Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Gjennomføring
3. Kva tilsynet omfatta
4. Funn
5. Regelverk
6. Dokumentunderlag
7. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 15.09.08 – 10.10.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Ytrebygda bydel, Bergen kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skolepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn rette tiltak og tenester til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje påpeikt avvik men gitt ein merknad under tilsynet:

Eining for psykisk helse har i liten grad samarbeidskontakt med barnevernet for vurdering av barns situasjon når foreldre er psykisk sjuke og har kontakt med eining for psykisk helse.

Dato: 14.10.08

Jarle Landås
revisjonsleiar
Laila Nordheim Alme
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 15.09.08 – 10.10.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel ble utsendt 03.07.08. Oversikt over dokumenter verksemda har sendt i samband med tilsynet er gitt i kapittel 6 Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 07.10.08.

Intervju
14 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittel 6 Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 10.10.08.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte:

Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenesta si undersøking/utgreiing inneber vurdering av behov for andre tenester og at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgjar opp barna/foreldra

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenestene ved behov informerer kvarandre og samarbeidar om gjennomføring av tenestene

Utsette barn vil i denne samanheng seie barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller på annan måte viser ved sin oppførsel at de har behov for samordna bistand frå helsetenesta, sosialtenesta eller barnevernet. Utsette barn kan også inkludere barn som har behov for samordna bistand på grunn av foreldra si åtferd eller situasjon.

Tilsynet omfatta og undersøking av om barnevernet og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år.

Kommunen skal gjennom internkontroll sikre at tenestene er i samsvar med lovkrav. Kommunen må mellom anna sørgje for klar ansvarsdeling, tilstrekkeleg kompetanse, tilstrekkelege rutinar for samarbeid og at det blir gjort risikovurdering og at tenestene blir evaluerte.

Tilsynet undersøkte mellom anna om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna og om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det.

4. Funn

Det vart ikkje påpeikt avvik men gitt ein merknad under tilsynet:

Eining for psykisk helse har i liten grad samarbeidskontakt med barnevernet for vurdering av barns situasjon når foreldre er psykisk sjuke og har kontakt med eining for psykisk helse.

Merknader byggjer på følgjande:

  • Barn til psykisk sjuke foreldre er ofte i ein vanskeleg situasjon og det kan vere aktuelt med tiltak retta både mot foreldra og/eller barnet for å betre omsorgssituasjonen. Det er sentralt å få vurdert barns situasjon og eventuelt setje inn tiltak på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg.
  • Eining for psykisk helse har utarbeidd eit eige skjema for vurdering av barns situasjon når behovet for tenester til psykisk sjuke foreldre vert kartlagt. Barnevernet og eining for psykisk helse har og inngått samarbeidsavtale. Det er likevel lite kontakt mellom einingane, både i form av anonyme drøftingar og på bakgrunn av samtykke, for å vurdere barns situasjon og eventuelle tiltak.

5. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglige drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Organisasjonskart m/vedlegg – barneverntenesta
  • Revidert styringskort for barneverntenesta i Bergen 2008
  • Årsrapport 2007 – Ytrebygda barnevernteneste
  • Trygge barn og ansvarlege vaksne – oppfølging av styringskort pr 31.12 2007 Leiaravtale for resultateiningsleiarar 2008 - barneverntenesta
  • Handlingsplan – leiaravtale Gunvor Nilsen 2008
  • Statusrapport for barneverntenestene i Bergen 2007
  • Basisopplæring av nytilsette i barneverntenesta (internt notat)
  • Internkontroll for barneverntenesta i Bergen
  • Samarbeid mellom barneverntenesta og politiet – møteplan vår 2008
  • Stillingsomtalar teamleiarar, barnevernsjef, nestleiar og kuratorar
  • Implementering av familieråd som beslutningsmodell ved Ytrebygda barnevernteneste
  • Kommunikasjon og samhandlingsplan i barnevernet
  • Organisasjonskart – Ytrebygda sosialteneste
  • Revidert styringskort for sosialtenesta i Bergen 2008
  • Leiaravtale for resultateiningsleiarar 2008 – sosialtenesta
  • Ytrebygda sosialteneste – teamorganisering
  • Samarbeidsavtale mellom Nav Ytrebygda sosialteneste og Ytrebygda barnevernteneste
  • Samarbeidsavtale, Nav Ytrebygda og avdeling for psykisk helse, Ytrebygda
  • Framlegg til oppretting av brukarforum ved Nav Ytrebygda
  • Oversikt over leiarar ved Nav – Ytrebygda sosialteneste pr 01.09.2008 Kompetansetiltak 2008-2009 – Ytrebygda sosialteneste
  • Organisasjonskart – avdeling for psykisk helse
  • Styringskort for avdeling for psykisk helse 2008
  • Årsrapport 2007 – avdeling for psykisk helse, Ytrebygda
  • Revidert verksemdsplan 2007, avdeling for psykisk helse
  • Målsetjing 2008 – avdeling psykisk helse, Ytrebygda
  • Tverrfagleg organisering – psykisk helse barn og unge – Ytrebygda Lokal handlingsplan – psykisk helse, Ytrebygda 2006-2008
  • Samarbeidsavtale , avdeling for psykisk helse, heimesjukepleien og forvaltningseininga, Ytrebygda bydel
  • Retningsliner for ansvarområde og prioriteringar, avdeling psykisk helse, Bergen kommune
  • Samarbeidsavtale, avdeling for psykisk helse og barneverntenesta, Ytrebygda bydel
  • Samtykkeerklæring mellom avdeling psykisk helse Ytrebygda og brukar
  • Tverrfagleg løysingsgruppe – psykisk helse barn og unge
  • Internopplæring av nytilsette og studentar, avdeling psykisk helse, Ytrebygda
  • Registreringsskjema avbrukarar som har barn – avdeling for psykisk helse Ytrebygda
  • Kompetanseplan – avdeling for psykisk helse, Ytrebygda
  • Oversikt over stillingar og tilsette, avdeling for psykisk helse
  • Inntaksprosedyre, avdeling for psykisk helse
  • Stillingsomtale – koordinator, avdeling psykisk helse
  • Stillingsomtale – stedfortredar, avdeling psykisk helse
  • Organisasjonskart – forvaltningseininga Ytrebygda
  • Styringskort for forvaltningseiningar
  • Handlingsplan 2008 – forvaltningseininga (brukarar/ arbeidsprosessar)
  • Årsrapport 2007 – Nav Ytrebygda sosialteneste
  • Stillingsomtale – rehabiliteringskoordinator
  • Kven har ansvar for kva – forvaltningseininga
  • Fag og personalmøtet i forvaltningseininga
  • Leiaravtale for resultateiningsleiarar 2008 – Forvaltninga i Ytrebygda
  • Opplæring, kompetanseutvikling 2008- forvaltningseininga
  • Tilsette – Forvaltningseininga 2008
  • Opplæring av nytilsette i forvaltningseininga
  • Oppfølging av systemtilsyn frå Helsetilsynet og Fylkesmannen
  • Oppfølging etter tilsyn med habiliteringstenester i 2007
  • Risiko og sårbaranalyse – oppfølging etter tilsyn
  • Forventningar til oppfølgingseiningane – Bergen kommune
  • Kvalitet i pleie- og omsorgstenesta – iverksetjing av vedtak (sak 337-05 vedtatt i Bergen bystyre19.12.2005)
  • Organisasjonskart helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Handlingsplan for helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Årsrapport 2007 – Ytrebygda helsestasjon og skulehelseteneste
  • Årsmelding – helsestasjon for ungdom i Ytrebygda
  • Styringskort for helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Arbeidsplan – Ytrebygda helsestasjon og skulehelseteneste 2008
  • Bemanning i barneskulen – skulehelsetenesta
  • Handtering av avvik og uønska hendingar i helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Oversikt over legar – helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Retningsliner for oppfølging av fråver – skulehelsetenesta sin oppgåver
  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta – rutinar for samarbeid med fastlegane
  • Orientering om etablering av konsultasjonsteam – bekymring for barn
  • Rapport frå kvalitetsutval for helsestasjons- og skulehelsetenesta, andre halvår 2007
  • Lokal kompetanseplan Ytrebygda helsestasjon og skulehelseteneste 2008
  • Plan for skulehelsetenesta i Bergen
  • Individuell plan – status på innkomne søknader pr. 31.12.2007
  • Individuell plan for barn og unge
  • Individuell plan – retningsliner
  • Prosedyre – Utarbeiding av individuell plan
  • Reglar for oppretting og drift av ansvarsgrupper
  • Ansvar for tenester til personar utan spesifikk diagnose – samarbeidsavtale
  • Prosedyre – sjekkliste for første samtale
  • Retningsliner for tverrfagleg arbeid rundt enkelte barn og unge som kan ha behov for koordinerte tenester
  • Samarbeidsrutinar for barn som er utsette for vald og overgrep – prosedyre ved mistanke om at barn blir utsette for overgrep
  • Kraftsenter for barn og familier i Ytrebygda
  • Retningsliner for tverrfagleg oppvekstforum
  • Retningsliner for tverrfagelge møte/ helseteammøte for grunnskulane i Bergen
  • Prosedyre ved mistanke om overgrep i heimen (vaksen brukar)
  • Retningsliner for tverrfagleg jobb ved grunnskulane – HELSETEAM
  • Helsepersonells plikt til å gi opplysningar til barneverntenesta
  • Barne- og familieteam ved PPT- Ytrebygda
  • Retningsliner for fagnettverk
  • Invitasjon til samling 21.11.2006 for resultateiningsleiarar – Tema: Tverrfagleg samarbeid
  • Invitasjon til samarbeidsmøte om implementering av ART- skule, skulehelseteneste og barnevern
  • Invitasjon til tverrfagleg samarbeidsmøte 24. november 2008 – Kan det vere omsorgssvikt?
  • Referat frå tverrfagleg løysingsgruppe – prosjekt LOS (lokal samordning – psykisk helsearbeid barn og unge)
  • Referat frå møte 24. mai 2006 i Nettverk for barn og unges psykiske helse i Ytrebygda, 2. møte
  • Referat av fellessamling for sosial- og barnevernnettverka i Bergen 6. og 7. mars 2008
  • Referat frå møte om forsterka SFO og fritidstilbod 24.08.2007
  • Referat frå møte 05,09,2007 i nettverk for barn og unges psykiske helse i Ytrebygda, 6. møte
  • Referat frå møte i tverrfagleg handlingsrom 16.01.2007
  • Møteplan – samarbeidsmøte helse, omsorg og PPT - haust 2008 Møteplan fagmøter i barnevernet vår 2008
  • Informasjon om MOBY-stiftinga
  • Ytrebygda fritid for barn med spesielle behov – prosjektbeskrivelse
  • Fagdag for skulehelsetenesta 23. januar 2008
  • Referat frå møte i Tverrfagleg handlingsrom 11.10.2007
  • Døme på søknad om miljøarbeidar, avlastingsopphald, forlenging av avlastingstiltak og praktisk bistand
  • Tverrfagleg samarbeid i praksis – presentasjon
  • Førebuande møte vedk. stillingsinnhald kurator
  • Referat frå styringsgruppemøte 14.01.2008
  • Tverrfaglig samarbeid i bydelane
  • Barne- og familieteam ved PPT-Ytrebygda

