvarleg på det tidspunkt tilsynet vart gjennomført.

Bakgrunn

På oppdrag frå Statens helsetilsyn gjennomførte vi i 2007 tilsyn med tenestene ved somatiske akuttmottak i fire sjukehus i Helse Vest. Ved tilsynet vart det vurdert om verksemda i akuttmottaka var forsvarleg.

Akuttmottak ved sjukehus illustrerer mange aktuelle problemstillingar ved organisering og drift av spesialisthelsetenester. Akuttmottak har særlege utfordringar med funksjonen som porten inn i sjukehuset. Pasientrelaterte aktivitetar vert i stor grad utført av personell som arbeider ved ulike kliniske avdelingar, og ofte må helsepersonell som sjeldan møtes samarbeide om å gje pasientane akutthjelp. Det stiller særlege krav til samarbeidsevner og intern kommunikasjon og til at ansvar og mynde er klart plassert og forstått.

Leiing, organisering og styring av akuttmottak er ei utfordring ettersom ein stor del av aktivitetane dreier seg om å ta imot akutt sjuke og skadde pasientar som ofte kjem på kort varsel. Dette stiller særlige krav til kommunikasjon, samhandling og fleksibilitet, spesielt når det er trong for ekstra ressursar og/ eller iverksetting av ekstraordinære tiltak.

Tilsynsområde

Tilsynet har undersøkt:

  • Mottak og prioritering av pasientar
  • Undersøking og diagnostikk av pasientar under opphald i mottaket
  • Observasjon og medisinsk oppfølging av pasientar i ventetida før overføring til post
Tilsynet har hatt eit styringsfokus, der vi har sett på kva måte:
  • Leiing, organisering og styring sikrar at oppgåvene kan løysast fagleg forsvarleg
  • Verksemda arbeider med forbetring
  • Helsepersonell kommuniserar og samhandlar
  • Verksemda har sikra tilstrekkeleg kompetanse og forsvarlege vaktordningar

I Helse Vest er tilsynet gjennomført ved akuttmottaka ved eitt sjukehus i kvart av dei fire helseforetaka:

  • Stavanger Universitetssjukehus, Helse Stavanger HF
  • Haugesund sjukehus, Helse Fonna HF
  • Haukeland Universitetssjukehus, Helse Bergen HF
  • Førde sjukehus, Helse Førde

Rapportane frå kvart tilsyn er tilgjengelege på www.helsetilsynet.no eller www.fylkesmannen.no.

Redusert pasienttryggleik, men forsvarleg pasientbehandling

Tilsynet har avdekt manglar i styringa (internkontrollen) av tenesteytinga ved tre av akuttmottaka. Manglane i styringssystemet fører til at pasienttryggleiken ved desse tre akuttmottaka er redusert, men ikkje så mykje at han var uforsvarleg. Ved Haukeland universitetssjukehus var det og i periodar noko redusert pasienttryggleik, men her var dette problemet mykje mindre enn i dei andre tre sjukehusa fordi det var kjend og vurdert av leiinga og det var etablert ordningar for å handtere slike situasjonar.
Årsakene til redusert pasienttryggleik er fleire. I periodar er det stor pasienttilstrøyming. Då kan det vere vanskeleg å halde oversikt og følgje med på tilstanden til alle pasientane. Fleire stader er det i periodar for få erfarne sjukepleiarar og legar slik at det kan gå lenger tid enn ønskeleg før sjukepleiar og lege med rett kompetanse ser til og vurderar pasienten. Dette kan føre til at symptom og teikn på forverring av tilstanden blir oppdaga seint og at behandlinga kjem i gang seinare enn nødvendig.

Styringa av akuttmottak er ei stor utfordring

Det er mange styringsutfordringar i drifta av akuttmottak. I periodar kan det vere svært mange pasientar med uavklarte tilstandar i akuttmottaka. Dei fleste opplever ”samtidighetskonflikter” med jamne mellomrom. Då kan klare ansvarslinjer og tilstrekkeleg høg kompetanse i akuttmottaket vere avgjerande for rett prioritering og behandling av den einskilde pasient.

I akuttmottak arbeider legar frå fleire kliniske avdelingar eller klinikkar saman med sjukepleiarar som er tilsett i mottaket. For at dette skal fungere må ansvarsforhold, kommandoliner og prosedyrar vere avklart og innarbeidd. Ved tre av sjukehusa var ansvarstilhøva avklart. Ved eitt sjukehus var ansvaret til den medisinsk fagleg ansvarleg overlege i akuttmottaket uklart og det gjekk ikkje klart fram korleis prosedyrar for verksemda i mottaket skulle samordnast med andre avdelingar sine prosedyrar som blei nytta i akuttmottaket.

Fleire stader er det tilsette som ikkje er kjende med dei faglege prosedyrane og det er liten oppfølging og kontroll av at dei blir følgde.

Trass i stor auke i pasienttilstrøyminga er det ikkje gjort systematiske risikovurderingar av aktivitetane i Akuttmottaket alle stader.

Kompetanse

Når det gjeld kompetanse og opplæring, var det ved akuttmottaka i dei to største sjukehusa (Bergen og Stavanger) i stor grad sjukepleiarar med vidareutdanning. Dette er eit mål ved alle sjukehusa. Dei har ulike program og tiltak for å sikre opplæring og for vedlikehald av kompetanse. Også for turnuslegane er det opplæringsprogram.
Når det gjeld legane, har berre eitt av sjukehusa sett erfarne legar i frontlinja til å ta i mot dei mest alvorleg sjuke pasientane. Det var meir vanleg at det var turnuslegane som var fast i mottaket. Dei tilkalla erfarne legar når dei meinte det var behov for dette.

Vi finn grunn til å be sjukehusa sjå til at alle alvorleg sjuke og skadde pasientar som kjem til akuttmottaket så raskt som råd vert vurdert av ein erfaren lege, aller helst ein spesialist. Mange pasientar treng grundig vurdering og nøye observasjon. Ei av hovudoppgåvene er å skilje dei som treng rask behandling frå dei som kan vente. Det kan vere alvorlege, men uavklarte tilstandar og ved mange av desse trengs det erfaring for å yte optimal hjelp.

Tilråding – sikre styring og kompetanse

Ved dette tilsynet har vi sett på mottak av akuttpasientar i sjukehusa. Ved alle dei fire akuttmottaka tilsynet omfatta, var pasientbehandlinga forsvarleg, men når det gjeld styringa og leiinga av desse einingane, er det rom for forbetringar, På bakgrunn av dette vil vi derfor kome med følgjande tilråding:
Helseføretaka må utvikle styringssystema og sikre at alle elementa som går fram i forskrift om internkontroll i sosial-og helsetjenesten § 4 er ivaretekne. Ansvar, mynde og oppgåvefordeling må vere avklart og forstått. Akuttmottak som ikkje har erfarne legar fast stasjonerte i akuttmottak, bør vurdere behovet for dette. Det bør gjennomførast meir systematiske risikovurderingar for å identifisere område der det kan oppstå svikt. Uønskte hendingar må brukast til læring. Det må vere kontroll med at fastsette prosedyrar blir følgde. Leiinga må gjennomgå drifta regelmessig og vurdere behovet for forbetringar.

Petter Øgar
Fylkeslege i Sogn og Fjordane
Helga Arianson
Fylkeslege i Hordaland

 

 

Pål Iden
Fylkeslege i Rogaland