Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 25.02.08 – 06.06.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Stord kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Under tilsynet vart det påpeikt eit avvik:
Stord kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad informasjon og samarbeid mellom barnevern-, sosial- og helsetenester for å fange opp, utgreie eller gjennomføre tenester til utsette barn i skolepliktig alder.

Dato:

Jarle Landås
revisjonsleiar
Eirik Lyssand
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 21.04.08 – 06.06.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen/bydelen - særlege tilhøve

Frå 01.01.08 er barneverntenesta i Stord kommune organisert som administrativt vertskommunesamarbeid etter kommunelova § 28b i Sunnhordland interkommunale barnevernteneste. Stord har vertskommuneansvar for kommunane Fitjar og Bømlo.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 25.02.08. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte vart halde 21.04.08.

Opningsmøte vart halde 03.06.08

Intervju
14 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 06.06.08.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte:

Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenesta si undersøking/utgreiing inneber vurdering av behov for andre tenester samt at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgjar opp barna/foreldra

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenestene ved behov informerar kvarandre og samarbeidar om gjennomføring av tenestene

Utsette barn vil i denne samanheng seie barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller på annan måte visar ved sin oppførsel at de har behov for samordna bistand frå helsetenesta, sosialtenesta eller barnevernet. Utsette barn kan også inkludere barn som har behov for samordna bistand på grunn av foreldra si åtferd eller situasjon.

Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevernet og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år.

Kommunen skal gjennom internkontroll sikre at tenestene er i samsvar med lovkrav. Kommunen må blant anna sørgje for klar ansvarsdeling, tilstrekkeleg kompetanse, tilstrekkelege rutinar for samarbeid og at det blir gjort risikovurdering og at tenestene blir evaluert.

Tilsynet undersøkte blant anna om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna samt om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det.

5. Funn

Avvik:

Stord kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad informasjon og samarbeid mellom barnevern-, sosial- og helsetenester for å fange opp, utgreie eller gjennomføre tenester til utsette barn i skolepliktig alder.

Avvik frå: barnevernlova §§ 2-1 og 3-2, jf § 3-1, 1 og 2. ledd, og § 1-1, sosialtenestelova §§ 2-1, 2. ledd og 3-2, kommunehelstenestelova § 1-4, 2. ledd, forskrift om kommunens helsefremmande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1, 3. ledd, forskrift om internkontroll helsetenesta og sosiale tenester § 4 bokstav c, d, f og g og forskrift om internkontroll for barneverntenesta § 4 bokstav c, d, f og g.

Kommentar:
Kommunen skal gjennom internkontrollen på områda barnevern, helse og sosial sikre at lovverket på områda blir følgt. Dette inneber mellom anna at kommunen må skaffe oversikt over område med fare for svikt, sørgje for tilstrekkeleg kompetanse, etablere tilstrekkelege rutinar og gjennomføre evaluering.

Etter barnevernlova § 3-2, 2. ledd skal barneverntenesta samarbeide med andre instansar i kommunen når dette kan bidra til å løyse barneverntenesta sine oppgåver. Regelen omfattar samarbeid i einskildsaker. Kommunen har ansvar for generell førebyggjande verksemd, jf bvl § 3-2, 1. ledd og barneverntenesta har eit spesielt ansvar for å avdekke problem så tidleg at tiltak kan setjast inn for å unngå varige skadar. Tiltaksplanar skal utarbeidast når hjelpetiltak blir iverksett og når ungdom plasserast etter reglane i §§ 4-24 og 4-26, jf barnevernloven §§ 4-5 og 4-28. Tiltak frå andre tenester i kommunen og samarbeid med disse skal omtalast i tiltaksplanen når tiltaka og samarbeidet er viktige verkemidler for å nå måla som er prioritert i tiltaksplanen. Føremålet med barnevernlova er mellom anna å sikre rett teneste til rett tid, jf barnevernlova § 1-1. Sviktande samarbeid kan føre til at dette ikkje blir oppfylt i det einskilde tilfellet.

