Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 09.09.08 – 31.10.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Meland kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skolepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn rette tiltak og tenester til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje påpeika avvik eller gitt merknad i samband med tilsynet.

Dato: 31.10.2008

Jarle Landås
revisjonsleiar
Eirik Lyssand
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 09.09.08 – 31.10.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgd opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir halde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart utsendt 03.07.08. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet er gitt i kapittel 6 Dokumentunderlag.

Tilsynslaget gjennomførte gjennomgang av dokument i kommunen den 09.09.08. Desse dokumenta går og fram under kapittel 6.

Intervju
11 personar vart intervjua 29.10.08.

Sluttmøte vart halde 31.10.08.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte:

Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenesta si undersøking/utgreiing inneber vurdering av behov for andre tenester og at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgjar opp barna/foreldra

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenestene ved behov informerer kvarandre og samarbeidar om gjennomføring av tenestene

Utsette barn vil i denne samanheng seie barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller på annan måte viser ved sin oppførsel at dei har behov for samordna bistand frå helsetenesta, sosialtenesta eller barnevernet. Utsette barn kan også inkludere barn som har behov for samordna bistand på grunn av foreldra si åtferd eller situasjon.

Tilsynet omfatta og undersøking av om barnevernet og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år.

Kommunen skal gjennom internkontroll sikre at tenestene er i samsvar med lovkrav. Kommunen må mellom anna sørgje for klar ansvarsdeling, tilstrekkeleg kompetanse, tilstrekkelege rutinar for samarbeid og at det blir gjort risikovurdering og at tenestene blir evaluerte.

Tilsynet undersøkte mellom anna om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna, og om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det.

4. Funn

Det vart ikkje funne grunnlag for å gi avvik eller merknad.

5. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

6. Dokumentunderlag

Tilsendt dokumentasjon – Meland kommune,

  • Organisasjonskart - kommunalavdeling for helse- og sosialtenester
  • Stillingsomtalar - sosialtenesta, barnevernet og helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Oversikt over leiarar og tilsette i barnevernet, sosialtenesta, psykisk helseteneste
  • Prosedyrar, malar og rutinar:
    Oppbygging av kvalitetssystemet
    Organisasjon og ansvar
    Skriving av prosedyrar
    Handsaming av avvik
    Avviksrapport (skjema)
    Dokumentstyring i kvalitetssystemet
    Gjennomføring av opplæring (skjema)
    Kvalitetssystemet – Metodeperm I – innhaldsoversikt
    Oversyn over informasjon (vedlegg 2)
    Kommunal ressursgruppe for psykososiale krisesituasjonar
    Helseteam – Meland kommune
    Opplysningsplikt til barneverntenesta , vedlegg 1
    Innkalling til basisteam for barnehage, samtykkeskjema, retningsliner for arbeidet i basisteam i barnehage.
    Sjekkliste – tverrfagleg samarbeid , vedlegg 1
    Seksuelle overgrep/vald
    Samarbeidsavtale barnevern- og sosialtenesta, Meland kommune
    Tverrfagleg samarbeid – psykisk helsearbeid for barn og unge i Meland kommune
    Basisteam i barnehage – Meland kommune
    Prosedyre for rusførebyggjande verksemd
    Prosedyre for økonomisk rådgjeving i samband med gjeldsførebyggjande verksemd i ungdomsskulen (ikkje godkjend)
  • Referat frå tverrfaglege møte m.m.
  • Tverrfagleg rettleiing i Meland kommune 2006/07
  • Tilbod om tverrfagleg rettleiing i Meland kommune
  • Internundervisning – årsplan 2007 og revidert årsplan 2008
  • Kompetanseutviklingsplan for Meland kommune 2007 - 2008
  • Fagrelaterte opplæringstiltak – delplan for helse- og sosialtenester
  • Samarbeidsmøte – onsdagskalender for Helsenaustet – hausten 2008
  • Oversikt over møte med psykiatritenesta/ Frekhaug legesenter haust 2008 og vår 2009
  • Årsmeldingar 2007
  • Strategidokument for kommunalavdeling for helse- og sosial 2008-2009
  • Dokument med tilknyting til risikovurderingar

Dokument som vart lagt fram i samband med tilsynsgruppa sin dokumentgjennomgang i kommunen 09.09.08:

  • Journalar/saksmapper frå skulehelsetenesta på alle barn der det i 2008 har vore samarbeid mellom skulehelsetenesta og barnevernet
  • Saksmapper i alle saker frå sosialtenesta der det i 2008 er etablert eller pågåande samarbeid med barnevernet om familien
  • Saksmapper i dei siste 5 sakene frå sosialtenesta der det er klientar som har fått utbetalt sosialstønad fleire gonger siste året og som har dagleg omsorg for eigne barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå sosialkontoret frå 2008 med søknad om økonomisk stønad der straumen er stengt og der det er barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper for dei siste 5 sakene med to eller fleire naudhjelpsvedtak siste året til personar med barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper frå sosialkontoret med tenester i 2008 til rusmiddelmisbrukarar med heimebuande barn i skulepliktig alder
  • Alle saksmapper siste to åra frå sosialtenesta der det har vore overgang frå barnevernet til sosialtenesta
  • Journaler/saksmapper frå alle saker 2008 får psykiatritenesta med tenester til foreldre med dagleg omsorg for barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå alle saker i barneverntenesta i 2008 der det er etablert samarbeid med skulehelsetenesta, team for psykisk helse og eller sosialkontoret
  • Alle saksmapper frå 2007 og 2008 frå barnevernet der vedkomande fylte eller fyller 18 år eller 23 år i perioden.
  • Oversikt over meldingar til barnevernet i 2008 frå sosialtenesta, psykiatritenesta og skulehelsetenesta

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 03.07.08
  • Brev av 04.08.08 og 05.08.08 til Meland ungdomsskule,PPT –Meland og Rossland skule
  • Dokumentasjon frå kommunen mottatt 26.08.08
  • Brev mottatt 29.08.08 med informasjon om samarbeid med helse- sosial og barneverntenesta frå Rossland skule
  • E-post til Meland kommune 14.08.08 med oversyn over saksmapper som tilsynet vil ha framlagt til gjennomsyn
  • E-post frå Fylkesmannen til Meland kommune datert 16.10.08 om program for tilsynet

7. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hildegunn Hove

Sosialleiar

X

X

X

Anne Laue

Skulelege

X

X

 

Torhild Sellevoll Åsebø

Helsesøster

X

X

X

Gunnhild Brakstad

Leiande helsesøster

X

X

X

Petter Lingjerde

Leiar psykisk helse

X

X

X

Berit Markhus

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

 

Kjell Ølnes

Barnevernleiar

X

X

X

Kjerstin K. Bertelsen

Barnevernkonsulent

X

X

 

Helge Kvam

Nestleiar sosialtenesta

X

X

 

Tord Moltumyr

Kommuneoverlege

 

X

X

Frode Wikne

Kommunalsjef

X

X

X

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Laila Nordheim Alme, Eirik Lyssand og Jarle Landås