Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda av kommunens sosial- og helsetenester som tilsynet omfatta.

Systemrevisjonen omfatta følgjande: Kommunen si styring og kontroll med at personar som har alvorlig psykisk sjukdom får individuelt tilrettelagde, samordna og forsvarlege tenester og at tenestemottakarane får medverke. Revisjonen omfatta alle fasar i tenesteytinga frå planlegging og tildeling til iverksetjing, gjennomføring og evaluering av tildelte sosial- og helsetenester.

Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader i høve til krav i sosial- og helselovgjevinga.

Det er klart kva oppgåver og mynde som ligg til dei forskjellige resultateiningane. Samarbeid og samordning av tenester til personar som treng langvarige og koordinerte tenester føregår i samarbeidsmøte og/eller ansvarsgrupper, ved bruk av individuell plan og direkte kontakt ved behov. Tilsette har fått og får opplæring i bruk av dette verktyet. Det er oppretta fleire faste forum der einingsleiarar og/eller tilsette møter for drøfting og avklaring felles problemstillingar. Oppfølging og gjennomgang av tenestene i dei enkelte resultateiningane blir gjort i samband med rapportering i høve til resultatkrav i styringskort og leiaravtaler.

Dato: 30. mars 2007

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar
Grethe Fosse
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bergen kommune, tenesteområde Fana 20. desember 2006 – 7. mars 2007. Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet 2006 med sosial- og helsetenester og inngår som del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorleg psykisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk og psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemming.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Bergen kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Avdeling for psykisk helse, eining for psykisk utviklingshemma, heimesjukepleien, sosialtenesta og ergo- og fysioterapitenesta yter tenester til personar i målgruppa for tilsynet. Forvaltningseininga treffer vedtak om tildeling av sosial- og helsetenester etter kommunehelsetenestelova § 2-1 og sosialtenestelova kapittel 4.

Avdeling for psykisk helse Fana omfattar fem tenestestader; psykiatritenesta, tre tilrettelagde butilbod for personar med psykisk sjukdom og eit aktivitetssenter. Eit bufellesskap har heildøgnsbemanning. I dei to andre er det fast bemanning til stades i avgrensa tidsrom på dag og kveldstid. Psykiatritenesta følgjer opp personar med psykisk sjukdom som bur i eigen bustad måndag – fredag mellom kl. 0800 og 1500. Tenestemottakarar som treng oppfølging på ettermiddag og kveld får hjelp frå heimesjukepleien. I akutte tilfelle gjev legevakt og/eller psykiatrisk akutteam tenester. Sosialtenesta har ei stilling for miljøarbeidar som driv oppsøkjande verksemd og gjev tenester til vaksne med psykisk sjukdom/ psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk i samarbeid med psykiatritenesta.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 20. desember 2006

Opningsmøte blei halde 6. mars 2007

Intervju: 20 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 7. mars 2007.

Oversikt over dokument som Bergen kommune har sendt over i samband med tilsynet, dokument som er mottekne før og uavhengig av tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Tilsynet omfattar store delar av dei kommunale sosial- og helsetenestene. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp lang ei tidslinje med tre fasar. Kommunens oppgåvene innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre:

Oppstartsfasen

  • tilgjenge til tenester, handtering av nye søknader og/eller spørsmål om tenester, utgreiing av behov, planlegging og avgjerd om tenester

Iverksetjingsfasen

  • praktisk gjennomføring av avgjerder

Oppfølgingsfasen

  • oppfølging av tenestemottakarane, revurdering av behov og eventuell justering av tenester

I høve til kvar fase er det også undersøkt om at kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
  • Forsvarleg tenesteyting