Etter sosialtenestelova § 3-2 og kommunehelselova § 1-4, 2. ledd skal sosialtenesta og helsetenesta samarbeide med andre sektorar og forvaltningsnivå når dette kan bidra til å løyse eigne oppgåver etter lova. Samarbeidsplikta gjeld også i einskildsaker.

Skolehelsetenesta skal ha rutinar for samarbeid med blant anna kommunale tenester, jf forskrift om kommunens helsefremmande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1, 3. ledd.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Kommunen har ikkje gjennomført risikovurdering av samhandling mellom dei aktuelle tenestene om utsette barn i skulepliktig alder.
  • Kommunen har ikkje fastsett retningsliner i dei aktuelle tenestene for samhandling om utsette barn. Om og på kva måte einskildsaker blir tekne opp mellom tenestene er med dette i nokon grad tilfeldig.
  • Der føreligg ikkje retningsliner for vurdering av barns situasjon ved tildeling av økonomisk sosialhjelp eller ved tildeling av tenester til psykisk sjuke vaksne. Kva som blir vurdert kan såleis vere personavhengig.
  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta har ikkje rutinar for samarbeid med fastlegar og for delar av dei kommunale tenestene.
  • Barnevernet har ikkje eins praksis for å gi tilbakemelding ved bekymringsmelding frå dei andre kommunale tenestene.
  • Gjennomgang av saksmapper frå barneverntenesta viser at tiltaksplanar ikkje omhandlar samarbeid med andre kommunale tenester.
  • Kommunen har ikkje fastsett retningsliner for handtering av teieplikt og innhenting av samtykke som grunnlag for samarbeid mellom tenestene, og dette blir handtert ulikt av sakshandsamarane i tenestene. 
  • Kommunen har ikkje eit forum for samarbeid mellom helse, sosial og barnevern for drøfting av sakar anten anonymt eller der partane har gitt samtykke. Det er etablert ressursteam på skulane med møte kvar månad for å fange opp utsette barn. Skule og PPT møter fast. Helsesyster møter ikkje ved alle skulane og det blei opplyst i intervju at dette ved ein skule skuldast at møtetid ikkje er tilpassa når helsesyster er tilstades på skulen.  Førebyggjande team ved barnevernet deltek i samarbeidsmøta ved fleire skular men det er ikkje klare retningsliner for samhandling mellom førebyggjande team og resten av barneverntenesta. Sosialtenesta er ikkje representert i ressursteama.
  • Samarbeidsmøte mellom helsesystrer og førebyggjande barnevern blei etablert i 2007, men slike møte er ikkje haldne i 2008.
  • I fleire intervju blei det uttrykt eit behov for eit tverrfagleg forum for å ta opp bekymringssaker og for oppfølging av einskildsaker.
  • Kommunen har ikkje fastsett retningsliner for handtering av overgang mellom barnevernteneste og sosialteneste for ungdom mellom 18 og 23 år. Når og kva informasjon som blir gitt til brukar og eller sosialtenesta er opp til den einskilde sakshandsamar og varierar såleis.  

