Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 14.02.08 - 22.04.2008 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Etne kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Under tilsynet vart det påpeikt eit avvik:

Etne kommune sikrar ikkje informasjon og samarbeid mellom barnevern-, sosial- og helsetenester for å fange opp, utgreie eller gjennomføre tenester til utsette barn i skolepliktig alder.

Jarle Landås
revisjonsleiar
Laila Nordheim Alme
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 14.02.08 - 22.04.2008 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen, og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i Hordaland. Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og forebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om dei er naudsynt korrigerte
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalden

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og eventuelt andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve

Etne kommune er organisert med resultateiningar under rådmann. Sosial og barnevern er samla i ei eining med felles leiar. Skolehelseteneste og team for psykisk helse er organisert i helseavdelinga. Stillinga som helseleiar er vakant og ansvar for helseeininga er mellombels plassert hos rådgjevar for helse og sosial i støtteeining stab. Kommunen er i en omorganiseringsfase og det er vedteke at helse og sosial skal organiserast i ei felles eining med felles leiar. Stillinga som helse- og sosialleiar er utlyst.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 14.02.2008. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Opningsmøte vart halde 10.04.2008.

Intervju
9 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunn

Sluttmøte vart halde 15.04.2008.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte:

  • Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid
  • Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenesta si undersøking/utgreiing inneber vurdering av behov for andre tenester samt at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgjar opp barna/foreldra
  • Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenestene ved behov informerar kvarandre og samarbeidar om gjennomføring av tenestene

Med utsette barn meines: barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller på annan måte visar ved sin oppførsel at de har behov for samordna bistand frå helsetenesta, sosialtenesta eller barnevernet. Utsette barn kan også inkludere barn som har behov for samordna bistand på grunn av foreldra si åtferd eller situasjon.

Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 — 23 år.

5. Funn

Avvik 1:

Etne kommune sikrar ikkje informasjon og samarbeid mellom barnevern-, sosial- og helsetenester for å fange opp, utgreie eller gjennomføre tenester til utsette barn i skolepliktig alder.

Avvik frå:

Barnevernlova § 2-1 og 3-2,jf 3-1, i og 2. ledd og § 1-1, sosialtenestelova § 2-1,2. ledd og 3-2, kommunehelstenestelova § 1-4, 2. ledd, lov om statlig tilsyn med helsetenesta § 3, I. ledd, forskrift om internkontroll helsetenesta og sosiale tenester § 4 bokstav c, d, f og g og forskrift om internkontroll for barneverntenester § 4 bokstav c, d, f og g.

Kommentar:
Kommunen skal gjennom internkontrollen på områda barnevern, helse og sosial sikre at lovverket på områda blir følgt. Etter barnevernlova § 3-2, 2. ledd skal barneverntenesta samarbeide med andre instansar i kommunen når dette kan bidra til å løyse barneverntenesta sine oppgåver. Regelen omfattar samarbeid i einskildsaker. Kommunen har ansvar for generell førebyggjande verksemd, jf bvl § 3-2, 1. ledd og barneverntenesta har eit spesielt ansvar for å avdekke problem så tidleg at tiltak kan setjast inn for å unngå varige skadar.

Føremålet med barnevernlova er mellom anna å sikre rett tjeneste til rett tid, jf barnevernlova § 1-1. Sviktande samarbeid kan føre til at dette ikkje blir oppfylt i det einskilde tilfellet.

Etter sosialtenestelova § 3-2 skal sosialtenesta samarbeide med andre sektorar og forvaltningsnivå når dette kan bidra til å løyse eigne oppgåver etter lova. Etter kommunehelselova § 1-4, 2. ledd skal helsetenesta samarbeide med andre sektorar og forvaltningsnivå når dette kan bidra til å løyse eigne oppgåver etter lova. Samarbeidsplikta gjeld også i einskildsaker.

Helsestasjons-/skolehelsetenesta skal ha rutinar for samarbeid med blant anna kommunale tenester, jf forskrift om kommunens helsefremmande og førebyggjande arbeid i helsestasjons og skulehelsetenesta § 2-1, 3. ledd.