5. Funn

Ved til synet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik eller gje merknad.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Det er klart kva oppgåver og mynde som ligg til dei forskjellige resultateiningane. Samarbeid og samordning av tenester til personar som treng langvarige og koordinerte tenester føregår i samarbeidsmøte og/eller ansvarsgrupper, ved bruk av individuell plan og direkte kontakt ved behov. Det er i gang arbeid med å avklare korleis tilgang til opplysningar i journalsystemet og korleis rutinar for journalføring skal vere. Risikoen for at personell som skal gje hjelp manglar relevante opplysningar, blir mindre om dette arbeidet blir sluttført innan kort tid. Tilsette har fått og får opplæring i bruk av dette verktyet. Det er oppretta fleire faste forum der einingsleiarar og/eller tilsette møter for drøfting og avklaring felles problemstillingar. Oppfølging og gjennomgang av tenestene i dei enkelte resultateiningane blir gjort i samband med rapportering i høve til resultatkrav i styringskort og leiaravtaler.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Opplysningar om forvaltningseininga i Fana.
  • Opplysningar om Avdeling for psykisk helse i Fana.
  • Opplysningar om Fana heimesjukepleie.
  • Opplysningar om Fana sosialteneste.
  • Leiaravtale for resultateiningsleiarar i 2006: forvaltningseininga.
  • Notat av 8. juni 2006 til resultateiningsleiarane for forvaltningseiningane frå kommunaldirektøren vedlagt styringskort for forvaltningseiningane.
  • Leiaravtale for resultateiningsleiarar i 2006: avdeling psykisk helse.
  • Notat av 6. juni 2006 til resultateiningsleiarane for avdeling psykisk helse frå kommunaldirektøren vedlagt styringskort for avdeling psykisk helse.
  • Leiaravtale for resultateiningsleiarar i 2006: heimesjukepleie .
  • Notat av 7 juni 2006 til soneleiarar i heimesjukepleien, helse- og sosialrådgjevarar og seniorrådgjevarar frå kommunaldirektøren vedlagt styringskort for heimesjukepleien.
  • Oversikt tilsette i Avdeling for psykisk helse Fana.
  • Opplysningar om koordinerande instans for rehabiliteringstenester i Fana.
  • Søknad om heimesjukepleie, BKDOK-2004- 0001003.
  • Søknad om psykiatrisk bistand, utarb. 28. september 2006.
  • Sjukeheim byomfattande langtidsplassar, BKDOK-2006-00288.01.
  • Sjekkliste til søknad om helse- og omsorgstenester til vurderingseininga Fana.
  • Registerkort IPLOS.
  • Rutine for registrering av IPLOS, utarb. 29. mai 2006.
  • Endring av omfang av hjemmesykepleie, BKDOK-2006-00060.01.
  • Oppgavefordeling mellom hjemmesykepleie og fastlegene, BKDOK-2007-00021.01.
  • Legevaktstjeneste for hjemmesykepleiem, BKDOK-2006-00370.01.
  • Samarbeidsavtale avdeling psykisk helse - forvaltningseininga - heimesjukepleien , datert 26. november 2006.
  • Søknad om praktisk bistand, utarb. 28. september 2006.
  • Avtale om rutinar for samarbeid mellom Bergen kommune og Haraldsplass Diakonale Sykehus, somatisk sektor.
  • Samarbeidsavtale mellom Bergen kommune og helse Bergen HF, avtale nr. 1 somatisk sektor og avtale nr 2 psykisk helsevern sektor.
  • Samhandlingsmøte mellom psykisk helse og forvaltningseininga.
  • Referat frå samhandlingsmøte 28. september, 15. juni og 27. april 2006.
  • Oversikt forskjellige samhandlingsmøte.
  • Opplæringsplan 2006 psykisk helse Fana.
  • Referat frå møte for Kompetanseutval i Fana bydel 3. april, 2. mai, 10. oktober og 11. desember 2006.
  • Lokal handlingsplan for psykisk helse 2006 - 2008 Fana.
  • Årsmelding for aktivitetssenteret Nesttun, avdeling psykisk helse Fana 2006.
  • Årsmelding for Lilletvedt bofellesskap 2006.
  • Turnus Lilletvedt bofellesskap.
  • Oversikt bemanning og personellressursar Haggardshaugen bofellesskap 2006 .
  • Årsrapport for Hardangerveien/Kirkeveien bofellesskap 2006 .
  • Turnus Kirkeveien bofellesskap .
  • Retningsliner for legemiddelhandtering i heimesjukepleie og tenester til funksjonshemma, BKDOK-2006-00200.01.
  • Retningsline Individuell plan, BKDOK-2004-00052.04 .
  • Rutine Individuell plan, utarb. 21. mars 2006.
  • Informassjonsbrosjyre "Individuell plan Fana orientering til deg som tenestemottakar" .
  • Bofellesskap med heildøgnstenester, bofellesskap med dagtenester, bustader tilknytt boteam og samlokaliserte bustader for personar med psykiske lidingar, BKDOM-2005-00185.03.
  • Saksbehandlingsrutinar for støttekontakter og privat avlasting, utarb. 7. april 2006.
  • Prosedyre i Profil samt handtering av vedtak til tenesta støttekontakt.
  • Arbeidsfordeling støttekontakt, utarb. november 2006.
  • Rutine søknad om heimehjelp, utarb. 19. januar 2004.
  • Internkontroll av tenesta til utviklingshemma, skriv av 3. juli 2006 frå Byrådsavdeling helse og omsorg til resultateiningar for tenester til utviklingshemma og private stiftingar for tenester til utviklingshemma.  

