Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland gjennomførte i perioden 16.09.08 – 29.09.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Lindås kommune.

Tilsynet omfatta tjenester og tiltak til utsette barn i skolepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn rette tiltak og tjenester til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Under tilsynet vart det påpeikt eitt avvik:

Lindås kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad samarbeid om utsette barn mellom barnevern- sosial og helsetenesta når det gjeld å fange opp, utgreie behov og gjennomføre tiltak.

Dato: 13.10.08

Jarle Landås
revisjonsleiar
Laila Nordheim Alme
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 16.09.08 – 29.09.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Hordaland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel ble utsendt 03.07.08. Oversikt over dokumenter verksemda har sendt i samband med tilsynet er gitt i kapittel Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 23.09.08.

Intervju
14 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 29.09.08.

3. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte:

Kommunen sikrar at behov for samordna tenester blir fanga opp og nødvendige tenester blir ytt til rett tid

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenesta si undersøking/utgreiing inneber vurdering av behov for andre tenester og at tenestene samarbeider i utgreiinga og følgjar opp barna/foreldra

Kommunen sikrar at helse- sosial- og barneverntenestene ved behov informerer kvarandre og samarbeidar om gjennomføring av tenestene

Utsette barn vil i denne samanheng seie barn og unge som ved tilbaketrekking, utagering, rusmisbruk eller på annan måte viser ved sin oppførsel at de har behov for samordna bistand frå helsetenesta, sosialtenesta eller barnevernet. Utsette barn kan også inkludere barn som har behov for samordna bistand på grunn av foreldra si åtferd eller situasjon.

Tilsynet omfatta og undersøking av om barnevernet og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år.

Kommunen skal gjennom internkontroll sikre at tenestene er i samsvar med lovkrav. Kommunen må mellom anna sørgje for klar ansvarsdeling, tilstrekkeleg kompetanse, tilstrekkelege rutinar for samarbeid og at det blir gjort risikovurdering og at tenestene blir evaluerte.

Tilsynet undersøkte mellom anna om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna og om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det.

4. Funn

Det vart gitt eitt avvik:

Lindås kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad samarbeid om utsette barn mellom barnevern- sosial og helsetenesta når det gjeld å fange opp, utgreie behov og gjennomføre tiltak

Avvik frå: barnevernlova §§ 2-1 og 3-2, jf § 3-1, 1 og 2. ledd, og § 1-1, sosialtenestelova §§ 2-1, 2. ledd og 3-2, kommunehelstenestelova § 1-4, 2. ledd, forskrift om kommunens helsefremmande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1, 3. ledd, forskrift om internkontroll helsetenesta og sosiale tenester § 4 bokstav c, d, f og g og forskrift om internkontroll for barneverntenesta § 4 bokstav c, d, f og g.

Kommentar:
Kommunen har ansvar for generell førebyggjande verksemd, jf bvl § 3-2, 1. ledd og barneverntenesta har eit spesielt ansvar for å avdekke problem så tidleg at tiltak kan setjast inn for å unngå varige skadar. Føremålet med barnevernlova er mellom anna å sikre rett teneste til rett tid, jf barnevernlova § 1-1. Sviktande samarbeid kan føre til at dette ikkje blir oppfylt i det einskilde tilfellet.

Kommunen skal gjennom internkontrollen på områda barnevern, helse og sosial sikre at lovverket på områda blir følgt. Internkontroll inneber mellom anna at det skal føreliggje tilstrekkelege tiltak for å førebyggje, avdekke og rette opp brot på lova. Retningslinjer for samarbeid om utsette barn er sentralt. I kva grad retningslinene skal vere skriftleg må vere etter eit vurdert behov i kommunen. Manglande oppfatning av korleis eiga og andre einingar skal arbeide og samarbeide kan føre til at behov for hjelp frå aktuelle einingar ikkje blir fanga opp eller vurdert. Eventuelt kan fleire einingar yte tenester til same person utan at nødvendig eller hensiktsmessig samarbeid vert etablert. For skolehelsetenesta er det forskriftsfesta at dei skal ha rutinar for samarbeid med fastlegar og kommunale tenester, jf forskrift om kommunens helsefremmande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1, 3. ledd. Tverrfaglege fora for å ta opp samarbeidsstruktur og konkrete sakar som er anonymisert eller etter samtykke om oppheving av teieplikt er eit viktig grunnlag for samhandling og samarbeid. Ved innhenting av samtykke må det gå klart fram kven som har samtykka til å gi ut kva informasjon til kven. Evaluering av tenesta (her samarbeidet) og evt. tiltak for å rette opp svikt er og sentralt i internkontrollarbeidet.

