Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester
  • Om kommunen sikrar forsvarleg tildeling av støttekontakttenester
  • Om kommunen sikrar tilstrekkelege kunnskapar og evne for avlastarar og støttekontaktar på det aktuelle området

Det blei ikkje funne avvik under tilsynet. Det blei påpeikt følgjande merknad:

I nokre vedtak om tildeling av støttekontakt går det fram at rettleiing til støttekontakt vil føre til at støttekontaktoppdraget reduserast tilsvarande i tid.

Dato: 28.06.07

Jarle Landås
revisjonsleiar
Berit Fjugstad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Ulvik herad i perioden 17.04.07 – 28.06.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.04.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 05.06.07.

Intervjuer
7 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde06.06.07.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta 3 områder som til saman skal si om kommunen har ein forsvarleg tildeling av avlastnings- og støttekontaktteneste etter sosialtenesteloven § 4-2 bokstav b og c.

Område 1:

Om kommunane sikrar forsvarleg tildeling av avlastningstenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, innbefatta

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av aller søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • praksis der det ikkje blir kravd vederlag for avlastning
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak vurderas der vedtaket ikkje kan oppfyllast

Område 2:

Om kommunane sikrar forsvarlig tildeling av støttekontakttenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, innbefatta:

  • relevant informasjon til alle søkarar før søknad
  • tilgjengelege tenester
  • tildeling uavhengig av diagnose og alder
  • relevant utgreiing av aller søkarar
  • individuell vurdering av alle søkarar
  • iverksatte vedtak utførast etter vedtak
  • alternative tiltak vurderast når vedtak ikkje kan oppfyllast

Område 3:

Om kommunen sikrar at avlastare og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og evne innanfor det aktuelle området, jf. sosialtenestelova § 2-3 og forskrift om internkontroll § 4 bokstav c.

  • vurdering av krav til kunnskapar og evne
  • nødvendig opplæring
  • jamleg evaluering av tenestetilbodet.
  • jamleg oppfølging

4. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik under tilsynet. Det blei påpeika ein merknad:

Merknad

I nokre vedtak om tildeling av støttekontakt går det fram at rettleiing til støttekontakt vil føre til at støttekontaktoppdraget reduserast tilsvarande i tid.

Merknaden bygger på følgjande:

  • I fleire framlagte vedtak er det skrevet at eventuell rettleiing til støttekontakt vil bli tatt av tidsramma for vedtaket. Dette vil kunne føre til brot på sosialtenestelova.
  • Det vart opplyst at redusert tid til støttekontakt på grunn av rettleiing ikkje vert gjennomførd i praksis.

5. Regelverk

  • Lov 1991-12-13 nr 81: Lov om sosiale tenester m.v. (sosialtenestelova).
  • For 1992-12-04 nr 915: Forskrift til lov om sosiale tenester m.v.
  • For 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

 

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Søknadsskjema om pleie og omsorgstenester
  • Organisasjonsplan for helse og sosial
  • Oversikt over administrativ organisering
  • Oversikt over støttekontaktar
  • Delegasjonsreglement
  • Årsmelding 2006
  • Rutinar for løn støttekontaktar
  • 10 vedtak om støttekontakt
  • 1 vedtak om avlasting, besøksheim
  • 10 vedtak om avlastingsopphald ved Ulvik sjukeheim

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Saksmappene for dei tilsende vedtak

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn av 17.04.07
  • Oversending av dokument frå kommunen datert 14.05.07
  • Oversending av dokument frå kommunen datert 16.05.07
  • Oversending av dokument frå kommunen datert 29.05.07
  • E-post frå kommunen om organisering og namn på støttekontaktar og avlastarar
  • E-post frå Fylkesmannen med program for tilsynet

 

7. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Åsa Gunnarsdottir

Avlastar

 

X

 

Bjørg Ella Hide

Støttekontakt

 

X

 

Kjersti Syse

Støttekontakt

 

X

 

Karin Fleten

Pleie- og omsorgsleiar

X

X

X

Gøril Johansen Skeie

Sakshandsamar

X

X

X

Agnar Skjønberg

Konst. Einingsleiar helse- og sosial

X

X

X

Jon Oppedal

Rådmann

 

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Berit Fjugstad og Jarle Landås (tilsynsleiar)