Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet for sosial- og helsetenestene
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda av kommunens sosial- og helsetenester som tilsynet omfatta.

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

  • Kommunen si styring og kontroll med at personar som har alvorleg psykisk sjukdom får individuelt tilrettelagde, samordna og forsvarlege tenester og at tenestemottakarane får medverke. Revisjonen omfatta alle fasar i tenesteytinga frå planlegging og tildeling til iverksetjing, gjennomføring og evaluering av tildelte sosial- og helsetenester.
  • Tenester til personar med alvorleg psykisk sjukdom blir planlagt og tildelte i samråd med mottakarane og på grunnlag av individuelle behov. Ansvarsgruppe og samarbeidsmøte blir nytta til å samordne tenestetilbod. Fleire einingar har ansvar for å tildele og yte tenester til personar i målgruppa for tilsynet. Det er nært samarbeid med fastlegar og det distriktspsykiatriske senteret. Felles rutinar for sosial- og helsetenestene sitt arbeid med individuell plan er i ferd med å bli innarbeidde.
  • Samordna planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene til tenestemottakarar som treng langvarige og koordinerte tenester, føreset at tilsette kjenner til og har ei felles forståing av gjeldande rutinar.

Ved tilsynet blei det ikkje gjeve avvik frå krav i sosial- og helselovgjevinga.

Det blei gjeve ein merknad:
Det vil vere ei betring om rutinar for informasjon, dokumentasjon, og for samarbeid mellom einingane blir tydelegare.

Dato: 21. mars 2007

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Vaksdal kommune 19. desember 2006 - 20. februar 2007. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet i 2007 med sosial- og helsetenester til personar som treng langvarige og koordinerte tenester. Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorleg psykisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk og psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemming. Tilsynet inngår i den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland inneverande år.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Vaksdal kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gjevne i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynet finn grunn til å påpeike potensial for betring.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Tenestene i Vaksdal kommune er organisert i ein tonivå- modell. Sosial- og helsetenestene er inndelt i følgjande einingar:

  • eining for somatiske- og psykiatriske tenester, med ei eiga avdeling for psykisk helsearbeid
  • tenester for funksjonshemma
  • sosial- og barneverntenester
  • heimetenester

Einingsleiarane rapporterer til rådmannen. For å styrkje koordinering og samarbeid mellom einingane har kommunen nyleg oppretta eit særskilt forum der einingsleiarane skal delta. Første møte skal vere i veke 10.

Avdeling for psykisk helse gjev tenester på dagtid, på kveldstid fram til kl. 2200 og i helger og høgtider mellom kl. 1400 og 2130. Det er sett i verk ei rekkje aktivitetstilbod som personar i målgruppa for tilsynet har tilbod om å delta i.

Sosialtenesta har eit eige prosjekt for oppfølging av rusmiddelmisbrukarar, miljøarbeid i rusomsorga (MIR).

På bakgrunn av funn ved tilsyn med tenester til rusmiddelmisbrukarar i november 2006 har kommunen utarbeidd felles retningsliner for arbeid med individuell plan i sosial- og helsetenestene. Retningslinene er under innføring.

Avdeling for psykisk helsearbeid er i ferd med leggje om frå journalsystemet Infodoc til Profil. Arbeidet skal vere sluttført innan 1. mai.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 19. desember 2006.

Opningsmøte blei halde 19. februar 2007.

Intervju: 17 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 20. februar 2007.