Melding til barneverntenesta kan gi grunnlag for samarbeid når det gjeld den enkelte og generelt. Tilbakemelding til melder om at melding er mottatt og at den vil bli følgt opp vil skape eit betre grunnlag for samarbeidet. Departementet har såleis uttalt at barneverntenesta alltid bør gi tilbakemelding til melder om at meldinga er mottatt og at den vil bli følgt opp i medhald av barnevernlova (rundskriv Q-24).

Tiltaksplanar skal utarbeidast samstundes med at det blir fatta vedtak om hjelpetiltak og når ungdom blir plassert etter reglane i §§ 4-24 og 4-26. Tiltak frå andre tenester i kommunen og samarbeid med disse skal omtalast i tiltaksplanen når tiltaka og samarbeidet er viktige verkemidler for å nå måla som er prioritert i tiltaksplanen.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje fastsett retningslinjer i dei aktuelle tenestene for samhandling om utsette barn. Det er såleis personavhengig om og på kva måte samarbeid blir oppretta og gjennomført.
  • Kommunen har ikkje styrt praksis for skulehelsetenestas samarbeid med fastlegane og dei andre kommunale tenestene, og har såleis ikkje rutinar i samsvar med forskrift om helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Kommunen har eit forum på einingsleiarnivå (nettverksmøte) der samarbeid blir tatt opp når dette blir meldt som sak. Barnevern og sosial har i liten grad delteke på møta
  • Kommunen har ikkje tverrfaglege fora på sakshandsamarnivå mellom einingane som yter tenester til barn og unge
  • Barnevern har ikkje praksis for å gi tilbakemelding til meldar om mottatt bekymringsmelding
  • Tiltaksplanar er ikkje utarbeidde i alle saker. Utarbeidde tiltaksplanar omhandlar i liten grad etablert samarbeid eller behov for samarbeid som er nødvendig for å nå målet i planen.
  • Samtykke frå brukar til utveksling av opplysningar mellom tenestene blir innhenta anten munnleg eller skriftleg. Ved munnleg innhenting blir det i liten grad skriftleg dokumentert at det er gitt samtykke og kva det er gitt samtykke til.
  • Med unntak av saker der det er etablert ansvarsgruppe er det i gjennomgåtte saksdokument lite som syner innhaldet i etablert samarbeid.
  • Kommunen har ikkje gjennomført evaluering av samarbeidet mellom dei ulike tenestene eller vurdert opplæringsbehovet når det gjeld samarbeid om utsette barn i skulepliktig alder.

5. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

6. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglige drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Oversendingsbrev (e-post)
  • Meldekurs for samarbeidspartnarar til barnevernet – Powerpointpresentasjon Introduksjonskurs for nytilsette i Lindås kommune
  • Strategisk kompetanseplan 2008-2011
  • Organisasjonskart over einingar som rapporterer direkte til rådmann
  • Organisasjonskart for barneverntenesta i Lindås kommune
  • Rutinar knytt til deling av barneverntnesta
  • IPLOS-tenester
  • Oversikt over tilsette - bestillarkontor
  • Oversikt over tilsette – eining for psykisk helse
  • Lågterskel kommunepsykolog i Lindås
  • Tidleg innsats – ei orientering
  • Individuell plan – handbok for brukar sin personlege koordinator – mal for IP
  • Årsmelding 2007 – Lindås kommune
  • Stillingsskildring – heimetenesta
    - Einingsleiar
    - Ass. einingsleiar
    - Avdelingsleiar
  • Stillingsskildring - sjukeheimstenesta
    - Einingsleiar
    - Ass. einingsleiar
    - Avdelingsleiar
  • Stillingsskildring - tenester for funksjonshemma
    - Einingsleiar
    - Ass. einingsleiar/fagkonsulent
    - Avdelingsleiar
  • Stillingsskildring – bestillar- og tenestefaktureringskontor
    - Kontorleiar/koordinator
    - Stillingsskildring – somatiske tenester
    - Einingsleiar
  • Stillingsskildring – psykiatritenester
    - Einingsleiar
  • Stillingsskildring – barneverntenesta
    - Einingsleiar
  • Delegasjonsvedtak til einingsleiarane ved bestillarkontoret, einingane for psykiske tenester, somatiske tenester og barneverntenester
  • Leiaravtalar – eining for psykiske tenester og eining for somatiske tenester