Avviket bygger på følgjande:

  • Helseleiar sitt ansvar er mellombels plassert i staben til rådmann. Det blir opplyst at knappe disponible ressursar er årsaka til at oppgåva berre blir delvis ivareteke. Særleg gjeld dette koordinering og samarbeid. I 2008 har det ikkje vore samarbeidsmøte mellom leiarane for helsetenestene, barnevern og sosial.
  • Kommunen har ikkje opplæringsplan og har heller ikkje kartlagt kompetanse og kompetansebehov innan dei aktuelle tenestene. Behov for grunnleggjande kompetanse for samarbeid som kunnskap om teieplikt, meldingar til barneverntenesta, kunnskap om dei andre tenestene er såleis ikkje kartlagt, og det er ikkje gjennomførd opplæringstiltak innan området. Barnevernet har ikkje ein praksis for å introdusere nytilsette ovanfor samarbeidande einingar i kommunen.
  • Samarbeid mellom helsetenester og barnevern er basert på at det blir levert bekymringsmelding til barnevernet.
  • Kommunen har ikkje eit forum for samarbeid mellom tenestene for generell drøfting av roller, ansvarsområde og sakar anten anonymt eller der partane har gitt samtykke. Det er uttalt i fleire intervju at det er eit behov for eit slikt forum for å sikre samarbeid
  • Dokumentgjennomgang viser at det i nokre saker vart ytt tenester frå helse- og eller sosialtenesta til barn eller vaksne med barn over tid før barneverntenesta har komme inn med vurdering av behov og tiltak. I nokre saker blir det ytt tenester frå team for psykisk helse til vaksne med barn uten at barneverntenesta er kopla inn for å vurdere omsorgsituasjonen og eventuelt semje i verk barneverntiltak.
  • Oppleving av mangelfullt samarbeid mellom helsetenesta og barneverntenesta er meld til Rådmann men det er ikkje gjort evaluering av samarbeidet eller sett i verk tiltak.

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven — hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven — koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen/bydelen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Administrativ organisering av Etne kommune
  • Oversikt over tilsette i helseavdelinga
  • Delegasjonsreglement for Etne kommune
  • Mellombels organisasjonskart for Team for psykisk helse
  • Utkast til prosedyre Fokus på barn og unge - organisering av samarbeid
  • Tilvisings- og samarbeidsskjema — helsestasjonen /psykisk helsevern
  • Årsmelding 2007 — Ansvar 3200 — Sosialleiar
  • Prosedyre Samordning av tenester, udatert
  • Informasjon frå sosialavdelinga til støttekontaktar om rapportskriving, des.2007
  • Informasjon frå sosialavdelinga til avlastarar om rapportskriving, des.2007
  • Internt notat om overføring av tenester for funksjonshemma frå pleie- og omsorgsavdelinga til sosialavdelinga
  • Saksutgreiing til formannskapet — Organisering av helse- og sosialtenestene
  • Brev av 7. mars 2008 til Fylkesmannen i Hordaland frå helsestasjons- og skulelegane Eric W. Mills og Tobias Nieber, Etne kommune vedk. utilfredsstillande samarbeid om barn på systemnivå
  • økonomirapport 2. halvår 2007 frå Haugaland Interkommunale Barnevernsamarbeid til Etne kommune
  • Gjennomgang av Haugaland Interkommunale barnevernsamarbeid — BAS, januar 2008

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Alle journalar frå skulehelsetenesta på barn der det har vore samarbeid med barnevernet dei siste to siste åra
  • Saksmapper i alle saker dei to siste åra fra sosialkontoret der det er etablert samarbeid med barnevernet om familien eller saker der det anten er klientar med rusproblematikk eller kjent psykisk sjukdom som har dagleg omsorg for eigne barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå dei siste to åra frå team for psykisk helse der det er gitt tenester til barn i skulepliktig alder eller til foreldre med daglig omsorg for barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper fra barneverntenesta dei siste to åra der det er etablert samarbeid med skulehelsetenesta, team for psykisk helse og eller sosialkontor
  • Saksmapper frå barnevern og sosial med overgang frå barnevernteneste til sosialteneste
  • Plan for skule- og helsestasjonstenesta i Etne

Korrespondanse mellom kommunen/bydelen og Fylkesmannen:

  • Varsel datert 14.02.08
  • Oversending av dokumenter frå Etne kommune 08.04.08
  • Faks frå Etne kommune datert 11.03.08 og 26.03.08 med oversending av dokument
  • E-post 28.03.08 og 04.04.08 med oversending av timeplan

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Bente Bråten

Barnevernkonsulent

x

x

x

Karin Koltveit

Sosialkonsulent

x

x

x

Margareth Bull Tornøe

Leiande helsesøster

x

x

x

Eric W Mills

Skolelege

 

x

 

Sølvi Eide Lunde

Fung. psykiatrikoordinator

x

x

 

Bengt Kallevik

Kommunelege I

 

x

x

Ingvill Hauge

Sosialleiar

x

x

x

Elling Hetland

Rådmann

x

x

x

Steinar Mjelde

Rådgjevar helse og sosial

x

x

x

Fra tilsynsstyresmaktene deltok:
Laila Nordheim Alme
Eirik Lyssand
Jarle Landås