Oversikt over dokument og opplysningar som Vaksdal kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si tilrettelegging og gjennomføring av tenester og tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sette opp lang ei tidsline med tre fasar. Kommunens oppgåver innanfor kvar av desse fasane har samanheng med og kan påverke dei andre:

Oppstartsfasen

  • tilgjenge til tenester, handtering av nye søknader og/eller spørsmål om tenester, utgreiing av behov, planlegging og avgjerd om tenester

Iverksetjingsfasen

  • praktisk gjennomføring av avgjerder

Oppfølgingsfasen

  • oppfølging av tenestemottakarane, revurdering av behov og eventuell justering av tenester

I høve til kvar fase er det også undersøkt om at kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
  • Forsvarleg tenesteyting

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik

Merknad 1:
Det vil vere ei betring om rutinar for informasjon, dokumentasjon, og for samarbeid mellom einingane blir tydelegare.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Det varierer om det blir gjeve tilbakemelding når andre einingar kontaktar avdelinga for psykisk helse med spørsmål om eventuell oppf��lging av enkelte tenestemottakarar.
  • Det er uttrykt ønskje om nærare samarbeid mellom heimetenestene og avdeling psykisk helse om fordeling av oppgåver i høve til felles tenestemottakarar.
  • Når tenestemottakarar med langvarige og samansette behov ikkje ønskjer ansvarsgruppe eller individuell plan, varierer det i kva grad det går fram av journal at tverrfagleg samarbeid er etablert og at tenestetilbod er evaluert.

Tilsynet har elles merka seg:
Personar med alvorleg psykisk sjukdom får tilbod om sosial- og helsetenester. Tenester blir planlagt og gjevne i samråd med mottakarane og ut frå vurdering av deira individuelle behov. Ansvarsgrupper og samarbeidsmøte blir nytta til å samordne tenestetilbod. Prosjektmedarbeidar i MIR og personell frå avdeling psykisk helse samarbeider nært om oppfølging av deltakarane i prosjektet. Avdeling for psykisk helsearbeid samarbeider med fastlegar i kommunen og med spesialisthelsetenesta, særleg Voss DPS, i samband med utskriving og vidare oppfølging av personar i målgruppa for tilsynet. Dette omfattar også arbeid med individuell plan. I det daglege arbeidet er leiarar og personell på vakt lett tilgjengelege ved behov.

6. Vurdering av styringssystemet for sosial- og helsetenestene

 

Fleire einingar har ansvar for å tildele og yte tenester til personar med alvorleg psykisk sjukdom som treng langvarige og koordinerte tenester. Ei samordna planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene til tenestemottakarar som treng langvarige og koordinerte tenester, føreset at personell som skal gi tenester kjenner til og har ei felles forståing av gjeldande rutinar. Det er eit leiaransvar å følgje med på at iverksette rutinar fungerer som føresett og at dei er tilstrekkelege til å oppfylle krav i sosial- og helselovgjevinga.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Vaksdal kommune
  • Arbeidsavtale for leiarane for følgjande tenesteeiningar: Heimetenestene, sosial- og barnevern og PPT-kontoret, sjukeheimstenester, somatiske og psykiatriske tenester, og for funksjonshemma
  • Oversikt over personell i avdeling for psykisk helsearbeid
  • Oversikt over tenestetilbod frå avdeling for psykisk helsearbeid
  • Serviceerklæring for psykiatrisk sjukepleie
  • Serviceerklæring for psykiatritenesta sitt dag- og aktivitetstilbod
  • Primærkontaktane sine oppgåver
  • Samarbeidsavtale mellom Vaksdal kommune og Helse Bergen HF
  • Rutinar for samarbeid mellom Vaksdal kommune og Helse Bergen HF, avtale nr 1. for somatisk sektor og avtale nr. 2 for psykisk helsevern
  • Samhandling mellom Voss DPS, NKS Bjørkeli og Vaksdal kommunehelsetenesta om innlegging og utskriving av pasientar
  • Orientering om samarbeidsrådet for Voss lokalsjukehusområde, underutvala pleie- og omsorg, rehabilitering, psykiatri, og for barn og unge si psykiske helse
  • Oversikt over kurs og opplæring avdeling psykisk helse 2006
  • Bustader for funksjonshemma
  • Kriterium for tildeling av bustad til brukarar av psykiatriske tenester
  • Rutinar for heimetenesta:
  • Rutine for sakshandsaming
  • Rutine for IPLOS-registrering
  • Rutine for tildeling av heimesjukepleie
  • Rutine for tildeling av heimehjelp
  • Rutine for å fatte vedtak i eining for heimetenester
  • Rutine for behandling av klage frå brukar
  • Rutine for å systematisere klage frå brukar/pårørande
  • Rutine for gjennomføring av brukarundersøking
  • Rutine for tildeling av omsorgsbustader
  • Rutine for føring av postjournal
  • Rutine for inn-/utregistrering
  • Rutine for føring og oppbevaring av pasientjournalar i open omsorg
  • Rutine for skriftleg føring i PROFIL
  • Prosedyre i høve til handsaming av omsorgsløn
  • Retningsliner for støttekontaktar i Vaksdal kommune
  • Intern delegasjon etter delegasjonsreglementet, datert 18. januar 2006
  • Tenesteskildring for heimesjukepleien i Vaksdal kommune
  • Tenesteskildring for heimehjelpstenesta i Vaksdal kommune
  • Tenesteskildring for ambulerande vaktmeister i Vaksdal kommune
  • Tenesteskildring for omsorgsløn i Vaksdal kommune
  • Tenesteskildring for støttekontakttenesta i Vaksdal kommune
  • Tenesteskildring for økonomisk sosialhjelp og hjelp til personar med rusproblematikk i Vaksdal kommune
  • Rutinar for utarbeiding av individuell plan for psykisk helse
  • Rutinar for utarbeiding av individuell plan
  • Avtale om prosjekt Grønt samarbeid/inn på tunet
  • Systematisk brukarevaluering, avdeling for psykisk helse Vaksdal kommune
  • Brosjyre om psykiatrisk rehabiliteringsteam Voss sjukehus

