Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei reviderte områda. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester
  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester
  • Om kommunen sikrar tilstrekkelege kunnskapar og evner for avlastarar og støttekontaktar på det aktuelle området

Det vart ikkje gitt avvik eller merknader.

Dato: 17.09.07

Jarle Landås
revisjonsleiar
Hilde Ordemann
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Samnanger kommune i perioden 24.04.07-17.09.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Tenestene støttekontakt og avlasting vert ytt i både eining for helse og sosial og i eining for pleie og omsorg. Innanfor eininga pleie og omsorg vert tenestene tildelt i tre ulike avdelingar, samt av koordinator for funksjonshemma. Både tildeling av støttekontakt/avlastning og vidare oppfølging av dei som er støtt skjer frå alle desse fem avdelingane/einingane.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 24.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet “Dokumentunderlag”.

Opningsmøte vart halde 4.09.07.

Intervjuar 8 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet “Dokumentunderlag”.

Sluttmøte vart halde 5.09.07.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta tre områder som til saman skal seie om kommunen har ein forsvarleg tildeling av avlastnings- og støttekontakttenester etter sosialtenesteloven § 4-2 bokstav b og c.

Område 1:

Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b:

  • relevant informasjon til aktuelle søkjarar
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av søkjarar
  • individuell vurdering av søkjarar
  • praksis der det ikkje vert kravd vederlag for avlasting
  • iverksette vedtak vert utførte i samsvar med vedtak
  • alternative tiltak vert vurderte der vedtaket ikkje kan oppfyllast

Område 2:

Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c:

  • relevant informasjon til aktuelle søkjarar
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling av tenester uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av alle søkjarar
  • individuell vurdering av alle søkjarar
  • iverksette vedtak vert utført i samsvar med vedtak
  • alternative tiltak vert vurdert når vedtak ikkje kan oppfyllast

Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og evne innanfor det aktuelle området, jf sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c:

  • vurdering av krav til kunnskapar og evne
  • nødvendig opplæring
  • jamleg evaluering av tenestetilbodet
  • jamleg oppfølging

5. Funn

Det vart ikkje avdekka avvik og ikkje funne grunn til å gje merknader.

6. Regelverk

  • Lov 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tjenester mv
  • For 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tjenester mv
  • For 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglige drifta og andre viktige forhold som vart send då revisjonen vart førebudd:

  • Politisk organisasjonskart
  • Ta!, fakta og historikk
  • Administrativt organisasjonskart
  • Delegasjonsreglement
  • Årsmelding for Samnanger kommune 2006
  • Oversikt over Eining for pleie og omsorg
  • Informasjon om institusjonsopphald på Samnangerheimen
  • Informasjon om tenester til personar med nedsett funksjonsevne
  • Stillingsomtale for pleie- og omsorgsleiar
  • Stillingsomtale for avdelingsleiar
  • Stillingsomtale for koordinator til funksjonshemma
  • Søknadsskjema for tenester i eining for pleie og omsorg
  • Prosedyre for sakshandsaming einskildevedtak
  • Forslag til grunngjeving av einskildevedtak
  • Karakterutskrift frå Høgskolen i Bergen
  • Informasjon om opplæring/veiledning av støttekontaktar og avlastarar
  • Eksempel på oppdragsavtale
  • Rapportskjema for støttekontaktar
  • Oversikt over sosial- og helseeininga
  • Informasjon om tenester i eininga
  • Oversikt over vedtak om støttekontakt og avlastning
  • Kopi av seks vedtak om støttekontakt og seks vedtak om avlastning

Dokumentasjon som ble gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmapper for alle vedtak om støttekontakt og avlastning for 2007
  • Vedtak om korttidsopphold på Samnangerheimen for 2007

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 24.04.07
  • Oversending av dokument frå kommunen datert 4.07.07
  • E-post frå Fylkesmannen datert 29.08.07 med program for tilsynet og spørsmål om organiseringa i kommunen

>8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Tone Ramsli

Administrasjonssjef

X

X

X

Ole Jacob Sørensen

Avd.leiar, gruppe sør

X

X

X

Liv M. B. Høysæter

Avd.leiar, gruppe nord

X

X

X

Hilde Seger

Koordinator for funksjonsh.

X

X

X

Grete Lill Hjartnes

Leiar pleie- og oms.eining

X

X

X

Ingrid T. Reknes

Avd.leiar psykiatri

X

X

X

Thore Austnes

Leiar sosial- og heiseeining

X

X

X

Tom Arild Rysjedal

Konsulent, sos.- og helseein.

X

X

X

Marit I Johannessen

Støttekontakt

 

Telefon-
intervju

 

Finn Moss

Støttekontakt

 

Telefon-
intervju

 

Ann K R Nordheim

Avlastar

 

Telefon-
intervju

 

Frå tilsynsmyndighetene deltok:
Jarle Landås, Eirik Lyssand og Hilde Ordemann