Helsetilsynet

Fylkesmannen i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte.

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at tenester til personar med psykisk utviklingshemming etter lov om sosiale tenester § 4-2 a-d vert endra i samsvar med endring i behov for bistand
  • Om kommunen sikrar at ulovleg bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming ikkje finn stad
  • Om kommunen sikrar at tiltak som inneber planlagt bruk av tvang og makt vert gjennomført i samsvar med vedtak heimla i § 4A-7 og 4A-8

Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for avvik eller merknader innanfor dei kontrollerte områda av verksemda.

Dato: 18.04.07

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar
Ellen Halden Aarrestad
revisor

 

 

1. Innleing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved i perioden 09.01.07 — 27.03.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året. Tilsynet er gjennomført i ein kombinasjon av systemrevisjon og stadleg (individ) tilsyn. For individtilsyna, tilsyn knytt til gjennomføring av vedtaka til 2 namngj evne personar, er det utarbeida egne rapportar. Avvika frå dei stadlege tilsyna er ikkje tatt med i denne rapporten.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Ved tiltak etter § 4A-5 tredje ledd bokstav b og c skal det også førast stadlege tilsyn.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort mnnanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrifl, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kvinnherad kommune sin organisering er basert på ein organisasjonsstruktur med to leiarnivå. Det første nivå omfattar rådmann med kommunalsjefar og det andre nivå omfattar verksemdsleiarar med ansvar for sjølvstendige resultateiningar man skule, barnehage, pleie- og omsorg, helsetenester, sosialtenester m.m.

Delegasjonsreglementet for kommunen gjev verksemdsleiarane fullmakter i høve tenestyting, økonomistyring og personaladministrasjon. Kvar av verksemdsleiarane rapporterar direkte til rådmannen. På tenesteområde; utviklingshemma er det 7 verksemder i kommunen som har ansvar for tenestetilbod etter lov om sosiale tenester kap. 4 og 4A. 4 av verksemdene er knytt til pleie- og omsorg med geografisk plassering av ansvarsområde, medan Herøysund kompetansesenter er ein del av pleie- og omsorgstenesta i kommunen med eit særleg ansvar for tenestetilbod til vaksne menneskjer med psykisk utviklingshemming. Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU) har ansvar for ulike kommunale tiltak for barn og unge opp til 18 år, medan tiltak og rådgjevingstenesta for vaksne (TRV) har ansvar m.a for tildeling og oppfølging av støttekontakttenester til vaksne. TTBU og TRV er begge kommuneomfattande tenester.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 09.01.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 26.03.07.

Intervju vart gjennomført den 26.03.07 og den 27.03.07. TIf. intervju vart gjennomført med Rita Arneberg den 22.03.07. 12 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det vart gjennomført besøk ved Herøysund kompetansesenter. Sluttmøte blei halde den 27.03 .07.

Fylkesmannen hadde i forkant av tilsynet gitt tilbod om samtale til pårørande knytt til den eine tenestmottakaren som dei stadlege tilsyna var retta mot, men dei meldte forfall. Den andre tenestemottakaren har ikkje pårørande.

I forkant av tilsynet vart også hjelpeverje til tenestemottakarane kontakta med tilbod om samtale, men dei meldte forfall.

Pårørande/hjelpeverje gav samtykke til at tilsynet fikk sjå tenestemottakarane sin bustad.

I samråd med hjelpeverje og kommunen vurderte fylkesmannen at det var tilrådeleg å møte tenestemottakar i bustaden saman med tenesteytar i det eine stadlege tilsynet. Da tilsynet var i bustaden gav tenestemottakar sjølv uttrykk for at ein likevel ikkje ønska å møte tilsynet.

Tilsynet var også i bustaden knytt til det andre stadlege tilsynet saman med leiar. Tenestemottakar var då tilstades i bustaden, men tilsynet vurderte situasjonen slik at ein ikkje helste på tenestemottakar.

4. Kva tilsynet omfatta

I dette tilsynet har merksemda vore retta mot om kommunen sikrar at forholda blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mulig bruk av tvang og makt jf § 4A-4, og om tenestemottakarane sitt tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endringar i hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.

Tilsynet omfatta følgjande områder:

Område 1:

  • Om kommunen sikrar at tenestemottakar får eit forsvarlig tenestetilbod etter lov om sosiale tenester § 4-3 jf § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med endringar i hjelpebehov.

Område 2:

  • Om kommunen sikrar utføring av tenester etter lov om sosiale tenester § 4-2 bokstav a-d for personar med psykisk utviklingshemming utan bruk av tvang og makt i strid med reglene i lov om sosiale tenester kapittel 4A.

Område 3:

  • Om kommunen sikrar at tiltak som inneber planlagt bruk av tvang og makt vert gjennomført i samsvar med vedtak heimla i § 4A-7 og 4A-8.