Dokumentasjon motteken i e-post 29. januar 2007

  • Informasjon om personell m.v. ved Elvevegen bueining for funksjonshemma
  • Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
  • 18 pasientjournalar blei gjennomgått.
  • Avviksmeldingar frå bueining for funksjonshemma og avdeling psykisk helse

Korrespondanse mellom Vaksdal kommune og Helsetilsynet i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 19. desember 2006
  • Brev av 18. januar 2007 med vedlegg frå Vaksdal kommune
  • E-post 25. januar 2007 frå Fylkesmannen i Hordaland etterspør tilleggsopplysningar
  • E-post 29 januar 2007 frå Vaksdal kommune
  • E-post 13. februar 2007 frå Vaksdal kommune om endring av program

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Andreassen, Marit

Hjelpepleiar

X

X

 

Dale, Kjartan

Vernepleiar

X

X

X

Hagen, Monica

Sjukepleiar

 

X

 

Hegge, Kari

Fastlege

 

X

 

Jacobsen, Paul-Terje

Sjukepleiar

 

tlf.inter-vju

 

Jacobsen, Torill

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

 

Juuhl, Rita

Einingsleiar sosial- og barneverntenester

X

X

X

Lid, Anne Marit Mehus

Einingsleiar for tenester for funksjonshemma

X

X

X

Laastad, Åse

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

 

Moldestad, Kjell

Einingsleiar heimetenesta

X

X

 

Renland, Beate

Prosjektmedarbeidar

X

X

X

Rødland, Åse

Avd.leiar heimestenesta

X

X

 

Røthe, Stig Gunnar

Rådmann

X

X

X

Straume, Anne-Berit Boge

Avdelingsleiar psykisk helse

X

X

X

Seim, Borghild Haga

Miljøterapeut

 

X

 

Thorseth, Ole M.

Einingsleiar somatiske og psykiatriske tenester, kommunelege I

X

X

X

Verpelstad, Tove D.

Heimehjelp

X

X

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland deltok:
Fosse, Grethe, ass. fylkeslege
Landås, Jarle, rådgjevar
Robøle, Anne Grete, underdirektør, leiar
Vebenstad, Torill, rådgjevar