Dokument som vart lagt fram under tilsynet:

  • Journalar/saksmapper frå skulehelsetenesta på alle barn der det i 2008 har vore samarbeid mellom skulehelsetenesta og barnevernet
  • Saksmapper i alle saker frå sosialtenesta der det i 2008 er etablert eller pågåande samarbeid med barnevernet om familien
  • Saksmapper i siste 5 sakene frå sosialtenesta der det er klientar som har fått utbetalt sosialstønad fleire gonger siste året og som har dagleg omsorg for eigne barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå sosialkontoret frå 2008 med søknad om økonomisk stønad der straumen er stengt og der det er barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper for dei siste 5 sakene med to eller fleire naudhjelpsvedtak siste året til personar med barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper frå sosialkontoret med tenester i 2008 til rusmiddelmisbrukarar med heimebuande barn i skulepliktig alder
  • Alle saksmapper siste to åra frå sosialtenesta der det har vore overgang frå barnevernet til sosialtenesta
  • Journaler/saksmapper frå alle saker 2008 får psykiatritenesta med tenester til foreldre med dagleg omsorg for barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå alle saker i barneverntenesta i 2008 der det er etablert samarbeid med skulehelsetenesta, team for psykisk helse og eller sosialkontoret
  • Alle saksmapper frå 2007 og 2008 frå barnevernet der vedkomande fylte eller fyller 18 år eller 23 år i perioden.
  • Oversikt over meldingar til barnevernet i 2008 frå sosialtenesta, psykiatritenesta og skulehelsetenesta
  • Samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT)
  • Tverrfagleg samarbeid i bydelen – byrådssak 1638-03
  • Oversikt over meldingar til barnevernet i perioden 01.01.08 - 01.09.08

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Varsel datert 03.07.08
  • E-post frå Fylkesmannen datert 30.09.08 om program for tilsynet og oversyn over saksmapper som tilsynet vil ha framlagt til gjennomsyn

7. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Formøte

Opnings-
møte

Intervju

Sluttmøte

Aalen, Magny

Soneleiar, heimesjukepleie

X

X

 

X

Aase, Linda Elin

Teamleiar, barnevern

 

X

X

X

Bargård, Tone

Sakshandsamar, forvaltning

 

X

X

X

Bjørneklett, Oddbjørg Skjåk

Nestleiar, sosialtenesta

 

X

 

X

Borge, Roger

Skulelege

   

X

X

Bergan, Tove

Fysio- og ergoterapitenesta

X

X

 

X

Guttormsen, Laila

Einingsleiar, butenester ffh

X

     

Hagebø, Mads

Sosialsjef

X

X

X

X

Hornæs, Anne- Lise

Spesialrådgjevar, BHO

X

   

X

Kayser, Helene

Barnevernkurator

 

X

X

X

Kjellevold, Ellen

Koordinator, psyk. helse

 

X

X

X

Larsen, Hilde S.

Gruppeleiar, mottak

 

X

X

X

Moe, Helga Wigestrand

Einingsleiar, helsestasjon og skulehelsetenesta

X

X

X

X

Nilsen, Gunvor

Barnevernsjef

X

X

X

X

Nordvik, Nina

Helse- og sosialrådgjevar

X

X

X

X

Rande, Jørn

Einingsleiar, psyk. helse

 

X

 

X

Rørtveit, Beate

Kst.einingsleiar, psyk.helse

X

X

X

X

Sampson, Ingrid

Rådgjevar, BHO

X

X

 

X

Stene, Marit

Helsesøster

   

X

 

Strøm, Marit

Seniorrådgjevar, BHO

X

X

 

X

Tveit, Hilde

Sosialkurator

 

X

X

X

Wilhelmsen, Ann Wigdis

Einingsleiar, forv. eininga

X

X

X

 

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Jarle Landås, Eirik Lyssand og Laila Nordheim Alme