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen/bydelen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Organisering Stord kommune 01.02.08
  • Målstyring og kvalitetssikring – om mål, strategiar og satsingsområde i økonomiplanperioden
  • Delegasjonsreglement for Stord kommune
  • Informasjon til nytilsette, juli 2006
  • Avtale mellom BUP-Stord og Stord kommune om samarbeidsrutinar
  • Førebels avtale mellom Stord DPS og Stord kommune
  • Prosjektplan for prosjekt støtteteam
  • Samarbeidsrutinar – gravide rusmisbrukarar
  • Forslag til rutinar for individuell plan
  • Skjema for tilvising – PPT for Stord og Fitjar
  • Organisering – sosial- og førebyggjande tenester
  • Handlingsplan 2007 – sosial- og førebyggjande tenester (SOFT)
  • Stillingsomtalar for legearbeid i Stord kommune
  • Ny organisering SIB – versjon nr. 2
  • Brukarundersøking 2007 – SIB
  • Årsmelding 2007 – SIB
  • Kundetorget, informasjon om funksjon og arbeidsoppgåver og fordeling av saker etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova
  • Prosedyre: Sakshandsaming pleie, rehabilitering og omsorg
  • Årsrapport 2007 – Kundetorget
  • Organisasjonsmodell Nav Stord
  • Avtale mellom Nav-eininga, sosial og førebyggjande tenester og SIB
  • Brukarundersøking –Nav kommune –sosialtenesta 2007
  • Mottak - brukarar som søkjer økonomisk sosialhjelp
  • Årsmelding Nav kommune
  • Statusrapport Tjødnalio barnehage, samarbeidsrutinar med PPT, barnevernet og andre – døme på samarbeid
  • Handlingsplan 2007, Skogatufto barnehage – døme på samarbeid

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Kontaktpersonar ” Fasttid” for barnehagar, skular og PPT
  • Referat frå samarbeidsmøte mellom Nav, SOFT og SIB 10.01.2008
  • Referat frå møte på Stord Ungdomsskule 26. mars 2008
  • Mandat for gruppe som skal utvikle rutinar for å sikre rettmessig undervisning for alle elever (førebygging av skulefråver)
  • Godt samliv (samlivskurs) – brev til ansvarlege og kursleiarar
  • Journaler/saksmapper frå skulehelsetenesta på barn med samarbeid mellom sosialkontoret og/eller barnevernet
  • saksmapper frå sosialkontoret med utbetalt sosialstønad til personar som har dagleg omsorg for egne barn i skolepliktig alder.
  • saksmapper for personar som har mottatt heimekonsulenttenester (psykiatri) i 2007 og 2008.
  • saksmapper i barneverntenesta i 2007 og hittil i 2008 med samarbeid med skulehelsetenesta og eller sosialkontoret
  • saksmapper i 2007 og 2008 frå barnevern og sosial med overgang frå barnevernteneste til sosialteneste
  • Saksmapper frå barneverntenesta med avslutta undersøkingar i 2008.
  • Referat frå alle tverrfaglige samarbeidsmøter i 2007 og 2008 (inkludert leiarmøte)

Korrespondanse mellom kommunen/bydelen og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 25.02.08.
  • Oversending av dokument frå Lindås kommune 17.04.08
  • E-post frå Stord kommune 17.04.08 med oversending av dokument
  • E-post frå Fylkesmannen i Hordaland 15.05.08 med program for tilsynet og oversyn over dokumenter og journalar som skulle bli framlagd til opningsmøtet.

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Helle, Else-Berit

Einingsleiar, sosial- og førebyggkjande tenester

X

X

X

Landa, Torill Haugland

Barnevernkurator

X

X

X

Myklebust, Reidun

Rådmann

X

X

X

Nævdal, Brith Karin

Fagansvarleg barneverntenesta

X

X

 

Saxvig, Gunnar

Fagkonsulent kundetorget

X

X

X

Helland, Sigrun

Helsesyster

X

X

X

Rommetveit, Magne

Kommunalsjef

X

X

X

Barmen, Oddny

Rettleiar, Nav

X

X

X

Hjertholm, Trine

Barnevernleiar

X

X

X

Stenerud, Lise

Einingsleiar kundetorget

X

X

 

Dahl, Trygve

Helse- og sosialkonsulent

   

X

Hpoe, Bjørg

Rettleiar Nav

 

X

X

Robbestad, Hanne

Helsesøster

 

X

X

Sundal, Gunhild

Skulelege

 

X

X

Nome, Solveig Færevåg

Nav

 

X

X


Fra tilsynsstyresmaktene deltok:

Laila Nordheim Alme, Eirik Lyssand og Jarle Landås.