Dette området ble undersøkt/kontrollert som stadlige tilsyn i forhold til 2 nanmgj evne personar med utviklingshemming. Det er utarbeidet eigne rapportar i etterkant av disse tilsyna. Rapportane er ikkje offentlege.

5. Funn

Område 1:

Det vart ikkje funne avvik eller påpekt merknader på dette området.

Område 2:

Det vart ikkje funne avvik eller påpekt merknader på dette området.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester (sosialtenesteloven)
  • Føresegn av 20. desember 2002 nr. 1731 om intemkontroll i sosial og helsetenesta
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart for Kvinnherad kommune — udatert
  • Organisasjonskart for Kvinnherad kommune — helse, sosial, pleie- og omsorg — udatert.
  • Brev datert 08.02.07 med oversikt over organisasjonsstruktur i Kvinnherad kommune.
  • Reglement for delegasjon til rådmannen. Møtebok frå kommunestyre med vedlegg.
  • Delegasjon av rådmannen si styrings- og avgjerdsfullmakt.
  • Revisjon av delegasjonsreglementet vedr. Helse, sosial- pleie og omsorgsspørsmål — udatert.
  • Årsmelding 2005 med vedlegg.
  • Stillingsskildring for gruppeleiar i pleie- og omsorg.
  • Stillingsskildring for fagkonsulent i pleie- og omsorg.
  • Stillingsskildring for miljøterapeut i pleie- og omsorg.
  • Prosedyre for: avvikshandtering i tenesteytinga i pleie- og omsorg (med vedlegg).
  • Prosedyre for: søknad om tenester, svar på søknad.
  • Prosedyre for: tildeling av heimesjukepleie.
  • Prosedyre for: tildeling av avlastningsopphald.
  • Prosedyre for: Tildeling av praktisk hjelp i heimen.
  • Prosedyre for: Tildeiling av stettekontakt.
  • Informasjonsskriv om klageadgang etter sosialtenestelova.
  • Informasjonsskriv om klageadgang etter kommunehelsetenestelova.
  • Prosedyre for: Rettstryggleik ved bruk av tvang og makt i tenestetilbodet for Herøysund kompetansesenter datert 01.05.05. (med vedlegg).
  • Prosedyre for: Hjelpeverje (initiativ for oppnemning m.v).
  • Temaliste ved opplæring av nytilsette og vikarar ved Herøysund kompetansesenter, datert 21.06.02.
  • Individuelle planar og enkeitvedtak knytt til støttekontakt, praktisk bistand, avlastning og tildeling av dagsenterplass.

Dokumentasjon mottatt under revisjonsbesøket:

  • Årshjulet — planprosessen
  • Visjon, mål og verdiar for Kvinnherad kommune.
  • Policy og strategiar for Kvinnherad kommune.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisj onsbesøket:

  • Gjennomgang av 5 mapper — Herøysund k
  • Gjennomgang av 5 mapper — Rosendal sona.
  • Gjennomgang av 5 mapper — Tiltak og tenester for barn og unge.
  • Gjennomgang av vedtak, meldingar og journal (protokoll) i forbindelse med tvangsbruken overfor tenestemottakarane knytt til dei stadlege tilsyna.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn sendt 09.01.07.
  • Plan for intervju ble sendt kommunen på mail den 13.03.07.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Venke Vetrhus

Verksemdsleiar, Herøysund kompetansesenter

X

X

X

Remy Holm

Miljøterapeut, Herøysund kompetansesenter

 

X

X

Bertha Halldis Lee

Hjelpepleiar, Herøysund kompetansesenter

X

X

 

Anne Gro S. Røssland

Gruppeleiar, Herøysund kompetansesenter

X

X

X

Anne Kristine Christiansen

Gruppeleiar, Herøysund Dagsenter

X

X

X

Siv Karin Stensletten

Miljøterapeut, Avlastningseininga Villa Toppen,
Tiltak og tenester for barne og unge

 

X

X

Sturla Helland

Verksemdsleiar, Tiltak og tenester for barn og unge

X

X

X

Solveig Haveland

Omsorgsarbeider, Rosendal sona

X

X

X

Line S. Taranger

Gruppeleiar, Rosendal sona

X

X

X

Leif K. Kongestøl

Verksemdsleiar, Rosendal sona

X

X

X

Asbjørn Skår

Kommunalsjef

X

X

X

Rita Arneberg

Fagkoordinator, Tiltak og tenester for barn og unge

TIf. intervju
22.03.07

   

Frå tilsynsorganet deltok:
Vibeke Herskedal, rådgjevar, leiar
Torill Vebenstad, rådgjevar
Ellen Halden Aarrestad, førstekonsulent