Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. lnnleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte.

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at tenestemottakarane mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår
  • Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A

Det ble under tilsynet funnet grunnlag for følgjande avvik:

  • Etne kommune sikrar ikkje at alle tenestemottakarar far eit forsvarleg tenestetilbod
  • Etne kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4 — 2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.

Dato:03.05.07

Torill Vebenstad
revisjonsleiar
Hilde Ordemann
revisor

 

 

1. lnnleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Etne kommune i perioden 23.02.07 — 24.04.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Tenestene i Etne kommune er organisert i ein to-nivå modell.

Ansvaret for tenester til personar med utviklingshemming er delt mellom sosialavdelinga og pleie- og omsorg. Kommunen har ei avlastningsbustad som ligg under Etne omsorgssenter. Etne omsorgssenter gjer heimetenester til personar med utviklingshemming som bur i eigen bustad.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 23.02.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 23.04.07.

Intervju vart gjennomført den 23.04.07. 9 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde den 24.04.07.

4. Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt jf § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.

Tilsynet omfatta følgjande områder:

Område 1:
Om kommunen sikrar at tenestemottakarane mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endringar i behov for bistand og uavhengig av endringar i rammevilkår

Område 2:
Om kommunen sikrar at utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a d overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje skjer i strid med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A

5. Funn

Område 1:

Etne kommune sikrar ikkje at alle tenestemottakarar får eit forsvarleg tenestetilbod.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Lov om sosiale tenester § 4-3 jf 4-2 ajf 2-1 andre ledd og forskrift om internkontroll i sosial og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Av § 4-3 i lov om sosiale tenester går det fram at dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv har krav på forsvarlege tenester. Det følgjer vidare av § 2-1 at kommunen skal sikre at tenestene vert gitt i tråd med fatta vedtak.

Avviket byggjar på følgjande:

  • Kommunen har gjort ei vurdering av tenestemottakarane sine behov for bistand og fatta vedtak i tråd med dette. Det er ikkje alle tenestemottakarane som mottek tenester i samsvar med det kommunen har fatta vedtak om.
  • Det er ei uklar forståing av i kva eining ansvaret for tenestetilbodet til nokre av tenestemottakarane ligg.
  • Tilsette mottek ikkje naudsynt rettleiing og opplæring.
  • Kommunen har ikkje tilstrekkjelege rutinar for eigenkontroll med tenestene.

Område 2:

Etne kommune sikrar ikkje at tenester etter lov om sosiale tenester § 4 —2 bokstav a-d til personar med utviklingshemming er i samsvar med reglane i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf 2-1 andre ledd og forskrift om intemkontroll i sosial og helsetenesta § 4.

Kommentar:
Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mogeleg bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert haldt, og kontrollere at desse tiltak er tilstrekkjeleg. I dette ligg mellom anna at kommunen må ha klårt definerte ansvars- og rapporteringsliner, samt rutinar for rapportering.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Kommunen har delt ansvar for sakshandsaming og tildeling av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d på fleire einingar utan å sikre at dei som utfører oppgåvene har tilstrekkjeleg kunnskap om reglane i kapittel 4A.
  • Det er ikkje tilstrekkjeleg kjent i verksemda kven som er overordna fagleg ansvarleg i høve lov om sosiale tenester kap. 4A, og kva oppgåver som ligg til denne funksjonen.
  • Det er ikkje gitt opplæring i reglane om bruk av tvang og makt i kapittel 4A til alle som har ansvar for, tildeler og utfører tenester til personar med utviklingshemming.
  • Det vert brukt tvang mot nokre personar med utviklingshemming, i form av belte, låst dør, grindseng og “body” utan at det er føretatt vurderingar opp mot reglane i kapittel 4A.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester (sosialtenesteloven)
  • Føresegn av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial og helsetenesta
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonsoversikt som viser funksjonar, ansvar, mynde og oppgåver overfor utviklingshemma — udatert
  • Delegasjon til rådmannen i budsjettsaker - udatert
  • Delegasjonsreglement for Etne kommune — delegasjon til sosialleiar datert 20.09.03
  • Delegasjonsreglement for Etne kommune — delegasjon til senterleiar Etne omsorgsenter datert 20.09.03
  • Årsmelding 2005
  • Individuelle planar og enkeltvedtak knytt til støttekontakt, praktisk bistand, avlastning og miljøarbeidertenester.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Gjennomgang av 8 mapper

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn sendt 23.02.07.
  • Plan for intervju ble sendt kommunen på mail den 17.04.07.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Inger Lund Rolland

Konsulent for funksjonshemma

x

x

x

Ingvill Hauge

Sosialleiar

x

x

 

Linda Bjelland

Vernepleiar

x

x

x

Åshild Gundegjerde

Fagarbeidar  

x

 

Siv Helen Hus

Assistent

 

x

 

Kari Kringlebotn

Assistent  

x

 

Oddvar Moe

Miljøarbeidar  

x

x

Gerd Marit Ytreland

Pleie og omsorgsleiar

x

x

x

Elling Hetland

Rådmann

x

x

 

Steinar Mjelde

Stadfortredar rådmann

   

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Torill Vebenstad, revisjonsleiar
Hilde Ordemann
Geir Johannessen, observatør