Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester.
  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester.
  • Om kommunen sikrar tilstrekkelege kunnskapar og evne for avlastarar og støttekontaktar på det aktuelle området.

Fylkesmannen avdekka følgjande avvik:

Sund kommune ytar ikkje avlasting etter sosialtenestelova til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.

Dato: 02.07.07

Jarle Landås
revisjonsleiar
Eirik Lyssand
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sund kommune i perioden 17.04.07 - 02.07.06. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 11.06.07.

Intervjuar
7 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 12.06.07.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta 3 områder som til saman skal si om kommunen har ein forsvarleg tildeling av avlastings- og støttekontakttenester etter sosialtenesteloven § 4-2 bokstav b og c.

Område 1:

Om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av avlastingstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, innbefatta

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av aller søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • praksis der det ikkje blir kravd vederlag for avlastning
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak blir vurdert der vedtaket ikkje kan oppfyllast

Område 2:

Om kommunane sikrar forsvarlig tildeling av støttekontakttenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, innbefatta:

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av aller søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak vurderast når vedtak ikkje kan oppfyllast

Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og evne innanfor det aktuelle området, jf. sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c.

  • vurdering av krav til kunnskapar og evne
  • nødvendig opplæring
  • jamleg evaluering av tenestetilbodet.
  • jamleg oppfølging

4. Funn

Det vart avdekka eit avvik:

Avvik:

Sund kommune ytar ikkje avlasting etter sosialtenestelova til personar som gjev omsorg til heimebuande eldre.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, jf. §§ 4-3, 11-2, 2. ledd, forskrift til lov om sosiale tenester § 8-2 nr. 3 og internkontrollforskrifta § 4.

Kommentar:
kommunen sine sosiale tenester skal omfatte avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Det er ikkje høve til å ta betaling for avlastingstenester uavhengig av på kva måte tenesta vert ytt. Korttidsopphald på institusjon etter kommunehelsetenestelova vert tildelt etter den omsorgstrengande sitt behov men avlastingstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b tildelast etter ei vurdering av omsorgsytar sitt behov for avlastning.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Ansvar for avlasting til personar som yt omsorg til eldre heimebuande er plassert i eininga omsorgstenesta. Omsorgseininga har søknadsskjema for slike tenester
  • Kommunen yt ikkje avlasting etter sosialtenestelova til personar som yt omsorg for eldre heimebuande. Søknader om avlasting vert sakshandsama etter kommunehelsetenestelova og tenesta som vert ytt er korttidsopphald på sjukeheimen.

5. Regelverk

  • Lov 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
  • For 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
  • For 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Årsmelding frå sosialtenesta 2006
  • Delegasjon frå Rådmann til einingsleiare datert 19.09.01
  • Delegasjon til fagleiar for sosialtenesta datert 06.10.03
  • Delegasjonsreglement – justering
  • Informasjon om støttekontakttenesta
  • Oversikt over personar som mottekstøttekontakt
  • Oversikt over ubehandla søknader om støttekontakt
  • Registrerte avvik pr. 16.05.07
  • Oversikt over ikkje effektuerte vedtak
  • Oversikt over avlastarfamiliar
  • Oversikt over støttekontaktar
  • Rutinar for iverksetting og oppfølging av støttekontakttiltak datert 02.06.06
  • Rutinar for oppfølging og iverksetting av avlastningstiltak datert 02.06.06
  • Rutinar for samarbeid i høve til oppfølging av støttekontaktar mellom psykiatriprosjekt og sosialtenesta datert 14.05.07
  • Rutinar om sakshandsaming datert 02.06.06
  • Skjema for eigenpresentasjon besøksheim
  • Skjema for rapport frå avlastarfamilie
  • Skjema for intervju av støttekontaktar
  • Skjema for vurdering av støttekontaktar
  • Moment til rettleiingssamtale med støttekontakt
  • 8 vedtak om avlasting
  • 11 vedtak om støttekontakt

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmappene for tilsendte vedtak

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 17.04.07
  • Oversending av dokument frå kommunen datert 21.05.07
  • E-post frå Fylkesmannen 01.06.07 om organiseringa i kommunen, svar frå kommunen datert 05.06.07
  • E-post med oversending av program for tilsynet datert 07.06.07

7. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Inge Ekerhovd

Einingsleiar hjelpetenesta

X

X

X

Anette Henden

Sosialkonsulent

X

X

X

Jostein Vik

Prosjektleiar psykiatritenesta

 

X

 

Åshild Hagen

Leiar avlastingsbustad

X

X

X

Marit Nielsen

Fagleiar, tenester til funksjonshemma

X

X

X

Anne Grete Hareide

Einingsleiar

 

X

X

Gerhard Inge Storebø

Rådmann

X

X

X

Arne Bakke

Støttekontakt

 

X

 

Egil Vindenes

Støttekontakt

 

X

 

Linda Selheim

Avlastar

 

X

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Hilde Ordemann, Eirik Lyssand og Jarle Landås