Andre tiltak som del av førebuinga til tilsynet:

  • Samtalar med fastlegane Trond Egil Hansen og Eli Trefall.

Dokument mottekne uavhengig av tilsynet

  • Plan for psykisk helsearbeid i Bergen kommune 2007 – 2010.
  • Rapportering disponering av tilskot frå Opptrappingsplanen psykisk helse 2004 – 2006.

Dokumentasjon motteken i e-post 9. og 14. februar 2007

  • Oversikt personell i Haggardshaugen bofellesskap.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 35 pasientjournalar blei gjennomgått.

Korrespondanse mellom Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 20. desember 2006.
  • Brev av 23. januar 2007 frå Bergen kommune med vedlegg.
  • Brev av 18. februar 2007 frå Fylkesmannen i Hordaland vedlagt program for tilsynet.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Alsaker, Vigdis

Einingsleiar butenester utviklingshemma

x

x

x

Frøiland, Rønnaug

Konst. einingsleiar avdeling psykisk helse

x

x

x

Gjelsvik, Gunnar Horgen

Avdelingsleiar Haggardshaugen bofellesskap

x

x

x

Gran, Birgit

Einingsleiar ergo/fysio

x

x

x

Grini, Eva

Leiar forvaltningseininga

x

x

 

Grindheim, Haldis

Leiar heimetenestene kommunalt KF

x

x

x

Havåg, Bodil

Student videreutdanning psykisk helsearbeid

x

   

Huus, Sissel

Avdelingsleiar Lilletveit bofellesskap

x

 

x

Johansen, Eva Turid

Miljøarbeidar sosialtenesta

x

x

x

Kleiven, Venke

Miljøarbeidar avdeling psykisk helse

x

x

x

Kornerud, Mette

Vernepleiar, forvaltningseininga

x

x

x

Mikkelsen, Anette

Konst. Leiar/miljøterapeut

   

x

Nilsen, Magne

Sjukepleiar heimetenestene

x

x

 

Nilsen, Trude

Vernepleiar med videreutdanning ipsykisk helsearbeid

x

x

x

Nordvik, Nina

Soneleiar heimesjukepleien

x

x

x

Roald, Arild

Sakshandsamar forvaltnigseininga

x

x

x

Sampson, Ingrid

Spesialkonsulent, byrådsavdeling helse og omsorg

x

 

x

Sherling, Anne-Gro Revheim

Koordinator heimesjukepleien

x

x

x

Skarheim, Thomas Rossland

Miljøterapeut Haggardshaugen bofellessakp

x

x

x

Steen-Eriksson, Vibeke

Helse-og sosialrådgjevar

x

x

x

Steiro, Terje

Miljøterapeut Lilletveit bofellesskap

x

x

x

Strand, Finn

Kommunaldirektør, byrådsavdeling helse og omsorg

 

x

 

Tveit, Britt Iren

Sosialsjef

x

x

x

Østensen, Arvid

Koordinator barn/unge

x

 

x

Øyjordsbakken, Morten

Miljøarbeidar psykiske tenester

x

x

x

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Fosse, Grethe, ass. fylkeslege
Landås, Jarle, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, underdirektør, leiar
Vebenstad, Torill, rådgjevar