Dokumentasjon som ble gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Journalar/saksmapper frå skulehelsetenesta på alle barn der det i 2008 har vore samarbeid mellom skulehelsetenesta og barnevernet
  • Saksmapper i alle saker frå sosialtenesta der det i 2008 er etablert eller pågår samarbeid med barnevernet om familien
  • Saksmapper i siste 5 saker frå sosialtenesta der det er klientar som har fått utbetalt sosialstønad fleire gonger siste året og som har dagleg omsorg for eigne barn i skulealder
  • Saksmapper frå sosialkontoret frå 2008 med søknad om økonomisk stønad der straumen er stengt og der det er barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper for dei siste 5 sakene med to eller fleire naudhjelpsvedtak siste året til personar med barn i skulepliktig alder i hushaldninga
  • Saksmapper frå sosialkontoret med tenester i 2008 til rusmiddelmisbrukarar med heimebuande barn i skulepliktig alder
  • Alle saksmapper siste to åra frå sosialtenesta der det har vore overgang frå barnevernet til sosialtenesta
  • Saksmapper frå alle saker i 2008 frå psykiatritenesta med tenester til foreldre med dagleg omsorg for barn i skulepliktig alder
  • Saksmapper frå alle saker i barneverntenesta i 2008 der det er etablert samarbeid med skulehelsetenesta, eining for psykisk helse og eller sosialkontor
  • Alle saksmapper frå 2007 og 2008 frå barnevernet der vedkomande fylte eller fyller 18 eller 23 år i løpet av perioden
  • Oversikt over meldingar til barnevernet i 2008 frå sosialtenesta, psykiatritenesta og skulehelsetenesta
  • Prosedyreperm frå skulehelsetenesta
  • Referat frå nettverksmøte frå mars, april, mai og juni 2008

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 03.07.08
  • E-post frå Lindås kommune datert 08.09.08, 09.09.08 og 23.09.08 med oversending av dokument
  • E-post til Lindås kommune med oversyn over saksmapper som tilsynet vil ha framlagt til gjennomsyn
  • E-post frå Fylkesmannen til Lindås kommune datert 17.09 om program for tilsynet

7. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Brunbord, Leidulv

Kommunepsykolog

X

X

X

Fanebust, Kari

Einingsleiar barnevern

X

X

X

Gundhus, Jorunn

Rådgiver, barnevern

X

X

Haugland, Elisabeth

Miljøterapeut eining for psykisk helse

X

X

Helle, Liv Taule

Einingsleiar sosial

X

X

X

Hindenes, Gro Irene

Sosialkurator sosialtenesta

X

X

Jordal, Anne Kristin

Lege, skolehelsetenesta

X

Mjøs, Karin

Einingsleiar psykisk helse

X

Nesheim, Ingunn

Helsesøster

X

Synnevåg, Tone

Sosialkurator/nestleiar sosialtenesta

X

X

Sæbdal, Reidun

Einingsleiar somatisk

X

X

X

Sætre, Terje

Rådgjevar

X

X

X

Søvik, Øistein

Rådmann

X

Warberg, Helge

Fagleiar, barneverntenesta

X

X

X

Osvåg, Magni Fossaskaret

Fagleiar helsestasjon

X

Kopysiewicz, Tove H.

Psykiatrisk sykepleier

X

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Laila Nordheim Alme, Eirik Lyssand og Jarle Landås