Rapport frå tilsyn tenestene støttekontakt og avlasting ved Granvin herad (2007)
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester
- Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester
- Om kommunen sikrar tilstrekkelege kunnskapar og evne for avlastarar og støttekontaktar på det aktuelle området
Det vart ikkje gitt avvik eller merknader.
Dato:
Jarle Landås
revisjonsleiar Berit Fjugstad
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Granvin herad i perioden 170407 – 060607. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Kommunen er organisert med ulike einingar direkte underlagd Rådmannen. Eininga pleie og omsorg har ansvar for avlasting for omsorgsytarar til eldre heimebuande og eininga helse og sosial har ansvaret for avlasting til andre grupper og støttekontakttenesta. Fungerande rådmann har for tida også funksjonen pleie og omsorgsleiar.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 04.06.07.
Intervjuer
5 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 06.06.07.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet omfattar 3 områder som til saman skal si om kommunen har ein forsvarleg tildeling av avlastnings- og støttekontaktteneste etter sosialtenesteloven § 4-2 bokstav b og c.
Område 1:
Om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, innbefatta
- relevant informasjon til alle søkarar før søknad
- tilgjengelege tenester
- tildeling uavhengig av diagnose og alder
- relevant utgreiing av aller søkarar
- individuell vurdering av alle søkarar
- praksis der det ikkje blir kravd vederlag for avlastning
- iverksatte vedtak utførast etter vedtak
- alternative tiltak vurderas der vedtaket ikkje kan oppfyllast
Område 2:
Om kommunane sikrar forsvarlig tildeling av støttekontakttenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, innbefatta:
- relevant informasjon til alle søkarar før søknad
- tilgjengelege tenester
- tildeling uavhengig av diagnose og alder
- relevant utgreiing av aller søkarar
- individuell vurdering av alle søkarar
- iverksatte vedtak utførast etter vedtak
- alternative tiltak vurderast når vedtak ikkje kan oppfyllast
Område 3:
Om kommunen sikrar at avlastare og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og evne innanfor det aktuelle området, jf. sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c.
- vurdering av krav til kunnskapar og evne
- nødvendig opplæring
- jamleg evaluering av tenestetilbodet.
- jamleg oppfølging
5. Funn
Det vart ikkje avdekka avvik og ikkje funne grunn til å gje merknad
6. Regelverk
- Lov 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
- FOR 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
- FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Prosedyre for søknad om sosiale tenester
- Prosedyre for avviksbehandling
- Prosedyre for gjeldande regelverk
- Oversikt over avlastarar og støttekontaktar
- 8 vedtak om støttekontakt
- 4 vedtak om avlastning
- Delegeringsreglement
- Årsmelding 2006
- Kommuneplan
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- 12 saksmappar
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsyn av 17.04.07
- Oversending av dokumenter frå kommunen 15.05.07
- E-post om timeplan for tilsynet
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Anette Reigstad |
Sakshandsamar |
X |
X |
X |
Marianne Espeland |
Sakshandsamar |
X |
X |
|
Rune Rolland |
Støttekontakt |
X |
X |
|
Ingebjørg Winjum |
Fung. einingsleiar helse og sosial |
X |
X |
X |
Halvard Bjørgo |
Fung. Rådmann |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Berit Fjugstad og Jarle Landås